Kostymedesign og kritisk tenking
I dag opnar videobiblioteket costumeagency.com, som eit ledd eit kunstnarisk forskingsprosjekt i regi av professor i kostyme Christina Lindgren ved KHiO. Saman med dramaturg Sodja Lotker frå Academy of Performing Arts i Praha og omlag 80 kostymedesignarar og utøvarar, undersøkast kostymet sin eigenart og performativitet. Konferansen Critical Costume 2020 går av stabelen 21.- 23. august, og markerer eit høgdepunkt i eit ganske så lite utforska fagfelt innanfor scenekunsten.
– Korleis vart ideen om ein konferanse om kostymedesign til?
Christina Lindgren: I 2017 var Sodja Lotker invitert som gjestelærar på Kunsthøgskulen i Oslo. Under ei omvising på fakultetet for scenekunst, då ho fortalte om arbeidet sitt som kunstnarisk leiar for Praha Kvadrinnalen [The Prague Quadrennial of Performance Design and Space], bemerka ho dei flotte fasilitetane ved fakultetet. Her burde ein arrangere ein festival, uttrykte ho. KHiO er heilt spesiell med tanke på talet scenar og rom for scenekunstproduksjon, og bemerkinga til Sodja vart startskotet for prosjektet. Fagfeltet er svært lite utforska og det vart difor naturleg å velje å være vertskap for ein akademisk konferanse i tillegg til å drive kunstnarisk forsking. Det første steget vart difor å søke støtte frå Norwegian Artistic Research Program, som legg til rette for forsking i grupper.
Sodja Lotker: Etter å ha arbeida med Praha Kvadrinnalen i femten år – som hovudsakleg viser fram scenografi og teaterarkitektur – såg eg at vi burde gjere noko for å representere kostymedesign. Kostymedesign har generelt vore underrepresentert ved Kvadrinnalen, til tross for at kostymedesignarar alltid har vore aktivt tilstade i arrangementa. For meg er det feminine aspektet som ligg til kostymedesign særs viktig med tanke på representasjon. Både lysdesign og scenografi har hovudsakleg blitt drive fram av mannlege aktørar, medan kostymedesign har primært vore prega av kvinneleg arbeidskraft. Slik handlar det å gi auka fokus og merksemd til kostymedesign mykje om frigjering.
– Er det slik at kostymedesign står lågare i hierarkiet som er scenekunst?
S.L.: Absolutt! I tillegg til at det er rekna som eit kvinnedomene meiner eg at denne plasseringa er eit resultat av at feltet, akkurat som mote og klede, blir sett på som overfladisk. Arbeidet med å fremje kostymedesign er difor ei djuptgåande frigjering av estetikk. Uttrykket seier: «Clothes do not make the man». Sjølv om klede ikkje skaper mennesket, meiner eg at kleda definitivt er med på å uttrykke det. Kleda sin funksjon handlar i stor grad om kommunikasjon. Klede bør reknast for å vere eit estetisk verktøy som vi alle nyttar dagleg.
C.L.: Også motedesign er definert av lite forsking, noko som er merkeleg med tanke på kor viktig mote og klede er i liva våre. I alle kulturar og til alle tider har mennesket kledd på seg. Dette er eit faktum som har påverka forskinga på kostymedesign.
S.L.: Vi snakkar i dag mykje om ny-materialisme. Kleda er noko som ligg i skiljet mellom kroppen og verda; mellom det menneskelege og ikkje-menneskelege. Forholdet vårt til klede skaper eit direkte samband til det ikkje-menneskelege fordi plagget oftast har menneskeleg form, sjølv om det ikkje er ein menneskeleg gjenstand. I teateret er klede og kostymer viktige fordi dei markerer ikkje-menneskelege ting som tilfører noko anna enn utøvarane. Klede gjer meir enn å understreke narrativet; dei kan fungere medskapande. Slik innehar dei eksperimentelle nivå som gjer at dei kan skape sine eigne liv på scena. Reint politisk er dette svært viktig.
– Har moteplagget ein tydelegare autonomi enn kostymet?
S.L.: Moteplagget er ikkje autonomt fordi moten er ein så stor del av verdsøkonomien og er styrt av store føretak. Dette er eit faktum som vi som arbeider med scenekunst stort sett ikkje må forholda oss til.
