Solrun Toft Iversen, teatersjef ved Det Vestnorske Teater, foran scena i Logen, Bergen Foto: Det Vestnorske Teater.

Etterlyser kulturpolitikk under pandemien

I samband med smitteoppblomstringa i Bergen vert teater og kulturaktørar ramma hardt av nye tiltak. No treng vi snakke om korleis vi kan oppretthalde trygge arenaer for det offentlege fellesskapet under pandemien. Mykje står på spel dersom vi mistar det gjennom denne krisa, skriv teatersjef Solrun Toft Iversen.

La meg byrje denne tankerekka med å vedkjenne; eg er teatersjef. Eg er ansvarleg for kunstnarlege utsegn, forvaltar av ein institusjon som skal vere relevant i si samtid.  Ein samlingstad der vi kan resonnere i lag. Ofte inneberer det å kjenne på sjølve livet sin forgjengelegheit. Det er ikkje mindre enn det. Det er det vi gjer, eg og ei rekke kollegaer med meg. Og det opplevast meir presserande no enn nokon sinne. Vi står alle i ein humanistisk beredskap i jobbane våre. Vi skal vere budde på å forsvare dei husa vi forvaltar som bastionar for fellesskap og sivilisasjon. Vere budde på despotar, okkupasjon og sensur. Men var vi budd på dette?; At sjølve kjerna av det vi skal forsvare – vår rett til å samlast –  skulle bli det farlegaste vi kunne gjere? Eg veit at eg ikkje var det i alle fall.

Eg trur ikkje eg er åleine om å merke nødvendigheita pulsere i kroppen no. Den feberen som seier at vi må vere der i desse dagane – ikkje vente på at det går over. Vi trengs. Vi må samlast. Men dette kallet vert møtt av ein retorikk som trumfar alt idet vi blir minna om at det står om liv og helse. Vil vi utfordre det? Svaret gir seg sjølv, og vi går lydige og stoiske tilbake til postane våre og held fram etter beste evne – vi brukar alle ressursar vi har på å gjennomføre, gripe momentum i spagaten mellom sviktande inntekt og skjerpa krav til tryggleik. Alt for å gjere oss fortent til tillit. Tillita til at det er trygt å vere hos oss. Tillit til å gjere det vi alle merkar tida krev av oss. Vi held fram medan vi tærer opp alle reservar og ser båtane slå lekk.

Ein må sjå utover den akutte horisonten

På det siste har eg ofte høyrt frasa; dette er ikkje ein spurt, det er ein maraton. Det er ein klisjé, men det er også den sanninga vi må ta inn over oss. Det har kulturbransjen gjort. Vi har med stor respekt for dimensjonane i krisa, respondert med endringsvilje og stort tolmod. Tolmod med tanke på kva horisontar som truar berekraft og kunstnarlege handlingsrom i den næraste framtida. Vi har vore audmjuke for at fokuset på vår etappe ligg lenger ute i løypa og forsøkt å disponere kreftene så godt vi kan.

No er tida inne for å sjå utover den akutte horisonten. Det er fullt forståeleg at ei kriseleiing pressar trongen til å samlast ned i behovspyramida. Eg kan sjå og respektere at det eit parameter vi må kontrollere no. Men kor betimelege tiltaka enn er, så kjenner eg eit rop forme seg inne i meg: «Men kva med OSS i dette?» Når eg spør om det, så er det ikkje kulturbransjen sin utsette posisjon eg peikar på, men sjølve hjarta i det vi jobbar for, –  eit større oss. Kva med samfunnet sitt behov for å søke saman og i siste ende faktisk utvikle sivilisasjonen vår i takt med det vi no opplever?

