Jon Fosse og Lars Norén. Foto: Erik Berg

Jon Fosse: Ein vegg er borte

– Lars Norén hadde ikkje noko eige «ytre» teaterspråk, kanskje ikkje, men han hadde denne forunderlege og uskjønelege evna til å få alt han skreiv til å bli scenisk verknadsfullt, seier Jon Fosse. No er det som ein vegg, eller eit fundament for teatret, er borte.

–  Det var trist å høre om Lars Noréns bortgang. Visste du at han var syk?

– Eg forstår det slik at han var korona-sjuk i fleire veker før han døydde, og det visste eg ikkje. 

– Det er jo en skandale hvis det kunne vært unngått med bedre smittevernstiltak.

– Er vel umogeleg å vita. Men sidan han hadde kols hadde han jo såkalla «underliggjande sjukdom». Og det er jo ingen tvil om at dei svenske dødstala er skremmande mykje høgare enn dei norske.

Ein skilsetjande oppleving

–  Du har fortalt at en iscenesettelse av Nattverden på Det Norske Teatret gjorde sterkt inntrykk på deg, lenge før du selv var dramatiker eller overhode interessert i teater. 

– Det var nok det første møtet mitt med Norén. Og for meg var det nok ei skilsetjande teateroppleving. Det vel den første verkeleg sterke teateropplevinga mi. Eg budde då i Oslo, var redaktør for sivilarbeidaravisa (Militærnekteren, no nedlagd). Det var ein mørk haustkveld, og meir eller mindre tilfeldig kjøpte eg nok billett til denne framsyninga. Eg hugsar at det var mørkt og trist ute, og at vi var svært få i den store teatersalen. Det må ha vore på hovudscenen. Men så skjedde det liksom noko. Ja spelet tok av, litt som eg har skildra i Andvake, at felespelet til Asle tok av. Ingenting var stivt og «teatralt» (på feil måte – slik eg ofte opplevde teater). Det var ein slags «litterær» og djupt menneskeleg «musikk» som falda seg ut, svart, men òg opplyftande.

Etter den tid har eg både sett og lese mange Norén-stykke, pluss at eg har lese lyrikken hans. Ein del av den første dagboka har eg òg lese (sjølvsagt også fordi eg er med der sjølv, om eg er omtalt i dei seinare det veit eg ikkje).


Bjørn Floberg og Ragnhild Hilt i Nattverden. Foto: William Mikkelsen


Bjørn Floberg og Bjørn Skagestad i Nattverden, 1985. Foto:  William Mikkelsen

– Kan du huske hva det var som gjorde sånt inntrykk? Oppsetningen og skuespillerne, eller tekst og forfatterstemme?

– Alt i eitt, vil eg vel seia. (regi: Göran Stangertz, medvirkende: Bjørn Skagestad, Bjørn Floberg, Ragnhild Hilt og Unn Vibeke Hol, 1985. Journ. anm.)

Noko heilt eige

–  Senere har dere hatt en hel del med hverandre å gjøre, i hvert fall som oversettere?

– Ja eg omsette fleire stykke av Norén, det lengste var sjølvsagt Personkrins 3.1, og han omsette Nokon kjem til å kome. I samband med produksjonar møttest vi fleire gonger. Vi vart òg intervjua saman eit par gonger (ein av gongen vart teken opp på video og eg fekk i går vita at samtalen var lagd ut på internett igjen. Eg hugsar den som litt ubehageleg, og har aldri sett den videoen). Sjå elles her:

https://www.svd.se/fragorna-var-for-svara—lars-noren-tog-over-min-intervju/om/lars-noren-19442021

Og denne:

https://www.svd.se/han-gav-svensk-teater-en-sjal

– Har dere også samarbeidet mer konkret? 

– Nei. Han sette jo òg sjølv opp i alle fall eitt av sine eigne stykke i mi omsetjing, men vi hadde aldri kontakt rundt produksjonar, eller omsetjingar. Men då eg omsette Personkrins fekk eg mykje hjelp av Svante (Aulis Löwenborg), hugsar vi sat ein dag eller to i Göteborg der Svante forklarte meg all slangen som er med i stykket.

Eg har alltid meint at Norén hadde noko heilt eige som dramatikar, og var av dei beste samtidsdramatikarane. Ein heilt vanleg kvardagsscene skriven av han fekk liksom uansett ein eigen kvalitet. Det er nesten umogeleg å forklara. Det har noko med ei evne til å skriva fram replikkar og dialogar som rett og slett «fungerer» svært godt på scenen. Den same scenen skriven av nesten kven som helst andre ville ikkje ha «fungert», det er eg sikker på. Eg føreslo då òg Norén som vinnar av Den internasjonale Ibsenprisen i alle år.  Men nådde aldri fram. Noko som i alle fall ikkje har styrkt prisen.

