Ola Furuseth som Adam i «Den knuste krukka». Regi: Johannes Holmen Dahl. Foto: Dag Jenssen

Enkelt, presist og velspelt

«Den knuste krukka» på Det Norske Teatret sit som ei kule. Det gamle stykket er småvittig, men – tragisk nok – framleis aktuelt.

Den knuste krukka av Heinrich von Kleist blei skrive i 1808 og er ofte sett opp, spesielt i Tyskland. Innhaldet er tragisk, men ikkje utan håp, og forma er farse-aktig – kanskje denne blandinga er noko av grunnen til suksessen? Johannes Holmen Dahl lar teksten vere i framgrunnen. Regien hans er enkel, tett og nesten minimalistisk. Skodespelarane er heilt framifrå – dei skapar ei fyldig verd av stykket.

Lese mer?
Jeg er abonnent Jeg er ikke abonnent
Logg inn Bli abonnent