Dramatikar Konstantin Küspert i Frankfurt. Foto: Astrid Sverresdatter Dypvik

Utanfor komfortsona

(Frankfurt-am-Main): Konstantin Küspert skriv politisk teater av det slaget som det høgre-populistiske partiet Alternative für Deutschland AfD vil stoppe. I mars har Küsperts stykke «Slaveliv» premiere i Noreg.

Frå talarstolen i den tyske forbundsdagen blir det jamleg kravd slutt på offentleg finansiering av venstrevridde kulturuttrykk. Den som står bak er ofte Marc Jongen, kjent som det høgrepopulis-tiske Partiet Alternative für Deutschland (Af D) sin partifilosof. Som kulturpolitisk talsmann for AfD angrip han det han kallar det «venstregrøne establishmentet» som han hevdar dryssar pengar over kulturuttrykk som fremjar diversitet og multikulturalisme.

Rundt om i Tyskland følgjer meiningsfellar opp i det som blir kalla ein kulturkamp frå høgre. Verkemidla i denne kampen er hatpost, trugsmål, vald, demonstrasjonar og krav om at teatera må ta enkeltstykke av plakaten og erstatte dei med meir oppbyggeleg materiale.

Eit eksempel på korleis kulturkjemparane går fram er då teatret i byen Halle sette opp stykket Angsten et sjela. Stykket er basert på Rainer Werner Fassbinders film med same namn frå 1974. Det skildrar ei kjærleikshistorie mellom ei tysk kvinne og ein 25 år yngre marokkansk gjestearbeidar. Fordommar og frykt spelar ei viktig rolle i forteljinga.

Frå talarstolen i delstatsforsamlinga i Sachsen-Anhalt sa AfD-politikaren Hans Thomas Tillschneider at stykket var «upassande» og kravde at teatersjefen måtte få sparken og bli erstatta av ein «karakter av typen Attila Vidnyánszky». Vidnyánszky er direktør ved nasjonalteateret i Ungarn. Den stillinga fekk han etter at Ungarns autoritære leiar Victor Orban fjerna forgjengaren.

Draum og skrekkscenario

Den 38 år gamle dramatikaren Konstantin Küspert er inkarnasjonen av det kulturkjemparane på ytre høgre fløy vil stoppe.

I vår skal Küsperts stykke Slaveliv setjast opp på Det Norske Teatret. Det er første gong Küspert blir spela på ein norsk teaterscene. Stykket blandar politisk filosofi, science fiction og satire. «Når ein er i Küsperts univers, er ein alltid litt usikker på om ein har hamna i ein vakker draum eller i eit skrekkscenario», skreiv avisa Süddeutsche Zeitung om han.

Han er dramaturg ved Schauspiel Frankfurt og kledd i svart når eg møter han. Underarmane er grundig tatoverte og han kjem til intervjuet på transportsykkel. Vi møtast i museumsdistriktet. Derifrå kan ein sjå over til bankdistriktet og høghusa der Deutsche Bank, Den europeiske sentralbanken og alle dei andre store finansinstitusjonene held hus.

– Frankfurt er ein livsfarleg plass å sykle, seier han, men han gjer det altså likevel.

Hovudproblemet er dei store bilane og den aggressive køyrestilen til folka i bankdistriktet,fortel han. I teaterstykka han skriv blir mange av problema han skildrar hekta på nettopp denne samfunnsgruppa.

Idear, framfor alt

– I Noreg står familiehistorier og karakterar som ein kan identifisere seg med sterkt. Du skriv på einannanmåte?

– Eg har stor respekt for den vesle verda og for psykolo-gisk realisme. Det er jo klart at dette må å stå sterkt i Noreg. Ein står jo i tradisjonen etter Ibsen. Det er fantastisk litteratur. Men eg kan ikkje skrive slik. Karakterpsykologi ligg ikkje for meg, eg får det ikkje til.

Küspert har studert statsvitskap og filosofi i tillegg til teatervitskap. Han hentar ofte stoffet sitt frå dette universet.

– Skal vi, arten vår, få ei god framtid, må det skje store forandringar. Over heile Europa opplever høgrepopulistiske rørsler ei blømingstid. Ein klimakatastrofe ventar oss. Vi har eit kapitalistisk samfunnssystem som fører til aukande forskjellar og meir urettvis fordeling. Difor må ein bruke den moglegheita ein har til å ta opp visse spørsmål. Teate-ret er den arenaen eg kan bruke til å nå ut i verda.