Når fleire kunstnarlege leiarar går ut og ber om dialog med myndigheitene for å møte dei akutte utfordringane dei står i no, så handlar det om meir enn å verne eigne livsverk, tilsette og engasjerte sine jobbar. Det handlar om vår mogelegheit til å kunne samle folk og vere det eit teater skal vere. Vi kjenner ansvar for at vi alle skal komme igjennom dette med felles samfunnsverdiar i behald; utdjupa, kvessa og nyanserte. Sjansane for det er betinga av møteplassane, der vi saman kan kjenne grunnfjellet stå der og ta inn over oss i lag, –  at det no er i rørsle. Gløyme, puste og hugse. Innsjå. Som eit klokare og sterkare samfunn. Difor må vi arbeide for ei framtid som har sivilisasjonen sine bastionar ikkje berre ståande intakte, men styrka gjennom desse prøvingane. Så mykje er truga no, la oss vere veldig merksame på kva vi må verne.

Eit mannefall i kulturbransjen

For vi står overfor eit mannefall i kulturbransjen. Ringverknader og konsekvensar av nedstengingane er belyste og artikulerte av mange av oss. Samlingsplassane og spennet i offentlege ytringar og felles opplevingar vil verte forringa. For kvar scene, kvar institusjon som bærer konsekvensane av generelle restriksjonar, aukar byrda på kulturpolitiske støttepakkar proporsjonalt. Tiltaka som regulerer oss kan enno ikkje ta høgde for skilnad i reell smittefare på ulike arenaer og ulike arrangement. Såleis treff dei presist og tryggande nokre stadar, men rammar andre med for hard hand. For kvar speledag som går mistar vi viktig terreng i ein ressurssituasjon som er desperat. Enno vert dette perspektivet blest vekk som ein luksus vi ikkje har råd til, eit arbeid vi ikkje har kapasitet til i ein prekær situasjon. Men eg trur den investeringa trengs no. Vi må koste på oss det resonnementet. For løpet blir langt og vi har snart ikkje fleire krefter vi kan disponere. Det bekymrar meg fordi nokon må  bære den fana det står «oss» på gjennom dette seige strekket. Som

Nokon må bære den fana det står «oss» på gjennom dette seige strekket.

Solrun Toft Iversen

teatersjef meiner eg at eg er ein av dei. 

Med stor takksemd til dei som til dagen handterer truslar på liv og helse, må vi på andre flankar etablere kvalifiserte dialogar for korleis vi kan oppretthalde vår vitale funksjon for fellesskapet under pandemien. Vi treng at denne refleksjonen vert aktiv og utvida. Teateret kan ikkje trø til side og vente ut ein pandemi som kan strekke seg over år. Vi må insistere på at kunsten og møteplassane er essensielle. No trengs eit kulturpolitisk resonnement som går konstruktivt saman med smittevernomsynet. Det vert openbart bruk for krisepakkar og kompensasjonsordningar, men det finns verkemiddel for trygg gjennomføring og kvalifisert vurdering av publikumskapasitet som kan bli like avgjerande gjennom dette lange strekket. Vi må jobbe smart, langsikta og differensiert. I Bergen har vi no fått ein vekkar og samtalane er godt i gong mellom lokale styresmakter og bransjen. Tiltaka rammar kanskje hardast her i byen no, men situasjonen er prekær for heile Kultur-Noreg på sikt. Dette er ei nasjonal utfordring. Om vi no kan makte å gå ut av den einstrenga unntakssituasjonen og inn i nyansane kan vi avlaste gjenreisinga av kulturen i ettertid. Vi lyt ta fatt på ein politisk horisont som kan strekke seg mot ein ny og kanskje langvarig normal. Om eg og mine kollegaer skal kunne bere fana heile vegen over maratonmålstreken treng vi dialog, tillit og ein kulturpolitikk for denne tida. Vi treng publikum, vi treng kvarandre. Ikkje ta frå oss mogelegheita til å samlast. Vi kjem oss ikkje gjennom dette utan det. Det er faktisk ikkje mindre enn dette. 

Solrun Toift Iversen, teatersjef, Det Vestnorske Teater                                         (Publisert 18.09.2020)