Kyrre Eikaas Ottesen (Eddie Capone) og Idun Losnegård (Beatrice), i «Frakt under havet». Teater Vestland. Foto:

Låg terskel til stor klassikar

(Førde): Kyrre Eikås Ottesen er Eddie Carbone, fullt og heilt, slik Eddie Carbone også er seg sjølv fullt og heilt i Teater Vestland si dramatisering av klassikaren «Frakt under havet». Difor går det gale med han. Rolleprestasjonen derimot, er formidabel.

Publisert Sist oppdatert

For fjerde gong regisserer Bentein Baardson Frakt under havet av Arthur Miller. For andre gong instruerer han Kyrre

Eikås Ottesen i ei hovudrolle i ein klassikar frå verdsdramatikken, førre gong i Privat-timen av Eugène Ionesco, også ved dette teatret.

Frakt under havet

Av Arthur Miller

Omsetjing: Ola E. Bø
Regi: Bentein Baardson
Scenografi og kostymedesign: Siri Langdalen
Dramaturg: Bodil Kvamme
Lysdesign: Krystian Myska

Teater Vestland, 1. november 2020

Forløysing og saumlaust samspel

Noko verkar til å ha blitt forløyst i arbeidet. Det spesifikke; Hamna frå 50-talets New York, dei illegale immigrantane frå Italia, lossing og lasting i båtane, er berre ei ramme kring det allmenne: Handlinga skildrar korleis omstenda skiftar for bryggesjauaren og familiemannen Eddie Carbone. Alt står plutseleg og uventa på spel. Alt han har vore, alt han har hatt. Han må gje slepp, men held fast. Tida går i frå han, slik ho har gjort for menn før han og vil gjere for menn etter han. Alle kan sjå det, og alle vil finne noko av seg sjølv i Kyrre Eikaas Ottesen si gneistrande tolking av Eddie Carbone, lysande av kjærleik, frådande i fortviling, forderva av å tvihalde på alt sitt.

Forløysinga vi ser spele seg ut i hovudrolla, kviler på eit finstilt, saumlaust kammerspel i den vesle familien vi fylgjer. Carbone si snart vaksne niese Catherine vert spelt av Reidun Melvær Berge. Kona Beatrice, Catherine si tante, av Idun Losnegård. Kjærleiken i familien er overtydande kompleks, dels komisk og dels tragisk. I den vedvarande, trøyttande småkranglinga mellom ektefellene, går replikkane i rasande, mumlande fart med ein presisjon som berre eit gamalt ektepar eller to skodespelarar som kjenner den andre sin timing og temperatur som sin eigen, kan prestere. I Idun Losnegård si tolking veks Beatrice fram som heltinna i forteljinga, ved stadig å vere faneberar for løysinga; Å lytte. Å snakke. Å møtast på halvvegen.

Raust tolkingsrom

Reidun Melvær Berge let den barnlege kjærleiken Catherine syner for onkelen sin, vere overstrøymande, sprudlande og full av glede. Slik kan det ikkje halde fram. Ho er snart ei vaksen kvinne. Ut over rolleprestasjonane i det faste ensemblet ved Teater Vestland peikar dette mot stykket sin andre store styrke: Bentein Baardson gjev publikum eit raust tolkingsrom i denne dramatiseringa. Kva type kjærleik er det eigentleg Eddie kjenner for niesa si? Kvifor orkar han ikkje vere saman med kona si, slik ho gjerne vil? Framsyninga held fram ein heil palett av potensielle svar. Dermed peikar regissøren også tilbake på deg og meg, på oss som ser, trur og tolkar. Kven er eg, i denne forteljinga? Er eg mistenksam og konfliktsøkande, som Eddie? Naiv, som Catherine? Ser eg etter løysingar og kompromiss, som Beatrice? Kven er eg dermed, i andre forteljingar, i kvardagen, i samtida? Korleis vil det gå, i dei historiene eg sjølv får vere med i?

Sjølv om dei nære relasjonane med sine arketypiske konfliktliner er dominerande i dramaet, finst det ein sofistikert diskusjon om fridom, humanisme og menneskeverd i ytterkantane av historia. Desse perspektiva kjem best til syne gjennom Torfinn Nag si framstilling av forteljaren Alfieri sine brot og innsmett. Han vender seg til publikum og fortel i retrospekt, allvitande og med tilvising til sin autoritet som advokat. Men ikkje ein gong lova kan hjelpe Eddie Carbone.

Blir verande framande

Inn frå aust kjem uro og endring. Omstenda skiftar. Når dei to søskenbarna til Beatrice entrar scena og flyttar inn i det vesle husveret, kjem den finstilte familiedynamikken ut av balanse. Brørne Marco og Rodolpho er ulike som natt og dag. Castinga av Torgeir Reiten og Joakim Thrane i rollene understrekar kor umake duoen er, det gjev stort spelerom for typeteikninga, som vert godt utnytta. Joakim Thrane sin lyse, leikande Rodolpho er overtent og spinnvilt glad over å vere framme i Amerika, han viser straks alle kunstane sine til damene i huset si store fryd.

Dei samspelte, faste skodespelarane ved teatret har eit så sterkt og overtydande truverd i relasjonane seg i mellom, at det blir ei krevjande øving å få dynamikken til å fungere like godt med Reiten og Thrane på scena. Dei er og blir framande desse to. Det nynorske scenespråket er i dialektnære interpretasjonar, men den nynorske skrifta har ulik avstand og nærleik til talemåla i ensemblet. Frakt under havet ville kledd større språkleg fridom i det munnlege, dialektnære scenespråket, noko som ville ha fordra eit større språkleg arbeid med manus.

Låg terskel til verdsdramatikken

Teater Vestland si dramatisering av Frakt under havet byggjer ned terskelen til den klassiske verdsdramatikken. I Siri Langdalen sin dempa og stilsikre scenografi får stykket uforstyrra trekkje sine slektsliner til Brecht, Ibsen og Shakespeare, men briskar seg ikkje med dei. Derimot har stykket noko langt meir vesentleg på hjartet, til oss, no:

«Kompromiss er et av de vakreste ordene vi har» skreiv Thorvald Stoltenberg i eitt av sine siste innlegg i dagspressa, som ein Alfieri frå verkelegheita. For å kunne kompromisse må ein kunne kommunisere om det vesentlege. A view from a bridge - eit perspektiv utanfrå, gjev innsikt i den denne bodskapen, frå salen eller frå himmelen, om du vil. (Publisert 02.11.2020)

Powered by Labrador CMS