Ingeborg Sundrehagen Raustøl som Cally, av Ruth Lillegraven. Foto: Dag Jenssen

Kva gjer vi med Cally?

Stykket om Cally er godt, men tar Det Norske Teatret den første kvinnelege teatersjefen sin som også var nazist, inn i varmen? Tar dei ho på alvor?

CALLY

Ruth Lillegraven

Regi: Maren E. Bjørseth

Scenografi og kostymekonsept: Katja Ebbel Fredriksen

Dramaturg: Matilde Holdhus og Ingrid Weme Nilsen

Det Norske Teatret, Scene 3

noregspremiere 8. mars 2018

På sjølvaste kvinnedagen har CALLY premiere. Det er nok fleire enn meg som aldri har høyrt om denne kvinna før. For over 100 år sidan blei ho ei stjerne i norsk kulturliv. Cally Monrad som levde mellom 1879 og 1950, var songarinne, dramatikar, forfattar, skodespelar og regissør. Som songarinne blei ho feira i Stockholm og København, og ho song i Berlin, som på denne tida var verdas kulturhovudstad. Sjølv om ho ikkje blei verdsberømt, blei ho i si tid popstjerne i Norden. Ho var ein kompromisslaus kunstnar som på grunn av at ho blei nazist, no er gløymd.

Ny norsk dramatikk

Ruth Lillegraven har skrive stykket i samarbeid med Dramatikkens hus. Det er prisverdig at det blir sett opp nyskriven dramatikk i desse tider då det blir sett opp stykke etter stykke basert på romanar. Det er likevel spor av roman i Lillegravens tekst, ho nyttar passasjar frå Monrads roman Petju frå 1922, dette er med på å gi stykket eit autentisk preg. Dette var Noregs første okkulte roman. Han minner ørlite om Ragnhild Jølsens litteratur. Romanen blei sett på som Cally Monrads sjølvbiografi og blei svært populær då han kom ut, sjølv om han visstnok blei slakta av kritikarane. Lillegravens stykke er òg ein slags biografi over denne kvinna som er blitt framand for oss. Kanskje nettopp fordi livet hennar var så mangfaldig – ho gjekk frå å vere ein feira kunstnar til å vere ei som ein fjerna alle spor etter – er det biografiske grepet fint.

Oppgjer?

Oppsetjingane på Scene 3 på det Norske Teatret er kjende for å gjere mykje ut av lite når det gjeld kostyme og scenografi. Denne gongen heng det svære kvite plastpresenningar som sceneteppe. Callys kostyme er overdådige, barokke kjolar i stoff som minner om plast det òg. Eit flygel står på scena, Petter Winther er både skodespelar og musikar her, han støttar saman med Espen Reboli Bjerke og Eivin Nilsen Salthe godt opp under spelet til Ingeborg Sundrehagen Raustøl som har hovudrolla som Cally. Dei gjer alle ein framifrå jobb med å presentere denne noko mystiske kvinna. For dette er meir ein presentasjon av Cally Monrad enn eit oppgjer med henne – eller?

                  Alt startar med at Ingeborg Sundrehagen Raustøl som Cally står framme på scena og gjer greie for handlingane sine under krigen. Ho seier noko sånt som: «Eg tykte Quisling var modig, nokon måtte ta ansvar», og «etter krigen klandra eg meg sjølv og beklagar dei feila eg har gjort». Vi er ved kjernen i saka. Det er nettopp dette at ho var nazist som gjer at det er så vanskeleg å ha sympati for henne.

Eit uvanleg kvinneliv

Prestedottera Ragnhild Caroline Monrad blei alltid kalla Cally. Ho ville syngje. Ho utdanna seg i Dresden. Ho hadde visstnok ingen stor stemme, seier somme, mens Norsk Biografisk Leksikon skriv: «Kombinasjonen av en gyllen, varm mezzosopran, fremragende innlevelse og foredrag og en personlighet med islett av mystikk, fikk kjente størrelser i musikklivet som Wilhelm Peterson-Berger og Wilhelm Stenhammar til å ta frem de store superlativene i karakteriseringen av hennes sangkunst». Ho passa uansett rett inn i romansesongen som var på moten rundt år 1900. Bjørn Bjørnson var sjef på Nationaltheatret. Han gav ho jobb der. Ho song Griegs og Garborgs Haugtussa, det blei gjennombrotet hennar. Ho gifta seg heile fire gonger og fekk fire barn, tre av dei vaks opp. Men songen og kunsten hennar var det viktigaste i livet hennar. Ho levde som ein mannleg kunstnar. Ho var med på alle dei nye teknologiske nyvinningane, ho var med i film og radio, ho var med på dei hottaste trendene, mellom anna okkultismedyrkinga. Ho var med der det skjedde og ho fekk kunstnarlønn. Stykket fortel at karrieren hennar var på veg ned då ho møter Vidkun Quisling, han viser seg å vere naboen hennar og som ho opptatt av okkulte religiøse rørsler.

Sjefen sjølv

I 1942 blei sjefen ved Trøndelag Teater Henry Gleditsch skoten av nazistane. Det var innført sensur på teatra og dødsstraff for å spreie antinazistiske meiningar. Etter at Knut Hergel, Hans Jacob Nilsen og Gunnar Reiss-Andersen var flykta til Sverige sto stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret ledig. Cally Monrad var då leier ved teaterutdanninga som Nasjonal Samling hadde etablert, ho var òg medlem av NS og ho får tilbod om stillinga. Ho seier ja og blir den første kvinnelege teatersjefen i Noreg. På Det Norske Teatret heng det portrett av alle teatersjefane, men ikkje av ho. Ho blei benåda etter krigen på grunn av sjukdom og døydde ikkje mange år etter. Ho blei – visstnok etter eige ønskje – gravlagt i ei umerka grav.

Vanskeleg

Oppsetjinga viser kor vanskeleg dette er. Historia om Cally Monrad er fascinerande, men forstår vi meir av henne etter dette? Sjølve stykket og oppsetjinga fungerer godt, og er som teaterframsyning vellukka. Ingeborg Sundrehagen Raustøl speler Cally Monrad fint, men ho gjev ingen svar. Ho syng godt og står som eit naturleg og sterkt midtpunkt i oppsetjinga. Men både ho og stykket ser på Cally med ein slags distanse. Vil dei ikkje vedkjenne seg henne? Det heile blir tåkelagt. Ja, ho var sterk og flott, eigenrådig og eksperimenterande, ein kompromisslaus kunstnar, men blir ho tatt inn i varmen? Knut Hamsun fekk eit slags oppreising etter krigen fordi han var ein stor kunstnar. Kan ein samanlikne Cally Monrad med Hamsun? Det Norske Teatret tar ikkje stilling her. Men dei viser fram historia på ein grei måte. Sjølv om dette er fiksjon, er han knytt så tett på ei faktisk livssoge at det biografiske kjem i framgrunnen. Vi får òg autentiske bilete av Cally Monrad på bakteppet og vi høyrer opptak av songen hennar. Stykket vekkjer nye spørsmål. Tar vi ho alvorleg? Blir ho latterleggjort? Har det noko med kjønn å gjere? Er det mogleg å tilgje ein nazist?