«Den kvite pesten», i regi a Peer Perez Øyan, Det Norske Teatret, mai 2021. Foto: Maiken Mathisen

Direktestrøyming om pest og makt

Vinteren 2021 snubla regissør Peer Perez Øian over manuset til «Den kvite pesten» i teaterets arkiv. Kan dette stykket frå 1937 seie oss noko om det vi har vore igjennom det siste året? Gjennom ei leiken utforsking - med manus i handa - vil skodespelarar og regissør forske i nett dette.

Regissøren Peer Perez Øian meiner stykket viser korleis pandemien gjer at antidemokratiske strøymingar får grobotn, ein kan spore diktatoriske tendensar

Den kvite pesten

av Karel Čapek
DIREKTESTRØYMING
ONSDAG 12. MAI KL. 20.00
I STOVA DI

hos fleire leiarar, det herskar politisk uro og pressa og vitskapen blir gjort til ideologiske slagmarker, også i dag. Gjennom åtte dagar har Øian og dramaturg Anders Hasmo utforska materialet saman med åtte skodespelarar, med manus i handa. Dette er altså ikkje ei ferdig teaterframsyning med åtte vekers prøvetid, men ein upolert og spontan gjennomgang av ein tekst som var for god til å la ligge under dei rådande tilhøva.

Pest og krig

Karel Čapeks stykke, som handlar om ein fiktiv pandemi, blei skrive i ei uroleg tid da krigen truga i Europa og braut ut to år seinare. Tsjekkoslovakia, heimlandet til dramatikaren, var eit demokrati inneklemt mellom diktaturstatar og frykta dei politiske strøymingane frå utsida. Samtidig var spanskesjuka, pesten som herja på 20-talet, friskt i minne hos folket.

I samtida blei stykket lesen som eit antikrigsstykke og eit kraftig angrep mot diktaturstatane. Dokteren Galén finn kuren mot pesten som herjar landet, men nektar å avsløre hemmelegheita utan at den diktatoriske leiaren lovar å legge ned alle våpen. Galén vil ikkje kurere folk for at dei skal bli sendt ut på slagmarkene!

På Det Norske Teatret i 1937

Stykket blei raskt plukka opp av Det Norske Teatret og blei sett i scene same året som det vart skrive med ei rekkje av våre legendariske skodespelarar på rollelista, mellom andre Edvard Drabløs, Ingjald Haaland, Kåre Wicklund, Lars Tvinde, Einar Tveito, Harald Heide Steen d.e., Alf Sommer, Henny Skjønberg og Pehr Quernstrøm. Regien var ved teatersjef Knut Hergel, som sat i sjefsstolen inntil den norske NS-regjeringa sette inn ein NS-vennleg teatersjef i 1942. 

Les meir om Den kvite pesten på nettsidene våre. (PM 10.05.2021)