
Dronningemne i stova
Ei omskriving av «Hamlet» og ei stove i eit kollektiv er blitt til eit lovande intimteater.
I entréen i ei leillighet i Huitfeldts gate 8, berre eit steinkast frå Slottsparken, er det billettsal og bar med heimelaga kake og drikke. Vertskapet er del av nyetablerte StueProduksjoner med regissør Julie Ibenfeldt Lindvik i spissen, for den aktuelle oppsetjinga; Ofelias begjær – skrive av svenske Felicia Ohly. Leilligheten ligg i ein bygård med gammaldags sjarm; god takhøgde og ein fin vindusportal bakerst i det som blir scenerommet, og kjensla av litt historie i veggane.
Det blir ikkje lagt skjul på at dette til vanleg er stova i eit kollektiv, men understreka av regissør Lindvik som introduserer førestillinga, korleis dette starta som eit ønske nettopp om å gjere stoverommet om til eit teater. Det forblir uklart om dette blir gjort i mangel av andre muligheter for oppsetjing, eller om det blir gjort av rein interesse for å utforske nettopp denne settinga for å skape teater. I alle tilfelle er det åpenbart eit prosjekt som er gjennomført av ildsjeler, og Lindvik har og fått med seg ein ung, men solid skodespelartrio med Hanne Gerjstad Henrichsen, best kjend som sceneaktør i Jo Strømgren Produksjoner, som Ofelia; Ole Christopffer Ertvaag, blant anna kjend frå tv-serien Ung og Lovende; og Ragnhild Meling Enoksen som har vore med i fleire produksjonar ved Det Norske Teatret.
Den intime settinga inviterer i utgangspunktet til noko relativt lågmælt og direkte, heller enn eit stort drama, tenker eg i det eg sett meg ned, men med omskrivinga til Ohly av Shakespeares Hamlet, til eit stykke som set fokuset over på Ofelia – det kvinnelege kjærleiksobjektet som knapt kjem til orde i originalen, skal det vise seg å bli verken lågmælt eller udramatisk, men til eit pasjonert «kammerdrama» kor Ofelia sin kamp i kulissane no dannar forgrunnen.
Dokkemeisteren Yolette
Vel inne i teatersalen, det vil seie den om lag tjue kvadratmeter store stova, sit me som publikum på fire små rekker med midtgang, føre ei lita scene, rett på golvet, med eit folidekka vindu i bakgrunnen, ein stor trekonstruksjon, forma som ei slags nedstrippa og uoppnåeleg trone, ein overdimensjonert krakk, eller berre ei form for stilas. Bak i begge hjørnene står to kassar på høgkant, som kan sjå ut som kister, eller små portrom. Her kjem Ofelia og Hamlet til å bli ståande mellom scenane, når dei ikkje er i spel, som i kvar sitt dokkeskrin – i det dei trer inn i boksane stivnar dei i ein livlaus positur. I det dei skal ut i ei scene trykkar dei på ein brytar, kjem til liv, og trer ut i spelet igjen. Dette grepet med dei to som meir eller mindre hjelpelause marionettar i eit større spel, blir understreka av første scene i førestillinga. Her er det nemleg den nyskrivne karakteren Yolette, Ofelia si tjenestepike, som først inntek scena. I Ragnhild Meling Enoksen sin høgreiste og kraftfulle figur, står Yolette med lukka augo føre oss, og lar armane sakte reise seg til sidene – som om ho er den som manar fram det heile som skal utspele seg. I løpet av det timelange førestillingsforløpet er det og Yolette som styrer den dramatiske utviklinga av dramaet mellom Ofelia og Hamlet.
Kampen mot det svake kjønn

Opningscena med Yolette får meg først til å tru at dette må vere Ofelia – no er det verkeleg hennar tur å innta «centre stage» – men, så er det altså den ukjende Yolette som blir til ein form for dirigent av spelet, medan Ofelia framleis i stor grad blir skildra som ei kvinne utan makt over eige liv.
