
Flash snobb?
Gjennom eit repetitivt og banalt rørslemønster tek De Naive publikum med på ei reise gjennom Vigelandsmuseet. Slik endrast rolla til museumsbesøkaren, som automatisk blir ein del av performancen. Repetisjonen, nøkkelaspektet ved performancen, opnar opp for ein uhøgtidleg sosial dimensjon. Så mykje meir skjer ikkje.
Samarbeidsprosjektet De Naive består av dansekunstnarane Julie Moviken, Charlotte Utzig og Harald Baharie. Saman arbeider dei i kryssinga
mellom performance og samtidsdans i ein bukett av prosjekt som manifisterast på gata, i galleriet, i scenerommet, i cyberspace, og i denne anledninga på Vigelandsmuseet.Sekvens for Vigeland I-XII er trioen sitt første prosjekt i serien Flash Mob Series. Her undersøkast og utnyttast rørsler, dans og koreografi frå populærkulturen, altså frå musikkvideoar, musikalar og flash mob. Ambisjonen: å undersøke kva ein utmattande repitisjon av rørsler gjer med materialet, samt å skape friksjon når dei møter høgkulturen – i dette tilfellet representert av museumsinstitusjonen. Via sosiale media vart dansen presentert slik at publikum kunne lære trinna, i riktig flash mob and. Tidlegare har De Naive vist arbeid ved andre kunstinstitusjonar som til dømes Munchmuseet, Kunsthall Trondheim og Kunstnerforbundet i Oslo. Felles for desse arbeida er at performance og dans har utspelt seg i utstillingsromma.
Vigeland anno 2019
Gustav Vigeland er ein av Noreg sine største kunstnarar gjennom tidene, og har kanskje meir enn nokon annan satt sin signatur på Oslo by. Det har lenge blitt satt spørsmålsteikn til kunstidealet som pregar arbeidet hans, samt hans fascinasjon for ein suveren, arisk rase. Først ut var kritikar Pola Gauguin som i 1945 skreiv i VG at skulpturane i Frognerparken anda av nazistisk mentalitet. Seinast i april i år avkrefta kunsthistorikar Jon Kokkin nazi-standpunktet i Aftenposten, og at Gauguin hadde skapt ei myte om fascistiske skulpturar. I same artikkel leggast det likevel ikkje skjul på at skulptøren var oppteken av nasjonalsosialistisk tankegods. Skulpturane i parkanlegget og Vigelandsmuseet viser den ariskemannen og kvinna, både realistisk og heroisert. Dei er gamle, svake og sjuke, samt sterke og nærast uovervinnelege.
Myta gjer det forståeleg kvifor institusjonen presenterer kunst som bryt med eit slikt narrativ. I haust har til dømes den kinesiske kunstnaren Lin Wang stilt ut to verk i museet. Dette er installasjonar som begge taler for det multikulturelle gjennom historieforteljing om reiser på tvers av kontinent. Også De Naive bryt med dei kvite skulpturane. Dette gjennom idéen om å bryte med hierarki, og ved at dei samtidig legg opp til at ulike kroppar får harmonere saman.
Sekvens for Vigeland

Eg besøkte museet den første timen av den fire timar lange performancen. Utzig, Moviken og Beharie rørte seg i eit enkelt rørslemønster gjennom dei ulike utstillingsromma. Slik tok dei publikum med på ei ein time lang reise mellom dei kjende skulpturverka. Romma, som ligg rundt eit atrium, markerer eit rektangel. Når dansarane er kome tilbake til start, fortsett dei som før, utan å markere at dei startar på nytt. Utføringa er kjølig. Dansarane påverkast verken av publikum eller den massive kunsten som utgjer rammeverket. Eit kor og nokre musikarar tok del i performancen seinare på dagen.
Dansekunstnarane er kledd i like kostymer: flagrande og jazzete høgvatnsbukser med svarte paljettar, à la musikalartisten og skodespelaren Liza Minelli, kvite ankelsokkar og trendy, kvite tech-sandalar. Kombinasjonen av kostymene og dei repetitive rørslene skaper kjensla av noko uniformert. Dette er spanande fordi dei er avkledde på overkroppen. Det uniformerte kjem med ein slags dissonans til den vestlege uniformen, der brystkassa er framheva med applikasjonar og medaljar. Det einaste som er forstyrrande med det nakne, er at brysta til dei kvinnelege aktørane blir hovudmotivet i mobiltelefonbileta til delar av publikum. Knipsefaktoren er til tider enorm.
