Tante Ulrikkes vei, Det Norske Teatret 2019. Foto: Erika Hebbert

Tante Ulrikkes vei som direktestrøyming

Det Norske Teatret har nådd langt med direktestrøymingar av teaterframsyningar. No blir også Zeshan Shakars prisløna roman Tante Ulrikkes vei tilgjengeleg over heile landet, 23. april. Pressemelding her:

Samtidig som smitteverntiltaka held fram i hovudstaden og det ikkje er tillate å spele for eit fysisk publikum, deler Det Norske Teatret nok ei ny framsyning som direktestrøyming.Tante Ulrikkes vei hadde urpremiere som teater på Rommen Scene i Groruddalen i 2019, og har fram til koronarestriksjonane sette ein stoppar for det, spelt både der og på Scene 2 for fulle hus. 

Oppvekst og klasse

Tante Ulrikkes vei følger vi to unge gutar frå Stovner sin kamp for eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.

TANTE ULRIKKES VEI
av Zeshan Shakar
DIREKTESTRØYMING 
FREDAG 23. APRIL KL 20.00
ONSDAG 28. APRIL KL. 20.00   (Pressemelding15.04.2021)

Les Hedda Fredlys anmeldelse i shakespearetidsskrift.no her:

http://shakespearetidsskrift.no/2019/08/hva-er-vitsen-med-vaere-snill-li...