Stykket Slaveliv tar for seg kolonihistoria. Det handlar om trekanthandelen, om skipa som frakta våpen frå Europa til Afrika og slavar frå Afrika til Amerika, for så å frakte råvarer, produsert ved hjelp av slavar, tilbake til Europa.

Det handlar om europeisk velstand og om utbytting av arbeidsmigrantar, om flyktningar og om den stolte europeiske humanistiske tradisjonen. Han stiller spørsmål om kven denne humanismen eigentleg har plass til. Kven er innanfor og kven fell utanfor?

Kan ikkje kome unna

Küspert fortel at han byrja skrive historier på same tid som han lærte seg bokstavane. Han kjem frå det han kallar ein teaterfamilie. Han spelte teater på skolen, i ungdomskubben, på frie scener. Sidan studerte han teatervitskap.

– Eg vart tatt av teateret då eg var 14, og det har aldri slept taket i meg.Teater kan gjere noko inga anna kunstform kan. Teateret kan skape ein situasjon som ein ikkje kan trekke seg unna. Ein er til stades i rommet, med skodespelarane, utlevert til situasjonen og kan ikkje bytte kanal, som på tv. Når det fungerer, er det så utruleg bra, seier han.

– I stykket Slaveliv er det ein slik situasjon. Det er ein dialog som handlar om forskjellen på å vere svart og kvit. Då eg leste det, tenkte eg at dette kan bli fantastisk, eller det kan bli ein skandale.

– Ja, det kan det. Eg ville nagle akkurat denne spesielle situasjonen fast for å sjå kva som skjer.

Akkurat kva som skjer i stykka til Küspert er ein prosess som aldri stoppar. Stykket Slaveliv er eit godt eksempel på det. Küspert skreiv teksten etter å ha diskutert temaet med Jan Cristoph Gockel, som skulle sette det opp på Schauspiel Frankfurt. I den versjonen som vart vist på scenen, var mindre enn halvparten av den opphavlege teksten med. Mesteparten var nytt, skapt i ein kollektiv prosess av skodespelarar, regissør og Küspert sjølv.

Peer Perez Øian, som skal regissere stykket, fortel at Det Norske Teatret vil lage ein eigen variant, ein hybrid av Frankfurt- og originalversjonen.

– Eg likar at arbeidsprosessen er kollektiv og at verket ikkje er ferdig når eg sender det frå meg. Fleire kunstnarar må arbeide med det før det blir eit ferdig produkt, seier Küspert.

– Du er ikkje ein slik som ikkje toler at nokon tuklar med teksten?

– Om eg ikkje hadde tolt det, hadde eg ikkje heldt på med teater. Då hadde eg skrive prosa eller lyrikk. Då ville eg hatt kontroll over sluttresultatet.

– Har det skjedd at du har vore sterkt ueinig i val regissørar har gjort når dei har sett opp stykka dine?

– Det har skjedd. Men det har løyst seg. Ein støyter jo mot grensene av si eiga førestillingskraft og si eiga tenking. Frankfurtversjonen av Slaveliv har fått ein annan kvalitet enn det eg kunne ha gitt det åleine.

Küspert skriv også saman med kona si, Annalena Küspert. Eit av stykka dei har skrive saman heiter Der Reichsbürger. Reichsbürger er ei verkeleg, høgreradikal rørsle som også opplever eit oppsving i kjølvatnet av høgrepopulismens inntog i den tyske politikken.

Ein Reichsbürger anerkjenner ikkje den tyske, demokratiske forbundsrepublikken og synest at det tyske keisardømmet, den tyske staten som fanst før Weimarrepublikken, er den siste verkeleg legitime tyske staten.

– Eg kan ikkje skrive saman med kven som helst, men Annalena er jo kona mi, så vi kjem jo godt overeins i utgangspunktet. Eg synest også det er viktig å ikkje mure seg inne med sine eigne tankar, men å også gå i dialog med andre.

Satire og brodd

Süddeutsche Zeitung skriv om Küspert at han har stilistisk kompleksitet og samstundes verkar oppriktig. Stykka hans blir kalla «eit tilbod om å ta eit steg tilbake, ut av den evige drøvtygginga av meiningar.»

