Reidun Melvær Berge, Liv Osa og Sturla Alvsvåg, i «Telavåg» , tekst og regi: Stig Amdam. Det Vestnorske Teatret. Foto: Thor Brødreskift

Forteljavåg

(Bergen): Stig Amdams «Telavåg» er blitt eit gripande portrett av ei mørk krigshistorie.

Publisert Sist oppdatert

Det er sikkert riktig å seie, i det minste som ei rettesnor: Du skal ikkje lyge. I fredstid, i ordna former. Men kva tid er det greitt å lyge?

telavåg

Manus og regi: Stig Amdam

Scenografi og kostymedesign: Silje Sandodden Kise

Lys- og videodesign: Jon Eirik Sira

Lyd: Cem Arapkirlioglu
Det Vestnorske Teateret, 24. mars 2022

Kan det vere når ein er under okkupasjon av eit anna land og prøver å skjerme familien sin, og dessutan er med i eit motstandsarbeid mot okkupasjonsmakta fordi ein slett ikkje trur på at dei kjem for å «beskytte» ein? Det kan vere. Kven av oss har erfaring med ein slik situasjon? Nokre eldre av oss i Noreg, mange på verdsbasis. I dag blir mange ukrainarar nøydde til å gjere seg den erfaringa. Om sanninga dreper ein sjølv eller andre, er ikkje dén førstevalet. Då blir sanninga snarare det samla resultatet som alle dei naudsynte løgnene kan føre med seg – til dømes ved siger.

Vindauge mot vest

Det er ei sterk scene i Det Vestnorske Teateret si framsyning av Telavåg, der Martha Telle (Liv Bernhoft Osa) ber til Gud om kraft til å fortsette å lyge under avhøyr og tortur, slik at tyskarane trur ho. Martha Telle frå Telavåg, som er i 60-åra, er ingen løgnar. Ho kjenner seg, saman med mannen Lauritz, berre tvungen til å møte ei storpolitisk løgn med mindre løgner.

Bakgrunnen for Stig Amdams stykke er den historiske hendinga der den vesle staden Telavåg på Sotra utanfor Bergen under andre verdskrigen leid store tap. Som ein straff for motstandsarbeidet som blei oppdaga av tyskarane – det hjelpte ikkje at to av deira eigne var blitt drepne i ein konfrontasjon – blei alle menn i Telavåg mellom 16 og 60 sende til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Av 72 menn døydde 31 i fangenskap. Heile Telavåg blei jamna med jorda. Reichkommisar Josef Terboven kom sjølv til «oppviglerske» Telavåg for å sjå til at alt gjekk som planlagt.

Som vindauge mot vest var Telavåg ein naturleg utskipingsstad for Englandsfarten, der mange ville verve seg til å delta i krigen i dei britiske styrkene. Mange blei hjelpte over derfrå. Men det straffa seg altså djupt, dessutan viste det seg at det etter frigjeringa skulle bli vanskeleg for enkelte å kome tilbake til Telavåg, noko som kjem godt fram i framsyninga. Ikkje berre var det ingen heim å kome tilbake til, alle hus var sprengt og bomba; det var heller ikkje berre greitt å vere dei som hadde stått imot. Om motstanden førte til at så mange døydde, var det ei riktig handling? I eit lite samfunn som Telavåg kan ein sjølvsagt forstå dette dilemmaet; at det både før, under og etter krigen har vore eit spørsmål: Kven handla godt, kven handla vondt? Kven tenkte i eit kort perspektiv, kven tenkte i lengre? Kva for offer er «rimelege»?

Autentiske omgjevnadar

Framsyninga blir spelt i Veiten 3 i Bergen, også kalla «Gestapohuset». Det var der berykta avhøyr gjekk føre seg. Det er altså ein øyredøyvande autentisitet i ramma for framsyninga. Ikkje minst når vi sit i femte etasje og får vist på skjerm ein plansje frå Gestapohuset under krigen, femte etasje. Ei klinisk attgjeving av lokala, med klang av mørke etterretningstider. I scenografien til Silje Sandodden Kise dannar eit tregolv forgrunnen til dei avskalla mursteinsveggane. Golvet sender tankane til både heim og skipsdørk. Eit par stolar blir flytta rundt etter situasjonane. Flankane av scenerommet består av eit slags treskaberakk med eit gamaldags telefonapparat på – Martha og Lauritz hadde bygdas einaste telefon – og ein plankehaug. Innretningane gjer nytta som åstad for ulike situasjonar, men alt dette slitne, skakke treverket skapar eigne assosiasjonar til tragedien i Telavåg.

Kroppen som effekt

Dramatikar og regissør Stig Amdam er ein tilhengar av forteljarteateret. I denne samanhengen fungerer det særskilt godt. For kva skal ein gjere for å formidle dette i sanning dramatiske dramaet: etterlikne bombing, lage støy og kaos med spektakulære effektar? Nei, historia er i seg sjølv ille, det held å framføre ho med dempa fakter. Når det valdsame opptrer, kjem det for det meste frå skodespelarane sjølve. Det same gjer lyden av nordaustleg vind og måkeskrik. Dei fire skodespelarane vekslar mellom karakterar, og ikler seg dei ulike skjebnane i ei insisterande, inkluderande retting mot publikum. Vi får òg nokre glimt av ikkje berre historiske dokument, på lerretet bak, men òg mot slutten intervju med dei faktiske personane vi har sett representert på scenen. Dei som stod i det.

Lasse Lindtners telavågske motstandsmann, tyske oppsynsmann og humanistiske Røde Kors-sjef er sterke, på fundamentalt ulikt vis. Liv Bernhoft Osas skifte mellom torturert motstandskvinne og forhåpningsfult barn som venter på å komme heim, er gripande. Reidun Melvær Berge og Sturla Alvsvåg er begge klare og tydelege i gestaltningane av sine karakterar, dessutan djupt sympatiske. For denne oppsettinga, med denne spelestilen, er den sympatiske stemninga som blir skapt frå scena avgjerande. Saman med ein vilje til å tenke ensemblekunst framfor eigen solokarriere. Og dette er blitt framifrå ensemblekunst, leia av Stig Amdam som har skrive eit stykke som gjennom velvalde utsnitt maktar å bere ei større forteljing. Når han òg står for regigrepa, skapar dette grobotn for eit samsvarande uttrykk.

Oppføringa etterlet oss i glede over korleis historia om Telavåg er utført som teater. Og ei sorg over korleis det var som historie.

(Publisert 27.03.2022)

Powered by Labrador CMS