metoo-sertifisering?

Enquete: Hva mener du om forslaget om å innføre såkalt metoo-merking/ sertifisering av aktører i kulturlivet/ kulturinstitusjoner?

Bakgrunn:

Kulturminister Trine Skei Grande har stilt seg positiv til et forslag om en sertifiserings- eller merkeordning (hhv. sølvmerke og gullmerke) mot trakassering i kulturlivet, som er reist av foreningen Balansekunst (se: balansekunstprosjektet.no). Skei Grande sier til Dagsavisen at en sertifiseringsordning av samme type som f.eks. miljømerking, kan fungere som et kvalitetsstempel som både publikum og kunstnere kan se etter hos kulturinstitusjoner. (se: https://www.dagsavisen.no/kultur/vil-ha-metoo-sertifisering-1.1216013) I et intervju med Nyhetslunsj på P2 (11.10.2018), trakk Guro Kleveland fra Balansekunst fram merking av teaterbilletter som et eksempel på et tiltak publikum skal kunne orientere seg i forhold til.

Carl Morten Amundsen, sjefsdramaturg Det Norske Teatret

Carl Morten Amundsen. Foto: Det Norske Teatret

Eg er opptatt av at vi i norsk teater skal finne treffande løysingar på dei problemstillingane som her er reiste. Alt tyder på at vi i teateret ikkje har vore merksame på kva som føregjekk i eigne rekkjer. Seksuelle trakassering og uønska seksuell merksemd er noko vi må slå hardt ned på. Alle teatera og alle organisasjonane i norsk teater arbeider med dette spørsmålet. Spørsmålet er om ei sertifiseringsordning er vegen å gå. Det er eg usikker på. Mykje av det som i metoo-kampanjen har kome til overflata blei ikkje fanga opp av dei arbeidslivsrutinane som teatera følgjer. Det er fordi teatera ikkje berre har maktstrukturar innanfor institusjonen, men har ei mengd hierarkiske maktstrukturar som lever side om side og som involverer mange frilansarar. Mange av disse ligg utanfor arbeidsgivars direkte kontroll. Skal ein ha ei sertifiseringsordning må desse avgrensast til ordningar som institusjonane har herredømme over. Det kan ein etter mi meining sjå føre seg. Det må krevjast skikkelege rutinar for varsling, oppfølging etterpå, intern diskusjon om korleis til dømes framstilling av erotikk skal skje, etiske plakatar og liknande. Ei gullsertifisering som ikkje tar utgangspunkt i slike langt på veg objektive kriterium blir fort vilkårlege, og kan til dømes føre til redsle for å handsame seksualitet på scenen. Dette blir særleg problematisk om ein vel å kople slik sertifisering med løyvingane over Statsbudsjettet slik det kan sjå ut i Dagsavisen-klippet verkar direkte illiberalt.

Mitt svar blir altså eit slags tja. Ei sølvmerking som seier at teateret har sett i verk det som ein kan krevje av rutinar, er greitt. Eg svarar eit tydeleg og rungande nei til å kople dette til tilskota.

Vigdis Hjorth, forfatter:

At kulturinstitusjoner har retningslinjer og praksiser mot trakassering er vel og bra, men en «sertifiserings- eller merkeordning» alla miljømerking høres underlig ut, - det er jo vanskeligere å vurdere hva slags menneskelige omgangsformer som er skadelig for et miljø enn hvilke varer som er det, og hvem skal gjøre det og hvordan? Selv ville jeg nok risikere å bli vurdert som ganske miljø-uvennlig, er jeg redd, så jeg kjenner en slags angst ved tanken. Jeg er selvfølgelig mot trakassering av enhver art, men kontinuerlig å bli vurdert mht å bli sertifisert og få en slag «karakter» i form av gull eller sølv eller messing-merke ville også kunne føles som en form for trakassering. Jeg er veldig glad for at jeg har hjemmekontor i disse dager.

Vigdis Hjorth. Foto: Cappelen-Damm

Hannah Helseth, sosiolog, aktuell med Det jeg skule sagt. Håndbok i seksuell trakassering.