C.L.: Det er også viktig å tenke på at moten berre er ein liten – men samtidig ekstrem – del av alt som er klede. Alle går med klede, men ikkje alle går med moteklede. I forskinga vår fokuserast det meir på bruken av klede og den verkinga dei har i det totale systemet som dei inngår i. Kledas agens. Eg meiner at klede i scenisk framføring er svært samanfletta med dei andre performative elementa: Utøvaren, handlinga, talen, lyset, scenografien, rørsla, den fysiske kroppen og så vidare. Slik er det vanskeleg å definere kor grensene går, då dette alltid vil vere flytande. Teoretikar Aiofe Monks seier: «Når vi snakkar om skodespelaren snakkar vi ofte om kostymet, og når vi snakkar om kostymet snakkar vi ofte om skodespelaren». I moten skal kroppen i hovudsak presentere plagga, medan det sceniske kostymet skal fungere medskapande i utviklinga av førestillinga.
– Kva er ambisjonen med konferansen?
C.L.: Critical Costume er både eit nettverk og ein sjølvstendig plattform for forskarar og scenekunstnarar som er interesserte i kostymedesign. Tidlegare har dei arrangert konferansar i både Storbritannia og Finland. Årets arrangement, som skjer i Oslo, vil skje som ein konferanse og ei utstilling. Opprinneleg var idéen å la seksti talarar presentere ulike arbeid og forskingsprosjekt i ei tradisjonell og akademisk innramming. På grunn av Covid-19 har vi valt å gjere konferansen digital, og nå vil dei seksti presentasjonane bli publisert i eit videobibliotek som frå publiseringsdagen vil forbli gratis tilgjengeleg for alle. Vi har i tillegg satt saman førti arbeidsgrupper som vil diskutere videopresentasjonane og dess tematikkar, i tillegg til panelsamtalar utover hausten.
S.L.: Då vi starta arbeidet ønska vi at det skulle vere eit kunstnarisk forskingsprosjekt som enkelt kunne bli delt. Vi ønska å skape ein plattform for diskusjon og utveksling og ved å inkludere så mange designarar som mogleg. Dette er essensielt for feltet, då vi alle treng større innsikt og kunnskap i å kunne snakke om og verbalisera arbeidet.
C.L.: Berre dei siste femten åra har det blitt skrive bøker spesifikt om kostymedesign i scenekunst, da kostyme tidlegare har blitt rekna som kun ein del av feltet motedesign eller feltet scenografi. Det første tidsskriftet om kostymedesign vart publisert i 2015. Den sjølvstendige forskinga er framleis ny, men blomar nå meir enn nokon gong då kunstnarar, akademikarar og teoretikarar samen bygger diskursen om feltet.
– Korleis er det å ta ein tematikk og eit felt som i stor grad handlar om taktilitet og ei fysisk oppleving inn i eit digitalt format?
S.L.: Det er vanskeleg, men det kjennes godt å ikkje måtte gi opp. Eg er svært glad for at vi fortsetje og framleis får samle feltet.
C.L.: Vi har brukt mykje tid på å tenke på korleis vi kan overføre dette på ein ny måte i eit nytt format. Arbeidsgruppene og paneldiskusjonane gjer at vi nå føler at vi faktisk får til ein heil del som vi ikkje ville ha fått om vi skulle ha arrangert konferansen som vanleg. Vi vil nå til dømes få eit rikt bibliotek som vil vere viktig for den framtidige utviklinga av feltet.
– Kva verdi ligg det i kritisk tenking rundt kostymedesign?
S.L.: Kritisk tenking er viktig, og er kanskje resultatet av dei nye måtane vi har laga teater på dei siste 30-40 åra, ved å gå vekk i frå realistiske kostymer – kostymer som berre har som funksjon å skape tid- og stadspesifikke illusjonar. Frigjeringa frå narrativet har gjort det mogleg å skape abstrakte kostymer. Det er eit behov for å skrive om desse kostymene fordi det ikkje alltid er enkelt å tolke kva dei gjer eller tilfører. Kostymet har blitt eit sjølvstendig kunstnarisk verktøy.
C.L.: Grunnleggerne av konferansen Critical Costume, Rachel Hann og Sidsel Beck, sa i 2013: «Costume is critical. It is critical to making performance, critical to spectatorship, critically overlooked within scholarship, notable when in crisis, and a means of critically interrogating the body. It is therefore critical that we discuss costume.*
Forskingsprosjektet vårt heiter Costume Agency. Det handlar om kostymet si eigenart og performativitet, noko som også er tematikken for konferansen. Vi ønsker at heile feltet kostymedesign skal dele korleis dei forskar på dette, gjennom både akademisk og kunstnarleg tilnærmingar. Kostyme angår også alle som er involverte i ei førestilling og denne forskinga kan kome alle til del. (Publisert 08.08.2020)
Fotnote
* Hann, Rachel og Beck, Sidsel: Critical Costume. I tidsskriftet: Studies in costume for performance. Scene. Volume 2 numbers 1 & 2 © 2014 Intellect Ltd Editorial. English language. doi: 10.1386/scene.2.1-2.3_2