Presentasjonen av førstillinga fokuserer på at det no er på tide å høyre Ofelia si historie. Spørsmålet om å vere eller ikkje vere, som dannar det eksistensielle tyngdepunktet i løpet av Hamlet si etterforskning av drapet på sin far, kongen, får med Ofelias begjær og ein ny vri, kor det handlar om å kome djupare inn i kva som skjuler seg i Ofelia sin eigen eksistens – under overflata som i originalstykket framstiller henne som eit uskuldig, underdanig og viljelaust eksemplar av ”det svake kjønn” – men, med rom for andre tolkingar som denne oppsetjinga blir eit døme på.
I Ohly sin tekst, og Lindvik si oppsetjing, er originaldramaet snudd opp ned, slik at handlinga går føre seg i kulissane, eller det ein kan tenke seg som Ofelia sitt private kammer i bakgrunn av det me framleis kan skimte som handlinga i den opprinnelege tragedien Hamlet. Bakgrunnen er blitt til forgrunnen og utspeler seg som eit trekantdrama mellom Ofelia og Hamlet og ikkje minst Yolette, som får rolla som mellom-ledd mellom Hamlet og Ofelia, som Ofelias confidante, under sin funksjon som tjenestepike. Ikkje minst blir Yolette eit dramaturgisk tyngdepunkt med utgangspunkt i opningsscena. Ho får derigjennom ein sentral posisjon i dramaet som om det er ho som trekker i trådane og no er den som overlet Hamlet og Ofelia i eit nett av tru og tvil overfor kvarandre og det maktspelet som går føre seg rundt dei – det heile for å vinne Ofelia sin gunst, eller berre for å kaste nytt lys på Ofelia sitt hemmelege (under)liv?
Hamlet er i Ohly sin versjon langt frå skrive ut av historia, men er her gitt ei sekundær rolle – hans drama utspeler seg i lys av Ofelia si historie som starter med ei samtale mellom henne og Yolette kor dei omtaler Ofelia som gravid med Hamlet sitt born, medan dei planlegger å reise vekk saman. Det ligg og eit openbart kjærleiksmotiv mellom dei to kvinnene. Joachimsen gir oss ein Hamlet som veksler mellom det same pasjonerte alvoret Gjerstad Henrichsen speler Ofelia med, og eit meir komisk element som ofte vipper over i det lett parodiske. Hamlet vil ha Ofelia og Ofelia vil ha Hamlet – om ho ikkje i staden vurderer å stikke av med tjenestepika si, men først etter å ha fått dronningkrona på hovudet? For det er nettopp her Ohlys tekst emner å opne opp uvante sider ved den som regel uskuldig framstilte Ofelia, som går under i sorg over å ha blitt avvist av sin Hamlet. Her kjem nettopp begjæret opp i Ofelia, både i forstand av kjensler for både Hamlet og Yolette, som ho later til å gi seg like fullt hen til på kvar sin kant. I løpet av stykket er det vanskeleg å seie kven som fører kven bak lyset, eller om både Hamlet og Ofelia er oppriktige overfor kvarandre men samstundes viklar seg inn i spelet om makta rundt dei, og korleis dei kan løyse situasjonen med Ofelia sitt svangerskap – ho må gifte seg med Hamlet for å kunne bli ved slottet og bere barnet fram, men først må Hamlet ta livet av Claudius som på si side vil forhindre at Hamlet får ein son, med arverett til trona. At Ofelia og sjølv her drøymer om dronningkrona er eit anna nytt element som framstiller henne og som eit menneske med ambisjonar om å kome i posisjon. Ho er ikkje berre vitne til, men del av om spelet om makta. Ho forklarer i ei scene med Yolette korleis livet deira saman kan bli endå betre om ho først kjem seg opp på dronningtrona. Likevel forblir Ofelia meir eller mindre fanga i kammeret sitt, men i det Hamlet innrømmer sitt feilsteg; at han tok livet av far hennar, Polonius, og ikkje Claudius, når Ofelia her si grense: ho avviser Hamlet og erklærer at dette er slutten og at ho vil drukne seg. Der klassiske tolkingar antyder at ho tek livet sitt i sorg over å bli avvist av Hamlet, er det her Hamlet sitt drap av Polonius som blir det avgjerande. Ofelia ser Hamlet som mordar av sin far, ikkje lenger som sin store kjærleik.
