Å fare i vatn til liv og død
(Molde): Skodespelerane vert gjennomvåte i Møre og Romsdal, som heilt sidan Ginnungagap har opplevd store og dramatiske endringar. Dei som fer av Mette Karlsvik og Arne Lygre, er ei medrivande og alvorleg førestilling om ei verd som kan forsvinne.
Teatret Vårt fyller 50 år i 2022, og Dei som fer opnar feringa. Det er eit jubileum som ikkje berre er ein fest for Møre og
Romsdal, men også for resten av landet: Å gi flest mogleg høve til å sjå profesjonelt teater, var og bør framleis vere, eit viktig mål i kunstpolitikken. Og no som dei fleste restriksjonane i pandemien truleg går mot slutten, kan teatera landet rundt igjen fylle salane og syne scenekunst til flest mogleg.
Ny og gammal tekst
Dei som fer er eit tingingsverk skriven av Mette Karlsvik og Arne Lygre. Dei har slått saman eigne tekstar til ein: Eg byrjar er ein nyskriven tekst av Karlsvik, og Lygre sitt skodespel Jeg forsvinner er frå 2011. Dei som fer er eit flettverk av disse to, men det meste av teksten er henta frå Jeg forsvinner. Menneska dei fer, slik dei fór for tusenar av år sidan for å bli møringar og slik dei fer i dag for å dra vekk frå ein stad for å komme til ein annan, villig eller uvillig. I begge tekstane finst truande røyndommar og drastiske endringar, men der endar likskapen mellom dei.
Mette Karlsvik sin tekst er leikande og klangfull. Ho fortel frå norrøn mytologi, om geologisk utvikling, om fiske og oljeindustri, klimakrise og andre slags endringar. Karlsvik syner oss landskap som er både tenkte og reelle, som i alt alvoret er absurde og artige, og gir oss eit Møre og Romsdal – som ho kallar M O R – frå jordas skaping til snøen som falt i fjor. I byrjinga fortel Karlsvik om den tvikjønna jotunen Yme: «Yme er urmora og urfaren vår, i same kropp. Hen er svær, men har korte armar. Det eine beinet parar seg med det andre beinet. Slikt blir det folk av.» Ho opnar med Ginnungagap og sluttar med alt som driv bort i menneskeskapte øydeleggingar. I tillegg har ho skrive tre songar til stykket som Ingvild Langgård har tonesatt. Tittelen øvst er frå omkvedet til Songen om sogene.
Jeg forsvinner er omkransa av Eg byrjar, og det gjer at teksten til Arne Lygre plasserer seg i Møre og Romsdal. Slik vert teaterstykket som ikkje går føre seg ein særskilt plass, lokalisert på ein konkret stad. Konteksten legg noko til teksten. Når Jeg-personen opnar med «Jeg har dette huset. Det er her jeg lever det livet som er mitt», er det ikkje noko tvil om kvar ho er. At skodespelarane snakkar møredialektar, syner kor dei høyrer heime og at dei fæle tinga som hender, hender her. Arne Lygre sine karakterar snakkar ikkje mykje saman, dei fortel mest om seg sjølv og andre til kvarandre. Det fører til at hendingane oftast er ein annan plass enn på scenen. I møte med nærveret og den språklege leiken og krafta i Eg byrjar, syntest eg at fråveret og det kvardagslege språket i Jeg forsvinner står fram som noko bleikt i samspelet.
Eit kvinnespel
Dei som fer er gjort av eit kvinneleg ensemble: Regissør Mari Vatne Kjelstadli, scenograf Agnethe Tellefsen, komponist Ingvild Langgård og skodespelerane Mari Strand Ferstad, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck og Kjersti Botn Sandal. Unntaket sjølvsagt er rolla Mannen, som vert spelt av Tov Sletta, og han slepp ikkje til før dei siste ti minuttane av førestillinga. Med jamne mellomrom melder ein mannsrøyst over høgtalaren om ver, hendingar og tilstander i fylket, og kvar gong det skjer, kjem ei stor lampe eit stykke ned mot oss og scena, heilt til lampa heng rett over hovuda våre – klaustrofobisk og truande.
Eit basseng fylt med vatn tok mest halve rommet. I andre enden stod stolane i ring på eit gummigolv, medan vatnet langsamt flaut mot oss og la seg som eit vasspegel på scenen. Seinare skulle det regne mykje og lenge over bassenget og skodespelarane. Scenografien til Agnethe Tellefsen er enkel, samansett og effektivt. Vi ser vatnet blenker og reflekterer, er rørsler og bølger, samstundes som lyden av regn, av dei vassande og plaskande skodespelerane, gir noko anna i øyret. Vatnet er vakkert og mykje.
Leik og leven i fullt alvor
Regissør Mari Vatne Kjeldstadli må hanskast med to ulike teksttypar: Mette Karlsvik sin dynamiske tekst og Arne Lygre sin statiske. Med vatnet tilfører ho forteljingane eit aktivt element på scenen og det vert nesten som ein sjette skodespelar. Eg opplevde då at ho med det fysiske og aktive spelet med vatnet, gav ein annan dynamikk til forteljingane i Jeg forsvinner. Det gjorde òg at ulikskapen mellom dei to tekstane jamna seg noko ut. Førestillinga har ein god rytme i vekslinga mellom tekstene. At skodespelarane bruker sine eigne dialekter, løyste opp skilnaden mellom skriftmåla. Såleis evna Mari Vatne Kjeldstadli å gi ein heilskap til Dei som fer.
Skodespelerane er nærverande og truverdige i de ulike rollene sine. I Jeg forsvinner spelar Mari Strand Ferstad Jeg, Kjersti Botn Sandal Venninnen, Ingrid Myhre Løvik Datteren, Johanna Mørck En fremmed kvinne og Tov Sletta Mannen. I Eg byrjar har kvinnene delt teksten mellom seg. Dei bruker heile rommet, er i bassenget bak publikum der det regner og på det vassfylte golvet der vi sit. Skodespelerane beveger seg saumlaust mellom tekstane, dei ligg og spring og slår i vatnet, og gjer det alvorlege og leikande med same intensitet. Slik held dei på interessa vår gjennom hundre minuttar. Og syng bra gjer dei også, til dei fine folkemusikkliknande tonane til Ingvild Langgård.
Ei god opning på jubileumsåret
Med Dei som fer har Teatret Vårt fått ein flott start på 50-årsfeiringa si. Stykket dreier seg om endringar, om det å dra frå ein plass mot ein annan, frå ein tilstand mot ein annan, om ei reise som er kritisk. Jorda brenn og flaumar over på same tid. Folk døyr og overlever. Møre og Romsdal finst. Det gjer endringane også. Dei er skapt av menneska.
(Publisert 01.02.2022)