I utgangspunktet er det en god idé at arbeidet mot seksuell trakassering synliggjøres, slik at det blir like naturlig del av virksomheten som god nok brannsikkerhet. Alle skal ha rett til en trygg arbeidsplass som ivaretar personers kroppslige og seksuelle integritet. Betyr det at aldri grenses skal tøyes på scenen og at den kunstneriske friheten må begrenses? Ikke hvis man forstår hva seksuell trakassering er og skjønner forskjellen på scene og garderobe. Det som skiller seksuell trakassering fra andre typer overgrep er at det ikke nødvendigvis er handlingen eller ordene det er noe galt med, men mangelen på gjensidighet. Gjensidigheten betinges igjen av to forhold: Kontekst og relasjon. Konteksten er for eksempel om handlingen skjer på scenen eller i garderoben, og relasjonen handler om hvilke roller vi har ovenfor hverandre, om man for eksempel er i et avhengighetsforhold. En sertifisering kan ikke baseres på en fastlagt standard fordi det vil gå utover den kunstneriske friheten. Det som trengs, er en grunnleggende forståelse av hva seksuell trakassering er og hvordan maktmisbruk fungerer i dette feltet.

Erik Ulfsby, teatersjef Det Norske Teatret:

Hannah Helseth

Eg er samd i at leiing og styre i teater-Noreg skal kartlegge risiko knytt til verksemda. Ei aukande vektlegging av samfunnsansvar er så avgjort eit gode.

Det Norske Teatret følgjer arbeidsmiljøloven og arbeider no, som tidlegare, med rutinar knytte direkte opp mot mellom anna diskriminering og trakassering. Dette rapporterer vi på i kvar årsmelding, og gjennom tillitsvalde og medarbeider-undersøkingar kan vi måle effekt av arbeid som er gjort og mål som er sett. Identifiserer ein utfordringar – og det vil ein jo gjere – så skal vi, som andre arbeidsgivarar, setje i gang tiltak og utarbeide retningsliner for korleis vi skal møte desse. Vi skal ha rutinar for kontroll, slik at retningsliner blir overhaldne og vi skal ha intern opplæring av tilsette som arbeider på område der vi identifiserer risiko.

Eg trur at bevisstgjeringa i kjølvatnet av metoo har gjort at mange verksemder har sett temaet seksuell trakassering på dagsorden, både i styrer og på leiarnivå. Det er ikkje unaturleg å forvente av oss, og vi er tente med openheit rundt arbeidet vårt på desse felta. Det luraste er alltid å spele med opne kort, både overfor publikum, tilsette og eigarane våre. Gjer vi det bør ein sertifiseringsordning som det som er skissert her ikkje vere naudsynt.

Erik Ulfsby. Foto: Det Norske Teatret

Solrun Toft Iversen, teatersjef Hordaland Teater:

Den siste tida har vore ei vekking for oss alle. Ein arbeidskultur som har gitt ly for trakassering og maktmisbruk er avdekka. Vi leiarar må no gjerast ansvarlege for den psykososiale tryggleiken i ein arbeidskvardag der særs mange er eksponerte og dårleg sikra. Eg er difor veldig glad for at ei rørsle frå rota resulterer i overordna tiltak som tek det avdekka på alvor. Særleg gledeleg er det at Balansekunst sitt viktige arbeid vert anerkjent i framlegg til statsbudsjett. Vi må ta fatt på både verdiar, haldningar og formelle vern. Eg ser positivt på rapportering av desse parametrane, slik vi også må gjere greie for HMT, personvern og forsvarleg ressursbruk. Etter mitt syn burde vern mot trakassering stå like sterkt som dei andre rettane i arbeidslivet. Vi treng grep for at det skal skje, men eg trur verktyga ligg i dei evalueringssystema som allereie er der. Det gjeld å bruke dei, spisse dei og få dei i spel saman med andre verkemiddel for å bygge god arbeidskultur både på golvet og ved skrivebordet. Samstundes er eg redd for at ulik storleik og kapasitet samt skilnad i mandat på dei mange, varierte kulturinstitusjonane vil kunne slå misvisande ut i ei sertifiseringskartlegging. Det er inga tvil om at trygt arbeidsmiljø er eit ansvar vi alle skal og må ta. Men dersom ein sertifiseringsprosess primært skal basere seg på artikulasjonsnivå, rapportar og særskilde prosjekt vil både ressursar og ulike oppdrag i samfunnet gjere det vanskeleg for nokon og lett for andre å hente toppkarakter. Skal ein dessutan hefte tiltak for likestilling og mangfald opp mot premiss for statstøtte meiner eg vi må fare varsamt fram. Uansett kor prisverdig eit politisk prosjekt er, kjenner eg det problematisk å knytte det til offentlege stempel på frie kunstinstitusjonar.

Solrun Toft Iversen. Foto: Hordaland Teater
Powered by Labrador CMS