«The naked emperor», graffiti av Edward von Lõngus, 2015.

Keisarens nye klede

Om prosjektet Scenografi som tekst, framsyninga «Fotballspelet», draumar og røynd, ytringsrom, kritikk, harselas, sjanger og frykta for å miste eit godt omdøme. Korleis står det til bak fasaden i det frie scenekunstfeltet? Dordi Strøm svarer Petter Width Kristiansens debattinnlegg «Scenografi-anmeldelse med hilsen Dale» (21.11.2020)

Om fotball og menn for alle og ingen

Framsyninga Fotballspelet, vist under Teaterfestivalen i Fjaler i år, var ikkje godt teater. Det skriv eg om i teksten Om fotball og menn for alle og ingenpå Scenekunst.no, 5. oktober 2020. Skodespelar Petter Width Kristiansen, som sjølv

Relaterte saker

Debattinnlegg av Petter With Kristiansen, 21.11.2020: 

http://shakespearetidsskrift.no/2020/11/scenografi-anmeldelse-med-hilsen...

Anmeldelse av Teaterfestivalen i Fjaler, 2020: 

http://shakespearetidsskrift.no/2020/09/dale-som-sentrum

var med i framsyninga, likar ikkje det og i sin kommentar her på Shakespearetidsskrift.no kallar han det eg skriv for «uetterrettelig». 

Sjølv er Kristiansen skodespelar i framsyninga, og han er kjend frå før som ein svært lojal medarbeidar i kompaniet Vinge/Müller. 

Scenografi som tekst, og sjanger

I prosjektet Scenografi som tekst skriv eg om kva scenografi er og kva scenografi gjer

Eg skriv om estetikk og kunstnariske val, om produksjonsvilkår for scenografi, om kunst, kjøn og makt – og om blinde flekkar. Tekstane eg skriv er essay og denne sjangeren tillatar meg å bruke røynda som eit høve til å reflektere og fabulere over allmenne problemstillingar. 

Petter Width Kristiansen synest å meine det stikk motsette: at i essayet så er forfattaren meir forplikta ovafor røynda. Dette er å snu den alminnelege forståinga av kva eit essay er, på hovudet. Men eg skal ikkje bruke meir tid her på å diskutere sjanger. Det vil eg overlate til litteraturvitarar.

Slik eg ser det er scenografi scenetekst, og kostymedesign er scenetekst. Det betyr at dei vala som scenografen og kostymedesignaren har gjort i ei framsyning, kan lesast. 

Med dette utvida scenetekstperspektivet, byrja eg å skrive om scenografi og kostymedesign i 2017, i Ferdaminner fra Fjaler. Dei fleste av tekstane eg har skrive, i dette, og seinare i prosjektet Scenografi som tekst, kan lesast på Scenekunst.no. 

I 2019 fekk eg støtte frå Stiftinga Fritt Ord til å skrive, og eg fekk støtte igjen no i 2020. Det er eg glad og takksam for. Med denne støtta kan eg bidra til å styrke refleksjonskompetansen innan scenekunst generelt, og innan scenografi og kostymedesign spesielt, i det offentlege ordskiftet. 

Festivalen i mitt hjarte

I haust igjen var eg i Fjaler på festival. Det var ei fantastisk oppleving. Som vanleg gjorde bygda, dei frivillige og alle tilsette i festivalen ein formidabel innsats. Festivalen vart gjennomført trass alle koronarestriksjonar og eit forferdeleg vêr. Det skal festivalleiinga og bygda ha honnør for. 

Den store satsinga under årets festival var framsyninga Fotballspelet av scenekunstkompaniet Vinge/Müller. I denne produksjonen deltok det profesjonelle - òg ikkje minst frivillige, i stort tal, med ein innsats og ei glede eg aldri vil gløyme. 

Spel for alle og ingen

Trass i formidabel innsats frå ungar frå kulturskulen i Dale og det utruleg fine korpset i bygda, var framsyninga Fotballspelet ei skuffelse. Då eg gjekk heim etter framsyninga, var det uklårt for meg kvifor kompaniet ville at publikum skulle komme og sjå på dette. 

Derfor hadde eg forventingar til panelsamtalen dagen etter, i kafeen på Samvirkelaget. Dit kom ikkje scenografen for framsyninga Ida Müller. Men regissør Vegard Vinge var annonsert, og han kom og var del av ei offentleg samtale, om framsyninga, og om fotball. Forfattar Dag Solstad og tidlegare ordførar og linjedommar Arve Helle var òg til stades, og samtalen vart leia av poeten og fotballentusiasten Henning H. Bergsvåg. 