Drepande begjær
Tekst og førestilling baserer seg på at publikum kjenner til hovudtrekka i Hamlet frå før, og er og bygd opp dramaturgisk rundt handlinga i originalen, men altså med omvendt tyngdepunkt.
Dramaet spinner rundt Ofelia som ståande mellom Hamlet, som ho no er gravid med, og kjærleiken til Yolette som tilbyr henne ein annan utveg enn å prøve å gifte seg med Hamlet. Spelet bygger seg opp på samtaler mellom Ofelia og Yolette, mellom Ofelia og Hamlet, og ein del scener med alle tre til stades. Det er og lagt inn ein serie koreografiske mellomspel, kor intimscener mellom Hamlet og Ofelia blir fint spela ut, og til slutt Ofelia sin drukningsdød – ein død som i originalteksten kun blir omtala, aldri sett på scena. Det er mange gode anslag i innføringa av Yolette, som og opner opp eit større kompleks i Ofelia som karakter. Ho har eit kjensleliv og sjølvstendige draumar uavhengig av Hamlet, og i møte med han har ho som nemnt og sine strategiske motiv. Det er likevel eit forvirrande forløp i forstand av om me skal tolke Ofelia som den sterke protagonisten, eller igjen som fanga i eit drama ho til sist bukker under for.
Førestillinga varer bare ein time, og det kjennes som den prøver å gripe om litt for mykje på denne korte tida, men den gir oss og ei rekke nye bilete av Ofelia, som eit komplekst menneske, med eigne interesser og begjær i fleire retningar, men ho forblir utydeleg i høve til si eiga vilje, og stadig dratt mellom Yolette og Hamlet som på kvar si side prøver å avsløre den andre som den som vrir på sanninga for Ofelia. Ofelia blir med Gjerstad Henrichsen sitt sterke emosjonelle nærvær på scena, først og fremst til ein form for pasjonsfigur – i forstand av å leve etter hjartet, som så går under i møtet med verdas ondskap – men ikkje utan eim av opphøgd status. I kontrast til dette blir Ertvaag sin Hamlet som nemnt ofte lett parodisk framstilt, men og med gjennomgåande godt spel, og ei intens scene kor me ser han førebu seg til å ta livet av Claudius (noko som ikkje skjer), inntil reell fysisk utmatting.
Han er og den mest teatralt kostymerte figuren i førestillinga, med ei kvist- eller tornekrone på hovudet, og vinger på ryggen (laga av to samanfletta kvite, lange parykkar?), som symboliserer hans i utgangspunktet opphøgde og samstundes teatrale/svinnande status som tragisk helt? Meling Enoksen viser seg og som ein sterk scenefigur, men blir den som kanskje lider mest under ein del svakheter i teksten – det blir for utydeleg kva som står på spel for henne, og kvifor ho er gitt den sentrale posisjonen i stykket.
På andre sida gir især sluttscena sterke bilete som blir sitjande igjen, og Ofelias begjær blir til eit drama som dels held det det lover; å fortelje Ofelia si historie, og dels kjem i konflikt med sitt eige rom – det blir spela stort i eit lite rom, som innbyr til ei meir direkte form enn klassisk kikkeskapsteater, som det blir her. Likvel er dette ein produksjon som vitner om stor vilje til å lage teater, og som til saman, med knappe ressursar og tid har emna å setje Hamlet – og Ofelia-karakteren – inn i eit annleis, om enn litt for sprikande, perspektiv. Det kan og skuldast at teksten kanskje snor seg litt for lett rundt originalen utan å innvie publikum i det originale dramaet som ligg bak.
Den lille stova eit steinkast frå slottsparken kunne, om enn med sine svakhetspunkt mellom tekst, oppsetjing og setting, romme ei Ofelia som gjennomgåande framstod som dronningemne, og det er jo ein liten milepel i seg sjølv. I alle fall er det no slik at eg i retrospektiv tenker på Ofelia som Dronning Ofelia, så her har det skjedd noko.
Det har og, med eller utan dronningemner, noko for seg å samle folk til teater i ei stove, så det er grunn til å håpe på fleire StueProduksjoner, og mot til å eksperimentere vidare med kva denne produksjonsforma kan innby til av form- og regigrep i neste runde.