
Kjærleiken, og det store mørkret
Luk Percevals versjon av «Trilogien» under Den Internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret er mørk og suggererande. Gjertrud Jynge gjer eit meir enn framifrå arbeid som hovudpersonen Ales.
Jon Fosse vann Nordisk råds litteraturpris for Trilogien i 2015. Dei tre delane i boka er Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, dei dreier seg rundt livet
til kjærasteparet Asle og Alida, to sårbare, men heilt vanlege menneske i ei hard, hard verd. Oppsetjinga på Det Norske Teatret er òg delt i tre. I Luk Percevals regi er det Gjertrud Jynge som den gamle Ales, dottera til Alida, som manar fram historia gjennom ein nærmast indre monolog som strøymer uavlateleg.
Mørke og vatn
Det er mørke, vatn og skodde over alt. Det store scenegolvet på hovudscenen på Det Norske Teatret er gjennomvått, det ser ut som om det nettopp har regna. Ei skoddesky ligg permanent over scenen dei over tre timane framsyninga varar. Båtformar ligg med kjølen opp. Alt er mørkt. Det er som ein seinhaustkveld på Vestlandet, eller på kysten ein stad nord i verda. Annette Kurz står for scenografien. Ho har arbeidd saman med Luk Perceval i 20 år. Det at båtane ligg snudd gjev ei kjensle av at vi er under vatn i ei omvendt verd. Skodda og mørkeret ligg tungt over oss. Menneska blir små her. Verda er hard og brutal og full av smerte, er dette ei verd for levande menneske? Held menneska ut dette livet? Kanskje ikkje.
Panta rei – alt flyt
Ales er hovudpersonen i «Kveldsvævd», den siste boka i Trilogien, men her blir ho ein gjennomgangskarakter i heile stykket. Ho er gamal, bur aleine og snakkar med seg sjølv. Vi får ikkje vite så mykje om hennar eige liv, utanom at ho har fått seks barn det har gått bra med. Ales ser bakover mot barndomen sin. Ho snakkar med mor si, Alida, som har vore daud i mange år allereie. I boka er det ikkje punktum, sa vidt eg veit, det er det ikkje i talen til Ales heller. Alt går som ein straum. Ikkje berre ein medvitsstraum, men kanskje like gjerne ein undermedvitsstraum. Jynge spelar Ales som ei krokut kvinne med ein høgre arm som ristar sjukeleg. Ho stabbar over golvet og klatrar på dei kvelva båtane. Ho er stort sett i konstant rørsle. Og tankane, monologen, går og går. Ho ser eigentleg ikkje på oss eller på nokon av medspelarane. Det er som om ho ser innover i seg sjølv. Det er ei stor og vanskeleg skodespelaroppgåve. Jynge har kjempemykje tekst og det å få dette lasset av tekst over til publikum gjennom ein slik straum av indre monolog er sanneleg ikkje lett. Den rutinerte Jynge klarar dette særs godt. I samtala før framsyninga fortel Jynge at i arbeidsprosessen har dei jobba med å kaste ballar til kvarandre – når du tek imot ballen kjem du med teksten din. Dette kan sjå ut som ei nyttig trening for eit slikt tekstarbeid. For om ein ikkje er heilt på i tekstarbeidet absolutt heile tida i dette stykket er det nok stor fare for at alt fell og nokon kjem til å sovne. Men altså, inga fare, Jynge og kompani held merksemda vår fanga heile vegen. Jynge snakkar vestlandsk her, det kler dette materialet godt.

Den heilage familien
Det er umogleg å ikkje sjå bibelallegorien i denne forteljinga om det smerteleg unge paret som leitar etter husvære i byen Bjørgvin seinhaustes – Asle (Christian Ruud Kallum) og Alida (Madalena Sousa Helly-Hansen) er berre 17 år. Alida skal snart føde. Dei er desperate. I bibelsoga var Maria berre 15 år då ho fødde Jesus – eit barn som fødde eit barn. Maria og Josef gjekk òg rundt i ein framand by og leitte etter hus. Det er òg noko raskolnikovsk over den unge Asle, han drep av rein desperasjon og står på ein måte utanfor samfunnsmoralen. Christian Ruud Kallum og Madalena Sousa Helly-Hansen er sjølv unge og kler rollene som Asle og Alida. Dei spelar kjærleiken dei har til kvarandre og den barnlege livsgleda fint. Kjærleiken deira blir eit lysglimt i den elles trøysteslause verda.
Den songen dei kallar kjærleik
Luk Perceval snakkar i samtala før Trilogien om kjærleikstraume som finnast i mange familiar. Her er både Asle og Alida forletne av foreldra sine. Kvinnene er forletne av menna sine – anten har dei berre reist, eller dei har drukna på havet. Er det dette kjærleikstraumet som gjer at Alida tek livet av seg? Kjærleiken bind Asle og Alida samen, han held dei oppe, og tapet av han blir for tung å bere i lengda.
Og familiehistoriene gjentek seg. Det er nesten noko deterministisk over dette. Fleire gonger kjem eg til å tenkje på Amalie Skram og dei hardt prøva menneska i dei naturalistiske bøkene i serien Hellemyrsfolket. Asle rotar seg vekk. Det er noko dyrisk og barnleg over han. Han er meir styrt av drifter enn tankar. Som om han er eit lite barn ser han ikkje konsekvensane av handlingane sine. Den verda han møter i Bjørgvin når han sel fela og skal kjøpe den finaste, finaste gåva til Alida, er stygg og brutal. Jenta (Julie Moe Sandø) som trenger seg på han, spelar bokstaveleg talt berre med kjønnet sitt – det er rått og kjærleikslaust. Menneska i byen er kjenslelause og vonde, Lasse Kolsrud, Marianne Krogh og Unn Vibeke Hol gjev dei kjøt og blod der dei gnikkar og gnur og vassar rundt i den nærmast mytologiske byen Bjørgvin. Åsleik (Jon Bleiklie Devik) tek Alida til seg meir fordi han treng nokon til å arbeide på garden, enn av kjærleik. Han er ikkje vond, men eit noko enkelt menneske.

Gjentaking, gjentaking
Ales er knytt til historia si gjennom trådar på trådar av minne som kvernar rundt i hovudet på henne – slik vi alle er bundne til oss sjølve gjennom band og trådar av røynsler og reaksjonar, tankar og traume, som malar rundt i våre eigne hovud. Som ein straum går tankane og på Fosse-vis gjentek og gjentek og gjentek dei seg. Det er noko rørande og særs menneskeleg over denne repetative tankeflaumen til Ales. Det understrekar òg den einsemda vi alle lever i, og det eineståande i å vere nettopp den kvar og ein av oss er. Mennesket i denne Fosse-verda endar ikkje livet sitt i jorda, det endar i havet. Døden er her mjuk, kjærleiksfull og omfamnande som vatnet, som havet. Panta rei. (Publisert, 08.09.2019)
Se også Niels Lehmanns analyse av Jon Fosses romantrilogi, og intervju med Luk Perceval i siste utgave av Norsk Shakespearetidsskrift (nr. 2-3 2019)