Nadverden-scenen i «The New Gospel», regi: Milo Rau. Foto: Armin Smilovic

Er det mogleg å lage ein ny Jesus-film i 2020?

Nytt nummer av Norsk Shakespearetidsskrift: «The New Gospel», den nye filmen til teaterregissøren Milo Rau, er ikkje ein film som gir ved dørene. Eller for å seie det på ein annan måte: Her er det mange dører, både inn til Jesu lidingshistorie og ut til verkelegheita slik den er no, i Europa, akkurat på starten av 2020-talet. For å understreke at dette dreier seg om vår heilt nære samtid, er det i rulletekstane heilt sist eit glimt av aktivisten som spelar Jesus med munnbind, skriv biskop Kari Veiteberg og Rolv Nøtvik Jakobsen.

Det er mange brå overgangar i denne filmen og kanskje er det fleire filmar i ein? Vi slår det fast med ein gong: Performance, aktivisme og evangelium, denne filmen er ei trippeleksponering. Både er det ein dokumentasjon av eit forsøk på å setje opp nok ein ny versjon av historia om Jesus med auditions og forarbeid, nokre lange glimt frå denne produksjonen. I tillegg skildrar filmen situasjonen til dei mange illegale, retts- og papirlause, migrantane i nærmiljøet i det sørlige Italia og også samtidige aksjonar for å betre levekåra deira.

Lese mer?
Jeg er abonnent Jeg er ikke abonnent
Logg inn Bli abonnent
Finnes i utgave::