Er det noko nytt, Antigone?

Rein og rytmisk, nedstrippa og naken og med gode regigrep får Sofokles' tekst hovudfokus, men maktar Det Norske Teatret å gjere stykket relevant i dag?

Antigone

Av Sofokles

Omsetjing: Halldis Moren Vesaas

Regi: Johannes Holmen Dahl

Scenografi og kostymer: Nia Damerell

Lys: Norunn Standal

Komponist/musikalsk ansvarleg: Alf Lund Godbolt

Lyddesign: Vibeke Blydt-Hansen

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Slagverk: Elisabeth Nesset

Det Norske Teatret, hovudscena, 27. februar 2018

Kva er det med denne unge kvinna som i all evigheit trassar overmakta og som vel å døy for det ho trur på? Trur vi på ho? Heiar vi på ho? Ser vi på ho som ein sjølvmordsbombar – som ein terrorist? I denne oppsetjinga er ho trassig og målretta. Ho eig inga tvil om at det ho gjer er rett. Ho er ikkje ei kvinne av vår tid – eller er ho det? Ho blir uansett ståande som eit fyrtårn – noko som viser leia – ei ein aldri får ut av syne.

Slekta

Sofokles’ stykke frå 442 f.Kr. er ei ganske komplisert familiesoge. Antigone (Sara Khorami) er eit av fire barn som Ødipus fekk med mor si Iokaste. Ismene (Renate Reinsve), Eteokles og Polyneikes er søskena til Antigone. Kreon (Jon Bleiklie Devik) som er bror til Iokaste, er både onkel og grandonkel til Antigone. Ho skal gifte seg med Kreons son Haimon (Christian Ruud Kallum) som altså er søskenbarnet hennar. Kreon er konge no, etter at Eteokles og Polyneikes har drepe kvarandre i krig om makta i byen deira, Theben. Kreon har bestemt at Eteokles skal få ei sømeleg gravferd, medan broren Polyneikes ikkje får det og blir kasta som åtsel utanfor murane til byen. Det var viktig at menneska fekk ei korrekt gravferd slik at dei kunne leve vidare i dødsriket. Antigone insisterer på å jorde broren sin og Kreon dømmer ho derfor til å døy.

Rommet og rytmen

Johannes Holmen Dahl har òg tidlegare vist at han har kjensle for tekst, blant anna gjennom gode oppsetjingar av Arne Lygre og Jon Fosse. I Antigone nyttar han Halldis Moren Vesaas si fantastiske omsetjing for alt ho er verd. Rommet på den enorme hovudscenen på Det Norske Teatret er tomt. Heilt bak på scenen sit Elisabeth Nesset med trommene sine. Musikken understrekar og fyller ut, spelet er fint og presist.

          Teksten til Halldis Moren Vesaas er skrive både som vers og prosa. Karakterane i stykket speglar dette. Regien og samspelet mellom karakterane er musikalsk. Rytmen setjast med ein gong Gjertrud Jynge kjem inn på scenen. Ho brukar den lange innmarsjen frå bak på scenen og fram til forscenen på å nettopp leggje ein taktfast og illevarslande rytme. Jynge har rolla som kor og som sannsigeska Teiresias. Karakteren hennar rammar på ein måte inn stykket. Den presise og opphøgde måten ho framfører versa sine på gjer ho til ein som står både over, inni og utanfor handlinga samstundes. Ho blir ei som har kontakt framover og bakover i tid. Som nærmast ein gud veit ho kva som kjem til å skje.

           Det er framifrå at heile scenerommet brukast slik at karakterane kommuniserer på tvers av scenen, og at ein utnyttar djupna på scenen. Visuelt fungerer dette svært bra, men lydleg blir det diverre flatt. Skodespelarane nyttar sjølvsagt mikrofonar på den store scenen, men utfordringa er å få lyden til å spele samen med det visuelle, slik at vi opplever den fysiske storleiken til scenen –  spesielt når scenen er så tom som han er her.

Antigone i tid og rom

Sara Khorami speler Antigone enkelt og rett fram. Dette er eigentleg ikkje ei komplisert rolle. Ho har inga tvil. Ho skal gje broren ei gravferd, sjølv om ho må døy på grunn av det. Ho veit at ho gjer det rette. Antigone er på veg rett i grava, på bakveggen ser vi skuggen hennar, ho både er og ikkje er. Skuggen minner oss på at ho snart skal døy. Antigone er svært religiøs. For ho er dødsriket til Hades og Persefone like reelt som Theben, byen hennar. Så sterkt religiøse menneske som karakteren Antigone finn vi ikkje så mange av lenger i den sekulariserte verda vår. Dei vi finn blir sette på som farlege – som terroristar og sjølvmordsbombarar. For menneske i dag er det nærmast uforståeleg at nokon kan ofre seg sjølve for noko dei trur på fordi dei trur at dei vil leve vidare i ein annan dimensjon.

            Men Antigone kan stå for meir enn ei som ofrar seg sjølv for saka av religiøse grunnar. Gjertrud Jynge som det einsame, men særs vellukka koret, set denne opprørske krafta i eit økologisk perspektiv for oss mot slutten av stykket. Ho står i ein posisjon bak på scena – oppmodinga hennar om å lyde dei evige lovene som gjeld det å ta vare på jorda vår, kjem ikkje hardt og attakkerande frå framme på scena, men mjukt og samstundes insisterande frå langt der bak. Vi tvilar ikkje på etosen til Jynges Teiresias.

Hovmod står for fall

          Stykket Antigone er lest og analysert i enormt mange år. Det er ei glede å sjå at det framleis har liv – eller at det er mogleg å gje stykket eit liv på scenen – og at det framleis har noko å seie oss. Kreon er karakteren som er mest krevjande i stykket. I oppsetjinga blir han oftast plassert midt på den store scenen. Det er han som har all makt i scenen si jordiske verd. Han har bestemt at den som jordar Polyneikes’ lik skal døy og det står han på – heilt til det er for seint. Stykket (og derfor også kunstnarane) bed staten om å ikkje vere for steil, om ikkje å gå mot folkevilja, for det fører til ulukke.

            Kreon i Jon Bleiklie Devik si tolking, minner ikkje mykje om ein konge. Han er i grå dress, som ein byråkrat, eller ein minister. Han framstår ikkje som ein spesielt sterk karakter. Nettopp dette gjer han så menneskeleg at han blir truverdig. Han gjer sitt beste for å styre byen best mogleg, men han lukkast ikkje, han gjer mange fatale feil. Han mistar alt – til og med kona si, Eurydike. Det er Nina Woxholtt som speler henne. Ho spelte ei framifrå Antigone i 1991 i Bentein Baardsons regi og med Kari Gravklevs fantastiske, monumentale scenografi. Stykket sto då godt i si eiga tid. No er Woxholtt med på å minne oss på stykket si gyldigheit til alle tider. For å svare på tittelen til denne meldinga: Det er eigentleg ikkje noko nytt her, den komplekse konflikten mellom Antigone og Kreon og dei menneskelege kjenslene som styrar liva våre, er slik dei alltid har vore – dei er evige.

           Og ja, Det Norske Teatret maktar å gjere Antigone relevant for oss – både gjennom Johannes Holmen Dahl sin presise og kjenslevare regi og gjennom framifrå prestasjonar av skodespelarane, og av musikaren.

                                                                                                                                                                                  01.03.2018