
Festivalen som festna seg
(Trondheim): Sansningar frå Bastardfestivalen 2018: Ein skodetekst i tre setningar om skodekunstnarar og tilskodarar og samskodarar og samkunstnarar.
Weet je wat? auga sit innafor øyra, eller omvendt, at øyra har plassert seg på utsida av hovudet utanfor rekkjevidde til auga, kva kan vel øyra sjå som ikkje auga allereie høyrer, attlatne eller opne, for rommet som finst finst og rommet som finst finst i auga og i øyra, eg kjenner det i fingrer og føter, og når eg går over golvet og du går over golvet, og vi sit ved sidan av kvarandre og derfor sit vi saman, og ein festival er ein fest og det festnar seg inntrykk og avtrykk i kropp og hovud, og det knirkar i sko og golv og skoa prøver seg varsamt framover, og
i halvmørkret, i tronge korridorar og trapper i nordenfjeldske kunstindistrimuseum, i utstillingar ingen får sjå eller skjønar noko av, fordi dei ikkje finst, fordi det er korkje utstillingar eller forestillingar, men eit lager der museet lagrar det som har vore eller kan verte utstillingar, og som no er forestillingar i hovudet ditt, situasjoner for auga dine, i nasen kjenner du eimen av støv, eit stoff, og det er er så lite, og du ikkje kan fange eitt støv mellom to fingre eller to tankar, for i det smått lyste mørkret maktar korkje du eller eg å sjå støvet, berre skuggar av bilete, speglar eller attarsyn, kanskje som lange blå remsar av papir i huset som er trappehuset, som er eit hus som er eit hus inne i huset, og som øvst heng nedover, og som nedst stig oppover, over og under inne i huset, for
eg har hendene i lommene, nei, no tar eg hendene ut av bukselommene, eller medan eg eller kanskje samstundes som, eg har hendene i lommene, inne i verkstedhallen som er ein hall som før var ein verkstad, men som no er ein heilt annan stad, men på samme staden, berre eit anna verk, og eg tar hendene mine ut av bukselommene og eg tvetter hendene i lunke såpevatn og førest inn i salen til eit bord til ein krakk der eg skal sitje og der eg skal vere lydig og føyeleg, med handa mi i ei anna hand, i nesten si hand, til høgre for meg, og eg held nesten si hand i mi, til venstre for meg, i tiltru og tillit, overgjeven, hengjeven, tilgjeven, for nesten gjev til meg, legg i handa mi gjenstandar som liknar og kjennest som steinar, små hovudskallar, fugleføter, sand, slimklumpar, kaffigrut, pulver som er blå og gul og grøn, og kan blåsast på og verte til liv, et støvliv i lufta, ei transcendering, noko religiøst elller mystisk, for alt er meir enn meg, som berre er eit lite sjølv i verda og berre er ein, og som no er større enn meg sjøl, eit vi, ein samkjensle, eit samarbeid, samanbunden i ei handling med eit lang tau i alle hendene våre, mest som ei hand som er vår og vi gjer og vi får, sameinse
sit vi i jurten og høyrer musikk frå einkvan plassen og musikk i jurten som speler med musikken fra einkvan plassen, som er ein heilt annan plass enn cicignions plass, der jurten står, som ein urørleg drosje med vindauga nede, og musikken er frå ein heilt annan plass, vi sit på tepper og puter i eit rom som er frå ein heilt annan plass, for mongolia eller sibir er ikkje i trøndelag, såpass veit eg, og jurten er eit slags telt sjølv om det er reist i trøndelag, og musikken er frå heile verda sjølv om han spelast i trondheim, og musikarane er her og spelar for oss og saman med musikken der borte frå einkvan plassen, på ein plass og så ein heilt annan plass, samstundes, og
medan eg sit attmed deg i teatret, veistu hvað? kan vi sjå det vi høyrer, porselensskålar klunke i kvarandre, flytande i vatn, i mørkret, ser skuggane av dansarar, kroppane røre seg attmed planteliknande skapningar, som skapningar av ei anna verd, til forsterka lydar frå alle skapningane, som i eit akvarium eller eit herbarium, som spor av natur, eller
finst det spor av menneske, som bitar frå eit tilvere, hengt opp frå taket, festa på veggen, lagt ut på golvet, ekko av møte mellom framande menneske, samtalar med menneske som er framande for kvarandre, framande på innsida eller kanskje framande frå innsida og heile vegen ut i verda, krøka saman i langsame rørlser, bøygd, fastna, som noko smertefullt, kanskje, like smertefullt som det er for meg å sitje på det harde, kalde golvet, og lengte etter eit mjukare liv og varmare omgjevnader, eit anna liv, som