Ein annan måte å presentere Küspert på er å seie at han er tydeleg politisk, har sterk satirisk brodd og at han ofte bruker Verfremdungseffekt. Det kan høyrest litt ut som ein annan tysk forfattar som er mykje spelt på norske teater.

Küspert har eit komplisert forhold til Bertolt Brecht.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva forhold eg har til Brecht. Eg er sjølvsagt sosialisert inn i eit teater- og kunstmiljø som er sterkt prega av Brecht. Men eg er ingen stor fan. Eg synest han er kvinnefiendtleg.

Han nemner namnet Marielouise Fleißer som eksempel. Fleißer var dramatikar og hadde eit nært samarbeid Brecht. I 1929 regisserte Brecht Fleißers stykke Pioniere in Ingolstadt (Pionerer i Ingolstadt). Oppføringa vart ein av dei største teaterskandalane i Weimar-republikken, mellom anna på grunn av det som på den tida vart rekna som ei svært eksplisitt framstilling av sex.

Som følgje av skandalen måtte Fleißer flytte frå heimbyen Ingolstadt. Fleißers eigen familie braut med henne etter oppstusset. Brecht kom heldigare ut av det, og fekk nye samarbeidspartnarar og nye oppdrag.

Küspert misliker dyrkinga av Brecht som geni, men seier at han ser at Brecht ikkje er til å kome forbi.

– Eg ville nok ha skrive annleis utan Brecht og ha tenkt annleis om teater. Det ville kanskje alle? For min del må eg seie det same om Sarah Kane. Eg er meir begeistra for henne enn for Brecht, seier Küspert.

Det post-koloniale

Han framhevar den britiske fantasy-forfattaren Terry Pratchet som ein stor inspirasjonskjelde, «eineståande, unvergleichlich, full av idear og utruleg morsom»

Han les også mykje nevrovitskap, psykologi, naturvitskap og samfunnsforsking. I Slaveliv står postkolonial teori og spesielt arbeida til Frantz Fanon og Achille Mbembe sentralt.

– Desse tankane er jo også viktige i dag, seier han.

Ein kort periode før den første verdenskrigen hadde Tyskland koloniar i Namibia, Kamerun og Togo og i det som vart kalla tysk Aust-Afrika. I desse åra tok dei tyske kolonistane med ei enorm mengde kunstgjenstandar tilbake til Europa. I dag har tyske muse-um meir enn ti tusen gjenstandar frå denne tida.

Den tyske regjeringa har vedteke at ein skal starte eit arbeid for å levere gjenstandane tilbake til opphavslanda. Førebiletet for denne prosessen er tilbakeføringa av kunst som vart stole av nazistane. Men i tilfellet med dei afrikanske kunstgjenstandane er både det juridiske rammeverket og sjølve debatten meir komplisert.

– I denne diskusjonen blir det spurd om korleis kan vi vere sikre på at kunstskattane faktisk ender opp på museum og at museet har rett luftfuktigheit og temperatur. Dette er white saviour-mentalitet. Det er kolonialistisk mindfuck av same type som ein dreiv på med for 150 år sidan.

Tyske militære troppar gjennomførte eit folkemord i Namibia mellom 1904 og 1908. Offera var herero- og namafolket, som gjorde opprør mot koloniveldet. Opprørarane vart erklært som eit uønska folk. Så vart dei jaga inn i Kalahariørkenen. Tyske troppar forgifta brønnene i området.

– Det er nesten utruleg kor vanskeleg Forbundsdagen framleis synest det er å anerkjenne at det vart gjort eit folkemord. Eg meiner at ein ikkje berre må anerkjenne skuld. Ein må også anerkjenne det finansielt.

– Tyskland har jo gått langt i å anerkjenne skuld når vi snakkar om den andre verdskrigen?

– Ja, men berre inntil ein viss grad. Så kjem AfD, eller nokon andre og seier at no må vi kunne snakke om noko anna, vi har jo gjort opp for oss. Eg trur ikkje på kollektiv skuld, men eg synest det skulle finnast ein kollektiv skam. Eg var ikkje med på å jage hereroar inn i ørkenen. Eg har ikkje vore med på å slå ned eit opprør. Men folk som har snakka det same språket som meg har gjort det. Folk som har lært Schillers «Sangen om klokken» utanatt på skolen, folk som har lese Goethe og levd der eg lever, har gjort det. Det er skamfylt. Og det må vi kunne snakke om.