Panelsamtale og podcast

Men det Vegard Vinge sa under panelsamtalen var ikkje ei utdjuping av det vi hadde sett kvelden før under Fotballspelet, slik eg hadde forventa. I staden fekk eg, med det Vegard Vinge sa, inntrykk av at han hadde ein blind flekk, både når det gjeld fotball, fotballkultur og norsk fotballhistorie. Dette skreiv eg om i essayet Om fotball og menn for alle og ingen. Det likar ikkje Petter Width Kristiansen. I staden hevdar han at eg «spekulerer i privatlivet» til regissøren. Det stemmer ikkje. 

I essayet stiller eg spørsmål ved det som kom fram under panelsamtalen på Samvirkelaget. Det eg skriv er basert på det regissøren sjølv sa offentleg der. For den som vil høyre panelsamtalen frå Samvirkelaget, så ligg den tilgjengelig for lytting på teaterfestivalen sin eigen podcast på Radio Fjaler på straumetenesta Spotify.

Honorar heime og borte

Eg skriv altså om det som vart sagt, slik eg opplevde det. Sjølvsagt hendte det ting i ettertid –  slik Petter Width Kristiansen og andre fortel om, men det skriv eg sjølvsagt ikkje om, rett og slett fordi eg ikkje var til stades ved dei hendingane han referer til.

Petter Width Kristiansen har fleire ting han meiner er «uetterrettelige». I essayet skriv eg om at kompaniet ikkje vil betale ein potensiell medarbeidar det ho ber om i honorar. I røynda var dette ein mann, men for å beskytte han, gjorde eg han om til ei ho, i essayet. I informasjon eg fekk frå han, dokumentert i ein e-post, kjem det fram at kompaniet meiner det er skilnad på kva ein kan betale ein medarbeidar i honorar i Dale, og på Volksbühne i Berlin. Og slik det kom fram i e-posten fekk ein eit bestemt inntrykk av at i byen betalar ein høgare honorar enn på bygda. Dette syntest eg var interessant, derfor skreiv eg om det. Det likar ikkje Petter Width Kristiansen. 

At kompaniet elles betalar sine profesjonelle medarbeidarar for arbeidet dei gjer, reknar eg som sjølvsagt. Det skulle berre mangle. Kompaniet er internasjonalt kjend, og mottar tung finansiering frå Kulturrådet – og, av det eg veit, så har dei òg eit nytt og tett samarbeid med scenekunstaktørar i Fjaler. Det inneber både offentlege midlar, prestisje og sikkert òg meir dugnadshjelp frå snille bygdefolk. Ingen som les Scenekunst.no, og mitt essay, tvilar vel på at dette kompaniet betalar profesjonelle medarbeidarar for å lage kunst. 

Men kor mykje ein betalar i honorar til kvarandre i det frie scenekunstfeltet, for kva slags innsats og på kva vilkår, det saknar eg ein debatt om. Og det veit eg at det er mange i det frie scenekunstfeltet som gjer.

Keisarens gras

Vidare meiner Petter Width Kristiansen at eg er «uetterettelig» fordi eg skriv at scenografen såg ut som ei grasmatte under framsyninga. Det kan hende Kristiansen meiner noko anna, men av det eg kunne sjå under framsyninga av Fotballspelet, så hadde scenografen på seg eit kostyme, som var gras. I andletet hadde ho måla seg grøn, og ho var grøn frå topp til tå i ei heildekkande drakt, laga av det som såg ut som kunstgras. Ida Müller er ein fantastisk scenograf og kostymedesignar og har tankar bak alt ho gjer. Kvifor ho valde å kle seg i eit grasmatte-kostyme fekk eg aldri sjansen til å spørje henne om. Men eg syntest det var eit interessant kostyme og eit interessant val, derfor skreiv eg om kostymet, og om mi tolking av det.

Om det var noko anna dette kostymet og denne karakteren skulle representere enn gras, så er eg open for andre tolkingar. Kan hende tok eg feil – kan hende var det slett ikkje scenografen eg såg i eit kostyme av gras, kan hende var det keisaren sjølv. Det er Petter Width Kristiansen fri til å klare opp i. Men igjen: Det eg såg der og då, var ein skodespelar eg kjente igjen, som scenografen Ida Müller, i eit kostyme som representerte det eg opplevde som ei levande grasmatte, og i fotballsamanheng er grasmatta, den banen spelet fotball spelast på. Det kan sjølvsagt hende det var humoristisk meint, det skriv eg òg om i essayet. Men for meg, slik eg opplevde det, i denne framsyninga, framstod det ikkje slik.