Tour de danse
Rørslesekvensen som utgjer det kroppslege arbeidet er enkel. Eg er absolutt enig i at rørslene kan definerast som banale, noko dei skriv sjølv på facebook. Sekvensen er satt saman av seks rørsler som repeterast, samt nokre enkeltrørsler som markerer overgongane mellom det repetitive. Alt kan teljast i åtte eller fire takter. Den totale rørslesekvensen repeterast utan brot eller variasjonar og slynger seg strengt gjennom museet. Alle rørslene understrekar eit klart tempo og ein tydeleg rytme gjennom slag, tramp og aksentar. Framføringa er absolutt ikkje funky, men framstår nærast keitete fordi overgangane og samansetjinga framstår ulogisk og til tider hakkete. Sjølv seier dei at rørslematerialet er henta frå musikkvideoar, musikalar og flash mob. Eg oppfatta derimot rørslematerialet som noko henta frå folkedans eller hoffdans: Slag på hofta mens dei ligg på sida på golvet, tå og hælstomp, dra-gange med hendene bak hovudet, og leikande hopp som minna om jig-dans.
Repitisjonen som igongsetjar
Det er fleire aspekt som mogleggjerast gjennom den strenge repetisjonen. Publikum kan sjølve gå frå å studere skulpturane og installasjonane til å observere dansen, utan å vere redde for å gå glipp av noko. Gruppa krever på ingen måte merksemd. Det er også interessant å sjå korleis rørslene blir endra av dei ulike romma, og samtidig sjå korleis kroppane formar romma og innhaldet i dei. Dette var tydelegast i dei romma som gruppa valte å vere i over tid, som fontenesalen. Kontrasten i størrelse mellom dansarane og dei seks kraftige herrekroppane som ruva over, gjorde dei mindre enn i dei andre romma. Slik harmonerte dei meir med dei mindre skulpturane som omkransar mennene. Personleg savna eg at gruppa tok seg tid til å vere i rommet med installasjonen Rhapsodyav Lin Wang, då rommet skiljer seg veldig i frå dei andre. Den største endringa opplevde eg i det siste rommet. Her står ingen skulpturar, men ein formasjon av fleire monter. Rørslene stramma seg plutseleg opp. Montera vart ein del av koreografien, som element i eit tradisjonelt scenerom. Gruppa rørte seg i mellom montera på ein slik måte at det synkrone vart ekstra tydeleg i både retning og utføring. Her snakka plutseleg rom og rørsle same språk, og koreografien vart meir prega av å kome nettopp frå populærkulturen. Men, med tanke på at turen gjennom museet varte i ein time, ønska eg at eit brot skulle skje med sjølve kombinasjonen.
Sosial dimensjon

Eg er mindre oppteken av opphavet til rørslene og om fokuset mitt og oppfattinga av rørslene endrast over tid. Repitisjonen av koreografien skaper ikkje noko nytt i seg sjølv. For meg blir det viktigaste ved repitisjonen at det enkelt mogleggjer for publikum å bli med på dansen. Ein sosial dimensjon opnast slik opp i verket. Dansarane sjølve legg ikkje direkte opp til dette, då dei er låste i det strenge mønsteret. Men i dei romma der dei tek seg tid, får publikum moglegheita. Den enkle strukturen fungerer som ein invitasjon i seg sjølv – i kjend jump-on-jump-off-stil. Rørslesekvensen er enklarere å lære enn BlimE-dansen. Han er meir som ein «Macarena-dans», men der kvar rørsle repeterast fire, åtte eller tjuefire gonger i ulike nivå og der kroppen forflyttast framover i rommet. Det var til tider fleire som var med å dansa enn dei som såg på. I fontenesalen utvikla trioen seg slik til å igongsetje sosial koreografi, der både barn og eldre låg på gulvet og slo seg på hofta. Dette skapte eit overraskande, men også høgst nødvendig brot, då det også braut med den strenge og høgtidelege atmosfæren som elles pregar museet. Det vart plutseleg meir interessant å sjå på publikum sin versjon av koreografien, då dei lot ansiktet få bli med på leiken.
Det ambivalente
Kombinasjonen Vigeland og instagramvennleg dans er kanskje merkeleg, men det merkelege skaper spørsmål, dissonans og, naturlegvis, eit frisk pust. Det hadde jo vore meir naturleg – klisjé om du vil – å sjå klassiske rørsler og ei form for kroppsleg briljering som kan sidestillast med handverket til Vigeland sjølv. At høgborga for norsk skulpturkunst får besøk av De Naive er slik sett demokratiserande og legg opp til eit uhøgtidleg møte med kjende kunstobjekt. Gjennom rørslene framhevast noko menneskeleg og upolert – noko som står i stor kontrast til Vigeland sitt perfeksjonerte handverk. Det er dette eg opplev at det overordna målet til De Naive er; alle skal med. Samtidig blir desse demokratiserande aspekta utfordra av at performancen kan minne om ein kontradans ved eit kongeleg hoff, og der vi saman med gruppa rører oss gjennom dei mange salane av eit palass. (Publisert 28.11.2019)
Referanser:
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/9vpayw/nei-gustav-vigeland-var-ikke-nazist-jan-kokkin
Anmeldelse av Vigelandsanlegget av Pola Gauguin, Verdens Gang, 3. juli 1945