Gard Skagestad og Morten Svartveit i «Sigd» av Ruth Lillegraven, Scene 3 Det Norske Teatret 2019. Foto: Dag Jenssen

Livsdansen, mest i moll

«Sigd» av Ruth Lillegraven på Scene 3 på Det Norske Teatret blir vellukka mykje på grunn av det fysiske uttrykket til skodespelarene. Det er Magnus Myhr som har vore koreograf. Somme parti blir likevel noko langdryge.

De tre skodespelarane (Morten Svartveit, Kjersti Odden Skjeldal og Gard Skagestad) kjem slentrande inn på scenen i kvardagsklede medan lyset er på og publikum sit og småsludrar. Skodespelarane ser på oss, dei fangar merksemda vår. Gard Skagestad startar med nokre hopp og spring, med folkedanspreg. På det gjennomskinlege, svarte bakteppet er det nokre enkle, kvite strekar som rissar opp vestlandsfjell for oss. Strekane er i slekt med Jan Groth sitt sceneteppe på hovudscenen. Scenerøyk sig inn og minner om fuktig vestlandsskodde.

Lese mer?
Jeg er abonnent Jeg er ikke abonnent
Logg inn Bli abonnent