Rolle og innsats

Petter Width Kristiansen skriv òg at eg er styreleiar for Norske Scenografer i Creo. Det er ikkje rett. Eg har vore styreleiar. Men eg er ikkje det no, og eg var ikkje det då essayet om Fotballspelet vart publisert. Men om eg hadde hatt eitt verv, kan eg ikkje sjå at det hadde vore relevant i det heile. Kunstnarar som sit i verv må kunne ytre seg. Det eg skriv i essayet er ikkje i konflikt med det å ha eit verv.

Essayet speglar mi personlege oppleving av framsyninga Fotballspelet og av panelsamtalen dagen etter. Essayet speglar òg måten arbeidet med produksjonen Fotballspelet vart framstilt på – av bygdefolk og kunstnarar eg møtte, under festivalen. Det inkluderer medarbeidarar i festivalen, som kunne fortelle at produksjonen Fotballspelet var ein svært krevjande produksjon. Meir krevjande, vart det sagt, enn nokon annan produksjon i festivalen si historie. 

Draumar og røynd

Regissøren, og dei andre, får vi tru, som var med på å lage framsyninga Fotballspelet, drøymer om menn. Det kan det vere liten tvil om. Kompaniet hadde laga ein heil katedral av menn til framsyninga. Og på slutten av teksten eg skriv om framsyninga tillatar eg meg å drøyme eg òg. Eg skriv eksplisitt at eg drøymer, og i draumen er det ein mann som er lei av å vere med på dugnad. Petter Width Kristiansen synes å meine at dette òg er «uetterettelig». Igjen er det feil. 

Tvert imot er det oppriktig og ærleg av meg å greie ut for at det er snakk om drøyming, når det er det eg skriv at eg gjer. 

Det finst eit element av sanning i alle draumar. Og eg ser at blant reaksjonane eg har fått på essayet, Om fotball og menn for alle og ingen, så finst det to eller tre som har lese teksten og draumen bokstaveleg, og som blir uroa for festivalen og sitt eige omdøme av å lese om draumen. Så då er det kanskje noko i draumen, tenkjer eg. Eg vil tru det finst folk overalt som er lei av dugnad. Til og med i Fjaler. 

Omdøme og kjensler bak fasaden

Eg forstår at kunst- og kulturaktørar i Fjaler vil ha ros og god omtale. Og det har dei òg fått. Teaterfestivalen og framsyningane som har vore vist der, har knapt sett ein negativ kritikk eller omtale korkje i lokalaviser, i rikspressa eller i bransjemagasin, på ti år. Dette har eg òg bidrege til. I alle dei tekstane eg har skrive, og fått publisert, om festivalen sidan 2017, har eg skrive om fantastiske opplevingar eg har hatt i Fjaler.

Så korleis står det eigentleg til bak fasaden hjå dei største aktørane i det frie scenekunstfeltet, som nyt godt av mangeårig støtte frå Kulturrådet? Skal vi overlate det spørsmålet til krefter utanfor feltet sjølv? Er det berre «dei andre» som skal få kritisere den scenekunsten som kjem til i det såkalla frie scenekunstfeltet og ikkje minst måten den blir produsert på?

Med essayet Om fotball og menn for alle og ingen trakka eg inn i det aller heilagaste på det frie scenekunstfeltet. Eg kritiserte det mest toneangivande scenekunstkompaniet i norsk etterkrigshistorie, og eg stilte spørsmål ved produksjonsvilkår under Teaterfestivalen i Fjaler. Reaksjonane frå begge desse sterke og godt etablerte aktørane i det frie scenekunstfeltet har vore harde og prega av harselas, sterke kjensler og sinne. 

Det tolkar eg til at det er element i kritikken ein vedkjenner seg i det stille, den treff hardt, og det gjer vondt. Og eg tolkar responsen på kritikken, både her på Shakespearetidsskrift.no og på Scenekunst.no, til at det først av alt er omsynet til eige omdøme ein er oppteken av. Ikkje den tematikken eg faktisk tar opp i den konstruktive og til dels fabulerande kritikken eg kjem med. Det får eg, og andre som er opptekne av eit heterogent ytringsrom, berre ta til etterretning. 

Sluttord

Søknadsskriving til offentlege instansar om finansiering er òg historiefortelling. Suksesshistorier gjer utteljing og fenomenet omdømebygging har forlengst nådd kunst og kulturfeltet, til og med det frie scenekunstfeltet. Det er mange som følger med, og vurderer eit omdøme, om det er godt nok, ikkje minst dei som sit og skal fordele midlar.

Om ein får kritikk av den sorten som krev av ein at ein må gå i seg sjølv som organisasjon eller kunst- og kulturaktør, så bør ein gjere nettopp det. Og ein må ønske kritikken velkommen. Omsynet til eige omdøme må ikkje få kneble kritikken og den frie ytringa. (Publisert 16.12.2020)