Fest og alvor
Når vi snakkar om Teaterfestivalen i Fjaler, blir det fort ein samtale om møteplassen og menneska som sett sitt preg på festivalen. Når vi så går over til å prate om scenekunsten, er det ofte for å snakke om korleis ein nøye planlagt dramaturgi og rammene rundt sett sitt preg på dei ulike hendingane. Dette vil alltid vere kjernen i den vesle store festivalen i Sunnfjord, og festivalskaparane Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund legg stor vekt på heilskap og møte mellom menneske når dei sett saman programmet for fem septemberdagar fylt med scenekunst og samtalar.