Dei gode menneska

I dag finst kalkulatorar der ein kan rekne ut sitt eige karbonavtrykk lett tilgjengeleg på nettet. Ein kan finne vekta av shoppingbagen, kjøttmiddagar og helgeturar med fly. I Slaveliv reknar hovudpersonane ut kor mange slavar som må vere i arbeid for at dei sjølv skal kunne halde oppe sin livsstil.

– Høgrepopulistar gjer narr av diskusjonar om slikt som karbonavtrykk. Gutmenschen (det tyske motsvaret til Frp-politikar Sylvi Listhaugs godhetstyranni, journ. anm.) er fienden deira. Du gjer også narr av Gutmenschen, men på ein annan måte?

– Gutmenschen er eit veldig rart ord. Kva skal ein vere om ein ikkje er god? Kva skal ein elles strebe etter? Skal ein strebe etter å vere vond?

Küspert vippar opp beinet og peikar på skoen sin. Det er ein svart, kraftig vintersko laga av Pinatex, eit læraktig materiale av ananasfiber. Pinatexen er produsert i Portugal, skoa i Berlin, fortel han.

– Dei er laga av fagfolk som får betalt skikkeleg. Det er handverksarbeid. Dei kostar 150 euro. Det er kanskje ikkje billeg, men eg var nettopp i ein skobutikk som selde Timberland-sko. Ein har truleg brukt alle tenkjelege giftstoff for å garve skinnet og ein kan vere heilt sikker på at den som laga skoa ikkje fekk den løna dei fortener og at produksjonsprosessen har fryktelege miljøkonsekvensar. Og veit du kva dei kosta? 270 euro. Berre fordi det står Timberland på dei. Det er jo det som er absurd.

Küspert lever også som eit Gutmensch i matvegen. Han har vore veganar sidan han var 20 og satsar på kortreist, sesongbasert mat frå økologisk produksjon. Aller helst skal det vere biodynamisk.

– Det er ikkje akkurat medstraums å leve slik. Det er lettare å velje Timberland og kjøtt frå industrialisert husdyrproduksjon?

–Ein må jo jobbe for det på ein måte som berre er mogleg for eit lite sjikt av befolkninga. Marknaden vil jo noko anna. I Tyskland seier ein alltid at marknaden skal ordne opp. Men bilindustrien blir redda med milliardtilskott, sjølv om dei systematisk laug til offentlegheita om klimagassutslepp gjennom mange år. Og bankane vart redda. Elles skal marknaden ordne opp i alt.

Det enkle og det vanskelege

Partiet AfD voks seg stort og kraftig i kjølvatnet av flyktningkrisa i 2015. Krisa er over, men AfD har klart å etablere seg. Partiet har 90 plassar i forbundsdagen1 og har den siste tida heldt seg stabilt på mellom 12 og 14 prosent på landsbasis.

– Korleis merkar de denne kulturkampen som AfD vil ha?

– Det er slik som meg dei er ute etter. Men motstanden er stor. Dei vinn ikkje fram utan kamp. Teatra set seg til motverge. Dei forstår veldig godt kva AfD vil. Det Af D seier minner om nazistanes angrep på degenerert kunst.

Küspert seier ikkje at AfD er nazistar, men at dei har ei liknande haldning til kultur.

– God kunst har ingen politisk agenda. Kunsten viser fram visse ting, og overlet det til dei som ser å finne svar. Og det er AfD redde for. Dei arbeider med nokre spesielle psykologiske knep, akkurat som alle andre populistar.

Küspert seier at populistane tilbyr enkle svar på vanskelege spørsmål. Sjølv tilbyr han vanskelege svar på enkle spørsmål.

– Det er lettare å seie at det er flyktningane som har skulda enn å seie at det er det økonomiske systemet som du også er ein del av som skaper ein svært kompleks urettvise i samfunnet, og at du må faktisk også gi slepp på nokre godar for å skape rettferd.

Kjelder

«Geraubte Kunst zurück nach Afrika», Deutschlandfunk, 16.09.2019.

«Wir wollen die Stimmung im Land drehen», Der Spiegel 20.01.2018.

«Druck von Rechts», Süddeutsche Zeitung, 27.08.2019.

«Hier spricht die Molekulargenetik», Süddeutsche Zeitung, 02.03.2017.

Note
* Partiet fekk 94 plassar ved valet i 2017, men fire personar har meld seg ut av gruppa.

Finnes i utgave::