Eg føreslo då òg Norén som vinnar av Den internasjonale Ibsenprisen i alle år.  Men nådde aldri fram.

– Og hva slags forhold hadde dere?

– Vi hadde aldri noko «nært» personleg forhold, var ikkje vener. Men uvener var vi heller ikkje. Eg beundra han som forfattar, og han hadde nok òg sans for min dramatikk. Om meg sjølv skriv han vel både det eine og det andre i dagboka si. Men også den er sjølvsagt ein slags litteratur. Eg hadde eit år mange produksjonar i utlandet, mange fleire enn han, og han skriv ærleg og oppriktig at det er «forferdeleg å tenkja på».

Men, når eg tenkjer etter, så var det alltid kjekt og fint å treffast. Har gode minne om alle møta våre. Han var eit godt menneske, spør du meg.

Skandinavisk dramatikk

–  Norén fikk jo verden til å rette blikket mot Skandinavia og skandinavisk teater, før du dukket opp.

–  Ja. Og han gjekk på eit vis opp ei løype som eg kunne følgja. Det var teaterforlaga som representerte Norén som òg representerte meg, f.eks. i Tyskland og i Frankrike, det var til dels dei same omsetjarane, same instruktørane, også til dels dei same teatera. Han gjorde det vel på ein måte mogeleg for andre skandinaviske dramatikarar òg å nå ut i verda.

– Men det er jo en lang vei fra hans urbane «velstandsnevrotikere» til karakterene og stedene dine.

– Tja. I seinare stykke så er jo hans «stader» og «tider» til dels svært så like mine tider og stader, for å seia det slik. Men det er klart at åttitalsstykka hans er langt frå slik eg skriv. Elles meiner eg at han ein stad seier at eit slags grunnleggjande «bilete» for han er oppveksten på eit litt tarveleg hotell foreldra dreiv i Skåne. Ølhallen der, med biljardbord. Norén drakk jo ikkje, eller nesten ikkje, kanskje hadde det med oppveksten på det der hotellet å gjera. Og han var jo ikkje så lite «snobbete», han nøydde seg ikkje med dressar frå Dressmann, liksom.

Alt mogleg språk

– Finnes det likevel noen likhetstrekk som kan knyttes til det nordiske mentale landskapet?

– Det gjer det heilt sikkert. I alle fall sett frå land utanom Norden. Tungsinnet, kanskje. Ei slags stille (ja sjølv i dei verste kranglane hos Norén).


Kirsti Stubø I November, regi: Lars Norén. Det Norske Teatret 2001. Foto:  Erik Berg

Eg ser forresten at det nyleg kom ut ei bok om europeisk dramatikk der vi blir omtalte saman, og der vel spørsmålet i teksten kan likna på ditt:

https://www.amazon.co.uk/Contemporary-European-Playwrights-Maria-Delgado/dp/1138084220/ref­sr_1_1?dchild=1&keywords­Contemporary+European+Playwrights&qid=1611725726&sr=8-1

– Hvordan vil du karakterisere ham som dramatiker?

– Som eit heilt unikt talent. Han hadde ikkje noko eige «ytre» teaterspråk, kanskje ikkje, men han hadde denne forunderlege og uskjønelege evna til å få alt han skreiv til å bli scenisk verknadsfullt, det var så å seia hans «teaterspråk», evna til å ta inn andres språk og på ein måte gjera det til sitt eige. For han tok jo inn alt mogeleg «språk» i stykka sine, noko den eller den hadde sagt, måtar å skriva på henta frå O’Neill, Beckett – og ja faktisk også frå meg, men alt, både språket og «skrivemåtane», forvandla han til sitt eige, til sin eigen sceniske musikk.

Eit teater som tvinga seg fram

– Og hva er det du setter mest pris på av det han har skrevet? 

– Vanskeleg å seia. Nattverden, sidan det var det stykket som gjorde så stort inntrykk på meg. Personkrins er jo òg eit heilt utruleg stykke. Men Norén skeiv og skreiv. Og han har nok skrive ein haug av stykke som korkje er framførte eller utgjevne. Han var på ein måte utan språk, og skrivinga gav han språk,  og kanskje ein slags kontakt med «verda», for å seia det slik. Og det seier seg sjølv at han skeiv betre og dårlegare. Mitt inntrykk var at om eit stykke han skreiv ikkje vart noko særleg, så gjorde han ikkje meir med det, men skreiv eit nytt.

– No han er borte er det som ein vegg, eller som eit fundament, for teateret er borte. Ikkje minst i desse tider då «påfunnsteateret» er så dominerande. Hans dramatikk, hans teater, var det motsette, det var eit teater som tvinga seg fram, liksom. (Publisert 27.01.2021, oppdatert kl. 15.58 med flere bilder.)