«Raudehette og Ulven» på Teater Vestland, regi: Alex Byrne. Foto: Espen Nyttingnes

Grøn Raudehette tek saksa i eigne hender

(Førde): Teater Vestland sin leik- og improvisasjonsbaserte variant av «Raudehette og Ulven» viser kvifor eventyret blir ståande som ein klassikar: Rikdomen som finst gjennom aktuelle fortolkingar og mulege forteljingar vert spelt fram med stort overskot av eit inspirert ensemble, heilt framme tåspissen på skoa. I premieresalen skubbar små kroppar seg i møte, ytst fram på stolseta.

Publisert Sist oppdatert

Denne iveren etter å møtast i det eventyrlege og magiske som snart skal skje, når ein koronatrøtt kulturmeldar som ein sterk bodskap i seg sjølv,

Raudehette og ulven

Regissør Alex Byrne
Regiassistent Elisabet Topp
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Lysdesignar Krystian Myska
Komponist Gregory Hall
Musikalsk ansvarleg Bård Watn
Dramaturg Elisabet Topp og Cecilie Grydeland Lundsholt
Omsetjing Terje Lyngstad

Førdehuset, 19. mars 2021

tidleg i framsyninga. I artikkelen «Can there be a universal value in art»konkluderer den tsjekkiske litteratursosiologen Jan Mukarovsky slik: — Universal value is in a state of constant genesis. Under premieren fredag kveld, er Mukarovsky sine refleksjonar stadig nærverande, særleg ved hans utleggingar om korleis god kunst vil halde fram med å nå fram til menneska langs vegar ingen endå har gått. Eventyret om Raudhette og Ulven vert skapt på nytt, frå grunnen av. Raudehette går gjennom skogen langs nye stiar i forteljinga.

Leikar, lokkar og lurer

Folkeeventyret om Raudehette hadde alt vandra vide då Brødrene Grimm tok det inn i samlinga Kinder und Husmärchen i 1812. Stadige adaptasjonar seinare er den klassiske forteljinga første tekst ut når den nye teatersjefen ved Teater Vestland, Cecilie Grydeland Lundsholt, skal vise publikum kva det betyr at ho brenn for teater for barn og unge og korleis dette kjem til å vise att i repertoaret.

Med seg på laget har ho regissør Alex Byrne, ein internasjonal kapasitet på deviced theatre. Å leike og improvisere fram både musikk og manus verkar til å ha vore ei vitamininnsprøyting for ensemblet. Dei fire skodespelarane let forteljargleda få fritt spelerom. I ein lur og lett flørtande tone lokkar dei publikum med innover i Mari Lotherington sin smektande skog-scenografi, der ei gylden-gul campingvogn er eit lysande nav i forteljinga.

Utvidar Raudhette-rolla

Jeger Bom Bom er ute av soga, så mykje kan vi røpe. I staden er Anne Wiig si rolleteikning av ei myndig, men samvitsfull Raudehette utvida. Vi møter henne i grønnsakshagen heime hjå mor. – Eg elskar grønnsaker! ropar ho energisk. Saksa ho brukar i innhaustinga vert med til bestemor. Den skal ho snart få bruk for. Raudehette elskar dessutan dyr. Det same gjeld ulven: Han elskar også dyr. Spel og leik med ulike tydingar av ord og replikkar er ein drivar i komikken og i kommunikasjonen med publikum.

Mor og bestemor er til forveksling like i Kathrine Lunde MacKenzie sine tolkingar, men slektsskapen fungerer godt: Herleg plaprande, varmt velmeinande formaningar går i krøll og i ball for vesle Raudehette, framleis i ein komisk, men like fullt kjent stil for små og store som kjem til teatersalen frå hektiske familiekvardagar. Etter ein festleg audition taper Bård Watn kampen om ulverolla. Seinare toppar han laget som frynsete, feminin tømmerhoggar på tampen av historia.

Ein ulv til begjær

Kyrre Eikaas Ottesen si ulvetolking er verdt heile framsyninga aleine. Både karakteren og kostymet drar på ein miks av assosiasjonar; mafioso, gangster og gullgravar til dømes. Frydefullt fråtsande gnafsar han i seg heile bestemor. Briller og perlekjede går ned – og opp att – så heile salen bryt ut i latter. Ulven er sjef, men det er eit jamt lag som står på scena. Alle verkar komfortable i karaktér. Den språklege vekslinga mellom replikkar på dialekt og dialektnær nynorsk fungerer godt for alle fire. – Spel noko ulvemusikk, kommanderer ulven. Sjelfull latino, sløy blues og rytmisk sampling er mellom sjangrane Gregory Hall turnerer i lydspora han har komponert til framsyninga.

Ei løysing til besvær

I essay-samlinga Seks turer i fortellingens skoger forklarar den italienske semiotikaren Umberto Eco at lesaren kan blande seg inn i teksten og korleis alle gode litterære verk er opne og gjev rom for ny erkjenning. Raudehette går gjennom skogen langs nye stiar i forteljinga, men det kunne vore gitt større rom for undring og mysterium, for medskaping og for å dikte vidare; for å finne sin eigen veg gjennom skogen. Ensemblet gjer stadige hopp og sprang ut av fiksjonen og opp i eit metanivå for å gi oss forteljinga om forteljinga. Vekslinga kan vere krevjande å følgje. Viljen til å forklare og avdramatisere er edel nok, men bidrar også til å avgrense tolkingsrommet og stengje for andre erkjenningar enn «den rette», som her vert presentert som ei grønvaska løysing med halleluja-rop. (Publisert 24.03.2021)

Powered by Labrador CMS