berre dansande ungdommar kan gje liv til, i all sin livskraft, i sine val og drøymer og lengtar, ein song, eit stykke musikk, for you know what? her er eg, fjorten år gamal, tolv, atten, og eg har valt ein song som eg likar og som eg vil danse til, for dette er mitt liv, og sjå! eg er her! og eg er åleine og eg er saman med alle dei andre som er åleine, så berre føkk ju! for vi dansar saman, for dette er våre liv, og sånn er det berre, at
teknikken finst, om oss, for oss og weißt du was? teknikken kan likne oss, ein menneskeliknande lyskaster som kaster lys på sine omgjevnader, som oppsøkande finn ein mikrofon som er ein menneskeliknande lydkastar, som gjerne vil kaste om seg lydane han finn, frå trianglet som spelar automatisk eller frå pianoet som spelar automatisk, frå dei fire menneska som finst på scenen, i musikk, song, dans, med og utan klede, ein slags primaltekno, skrikande, energiske, levande og magiske, levande og
dansande, diskoaktige rytmar, skikkelser i gull og svart, på det kvite golvet med den store gullamékonstruksjonen hengande frå taket midt over scenen, dansar langs kantane i enkle kompliserte rørsler, nokre gongar åleine, andre gongar saman, einslege og repeterande, sjarmerande i alle sine overflater, for
overflata er manifest, eller handfast, like handgripeleg som ti sporver på taket, eit kaos av tankar, hendingar, bilete og framferder, for kva kan vel kunsten vere om ikkje han kan vere til eller vere alt, moglegskapande, skapande kunst, som
teater, til dømes, som er i teaterhuset avantgardens svarte boks, kas sa tead mida? at teater byrjar lenge før forestillinga, for teater byrjar i publikum før forestillinga byrjar, i deira forventningar formeiningar forestillingar om kva forestillinga kan vere og verte, som skodespelarar, som iggy til dømes, formidler til publikum i teaterforteljinga og som han medvete spelar på publikum, for dette er teater! for det er risiko og fysiske og metafysiske framtoninger og det slutar ikkje med forestillinga, men vert med publikum opp i baren etterpå, på nachspiel, og kanskje fram til framande senger og pinlege frukostsituasjonar, for teater er publikum og kva er vel teatret utan publikum?, for
publikum sit fengsla og lyttar til skodespelaren som en ein espen som er ei amerikansk kvinne, som heiter rose, og som ser attende på sitt eige liv og livet i familien hennar, som er etterkomarar av italienarar og dei er industriarbeidarar alle saman, og han som speler ho er kledd i eit kaninkostyme med rysjar og pompongar, og kanskje har han eller kanskje har ho ramla ned i eit kaninhol til eventyr og draumar og von om eit greit liv eller eit magisk liv, kanskje eit betre liv, og i takksemd for at det ikkje vart eit verre liv, og ho er omhegna av familien og eit meiningsfullt tilvere, dei heilt vanlege menneske, berre i danvers illinois, som er ein heilt annan stad enn trondheim, og i ein anna røynd som røysta fram ein for mange av oss framand og underleg president, og dei drøymar om eit liv å leve i som er deira, med rom for kvardagar og grensesprengjande opplevingar, og med rom for dotter gina til å skrive haikudikt på traktorfabrikken:
snowy steel tractor
indifferent to the cold
how i wish i was.
Og no er Bastardfestivalen 2018 borte og kjem nok att som Bastardfestivalen 2019, men på ein annan plass, i eit nytt hus, for teaterhuset avantgarden skal flytte neste år, slik at neste år vert festivalen ein annan festival og på rosendal.
Tu sais que augneblinkar berre er det som skjer? og nokon av dei finst festna i minnet fordi nokon av dei falmar bort i gløymsla, så derfor vantar eg augneblinkane eg enno ikkje har skjedd.

Kjeldar:

Teaterhuset AvantGarden
Edvine Larssen: Situations
Kate McIntosh: In Many Hands
Wild at Art: Drosjekaféen
Rósa Ómarsdóttir: Traces
Mia Habib & Jassem Hindi: Stranger Within
Ásrun Magnúsdóttir: Listening Party
Simon Mayer: Oh Magic
Ludvig Daae: Dance To Dance To
Verk produksjoner: Manifest United
Iggy Lond Malmborg: Physics and Phantasma
Espen Klouman Høiner: Vi, folket

