Kristin Grue og Marit Adeleide Andreassen i «Tante Jane», av Tore Renberg, regi: Fridtjof Såheim. Det Norske Teatret 2019. Foto: Dag Jenssen

Farse til folket

Ganske gamaldags form, ganske velspelt, men humoren i «Tante Jane» på Det Norske Teatret kunne vore endå kvassare. Og er dette publikumsfrieri? Eit utilslørt forsøk på å få «folket» til teatret?

Publisert Sist oppdatert

No og då er røyndomen råare og rarare enn den mest fantasifulle farsen. Rett før urpremiera på Tore Renbergs Tante Jane på Det

Tante Jane

Av Tore Renberg

Regi: Fridtjov Såheim

Scenografi og kostymedesign: Ingrid Tønder

Dramaturg: Matilde Holdhus

Det Norske Teatret, Scene 3, urpremiere 14.mars 2019

Norske Teatret blei justisminister Tor Mikkel Waras sambuar sikta for sjølv å ha tent på familiebilen deira og iscenesett åtak og truslar. Det er så utruleg at adjektiv kjem til kort. Det heile minner både i dramaturgi og persongalleri om farsen. Vi finn høg og låg i samfunnet, karikerte typar og overraskande vendingar. Men no over til det verkelege teateret.

Klassiske grep

Tore Renberg har ein haug med romanar bak seg, dei siste ti åra har han òg skrive dramatikk. Tante Jane er det første av stykka hans som blir sett opp på Det Norske Teatret. Dette stykket er absolutt godt handverk, men det er noko gamalmodig over forma, sjølv om konteksten er oppdatert. Eg er òg usikker på om humoren treff heilt blink.

Vi er i ein noko vulgær overklasseheim – ein typisk farsescene. Golvet er malt i gneldrande rosa. Kvite skinnmøbel og glitrande nips står rundt ikring. Cavaen ligg til kjøling. Her bur Jane (Marit Adeleide Andreassen) med mannen Håvard (Geir Kvarme). Dei har ingen barn, men Jane er tanta til Frank (Christian Ruud Kallum), sonen til Janes ikkje så vellukka og feite søster. Stykket startar med at Frank og kompisen Jolle (Pål Christian Eggen) knuser ei av dei store rutene inn til Jane si stove. Dei er på jakt etter pengar for å finansiere dop-bruken sin. Dette er òg eit klassisk farsetrekk – to typar frå lågt i samfunnshierarkiet er eit slags oppvarmingsband for hovudpersonen.

Typane

Renbergs persongalleri fungerer fint, og skodespelarane speler dei godt. Her har nok òg Fridtjof Såheim som sjølv er skodespelar, vore ein god personinstruktør. Det hadde nok vore stoff her til å skape karakterar med endå meir djupn, det ville gjort stykket meir interessant og treft oss kraftigare, men det ville kanskje gått utover det kjappe komediespelet.

Hovudpersonen er Jane. Ho er ein manipulator, ein iscenesettar. Ho inviterer over den gravide nabodama Susie, strålande spelt av Kristin Grue som er ein framifrå komikar. Det skurrar litt at Susie er barneskolelærar, for ho er berre oppteken av vippeekstention, plastisk kirurgi og overflate – kanskje ikkje heilt typisk? Jane er lei av livet slik det er no. Ho er gørrlei mannen sin. Ho vil ha endring no, og det skal skje med øks. Og Jane manipulerer Susie til å spele ei stor rolle her. Det er inga tvil om at Jane er sjefen. Ho smiskar med Susie og utnyttar venskapen hennar. Ho gjer valdelege handlingar vanlege gjennom å fortelje om valdtekter i Telemark der ein gjerningsmann salta ofra ned. Ho småsnakkar om rottegift og kniv, før Susie kjem med ideen om øks som våpen. Innimellom alt dette småsludrar dei om plastisk kirurgi, yoga og «alt det spanande i filosofien frå Austen».

Typane er pakka inn i klisjeaktige historier, men det er ikkje utan ein viss satirisk snert. Frank og Jolle er kanskje dei mest litterære figurane. Dei insisterer på at dei ikkje er taparar – dei har masse ressursar seier dei sjølv. I slike komikarpar som dette, er det ofte ein som er litt “smart” og ein annan som absolutt ikkje er den skarpaste kniven i skuffen. Jolle er tenkaren her. Han kunne vore politikar, seier han, for han har vore medlem av Sosialistisk Ungdom. Han er oppteken av at han har masse å kome med, han forklarar situasjonen han er komen i slik: «Kva veit du om å vekse opp med ADHD i ein legefamilie med fri tilgang til pappas legemiddel?» Han endar som ein tragisk skikkelse, grundig lurt av Jane.

Frigjering

Det er Jane sjølv som plasserer seg i Henrik Ibsens Et dukkehjem. Ho og søstera (Nina Woxholtt) sit i det kvite skinnmøblementet og tar eit glas cava etter at dei brysame medkarakterane er rydda valdeleg av vegen. Spelet har vore godt komediespel, stort sett heile vegen, i denne einaktaren. Somme stader var det tendensar til litt for lange passasjar, men stort sett var spelet tett med god komisk timing. I sluttscena harselerer karakterane litt med #metoo som dei set saman med U2 sin låt «With og without you». Det bit ikkje så kraftig, men er ikkje direkte slapt heller. Kanskje framsyninga hadde fungert betre om ho hadde vore endå djervare? Om karakterane og rommet hadde vore endå meir outrerte? Sjølv om skodespelarane gjer eit godt arbeid får vi ikkje så veldig godt tak i dei. Overflata glitrar, men ho er nok fort gløymd.

Powered by Labrador CMS