Eit av dansestudia i lokala til DOCK 11 EDEN***** i Prenzlauer Berg i Berlin.

So lite smør på so stor flate

Norske Dansekunstnere sitt dialogmøte 8. mars for å kartleggje feltet sine behov kom på tampen av ei rekkje debattar som har rast gjennom dansefeltet.

Publisert Sist oppdatert

Fakta

Dialogmøte arrangert av Norske Dansekunstnere (fag- og kunstnarforbund for dansarar, koreografar og pedagogar)

8. mars 2021

Digitalt

Det har kokt i dansefeltet i det siste. Tillita til Kulturrådet – den økonomiske hovudmotoren for norsk scenekunstproduksjon – heng i ein tynn tråd. Det har vore debatt kring den interne omorganiseringa i Kulturrådet, som mange meiner er ein prosess som ikkje har vore transparent nok og det har blitt etterlyst meir dialog, demokrati og openheit. Utover dette har det vore diskusjonar kring den geografiske skeivfordelinga av tildelte midlar og det har blitt stilt kritiske spørsmål til den kontroversielle podcast-episoden til Kulturrådet med den anonyme Facebookprofilen som er ansvarleg for uthenging av ei rekkje kunstnarar. Norske Dansekunstnere sitt dialogmøte kom på tampen av desse debattane. Sjølv om dette møtet har vore planlagt og utsett på grunn av pandemien sidan mai i fjor, er det ikkje mogleg å sjå på det som ei isolert hending, men gjennom filteret av meiningsutvekslingane frå den siste tida.

Betre vilkår

I overkant av 60 deltakar er til stades på dette digitale møtet på sjølvaste kvinnedagen – verdt å merke seg var at omtrent 90 prosent av oss er kvinner. Møtet, som har som føremål å kartleggje og diskutere feltet sine behov for infrastruktur og virkemiddelapparat i Noreg byrjar med at NoDa, ved forbundsleiar Kristine Karåla Øren og nestleiar Eva Grainger, presenterer handlingsprogrammet. Det er målsettingar for korleis ein kan betre vilkåra for dansekunst, forankra i Granavollerklæringa og Kulturens Kraft frå 2018. Nokre av NoDa sine mål er å auke dansekunsten sin posisjon i samfunnet, auke arbeidsmogligheitar og tilretteleggje for kunstnarisk verke, betre lønns- og arbeidsvilkår og yte rådgivning og service til medlemmar.

Paneldiskusjon

Dagens moderator er dramaturg Melanie Fieldseth. Ho har òg tidlegare vore scenekunstkonsulent, den åremålsstillinga som det har vore so mykje debatt om fordi den nyleg vart avskaffa. Panelet består av Therese Markhus (koreograf, dansar og tidlegare leiar for Regional Arena for Samtidsdans), Peder Horgen (tidlegare NoDa-leiar og no ein del av fagleg utval for dans i Kulturrådet), Sunniva Steine (administrativ leiar ved Dansens Hus) og Emma Lind frå Kulturdepartementet. Kvar og ein får fem minutt til å presentere nokre viktige poeng. Markhus lyftar fram viktigheten av å bruke nettverket vårt, skrive og snakke meir om dans, i tillegg til behovet for ein god infrastruktur for turné, då den spreidde befolkningstettheita i Noreg gjer at det å turnere er dyrt. Steine trekkjer fram kunstnarskapsstøtta og det langsiktige perspektivet den gir, ei ordning som sto utan sidestykkje i internasjonal samanheng på byrjinga av 2000-talet og som sidan har gått gjennom fleire rundar. Ho trekkjer òg fram viktigheten av at institusjonane kan og bør verke som ein styrke for det frie feltet. Horgen lyfter fram at det har vore ein auking på 60 prosent meir søkte midlar og 40 prosent auking i talet på søknader hos prosjektstøtteordninga «Fri Scenekunst – Dans» sidan 2018. Fagleg utval publiserte 2. mars ein tekst på Scenekunst.no, der dei mellom anna tematiserte desse avgrensa midlane og kva dei ekstremt tøffe prioriteringane gjer for feltet. Det er ei opphoping av makt hos Kulturrådet som ikkje er heilt sunn og Horgen meiner at ein må sjå etter ein større breidde i korleis finansiere prosjekt, også utanfor Kulturrådet. Lind frå Kulturdepartementet understreker i sitt 5-minuttars innlegg at mangfald kjem til å bli avgjerande og prege kulturpolitikken framover. Ein må ha fleire med ulik bakgrunn både på, føre og bak scena. Det er heilt klart ein omfattande jobb å gjere her, for også i dag er majoriteten av dei til stades kvite, legg eg merke til. Noreg skal vere eit land der alle kan lukkast, same kva for bakgrunn ein har, vart det sagt i innleiinga i dag. Eg tenkjer at for å aktivt jobbe mot betre mangfald, kan ein òg spørje seg: Korleis kan me sikre mangfald på eit djupt plan, som ikkje berre er demografisk, men også eit kognitivt mangfald der det er rom for ein heil drøss med ulike perspektiv, verdiar og idear?

So lite smør på so stor flate

Situasjonen for kunstnarar blir diskutert av panelet: Skal ein gi mindre til fleire, altså smøre tynt utover, eller meir til færre, altså fokusere på å støtte opp om færre kunstnarskap som igjen kan føre til langsiktige og gode arbeidsforhold? Helst skulle ein jo ville gi meir til alle. Det er her Lind frå Kulturdepartementet kjem med det som er ein dårleg nyheit til alle som er i ferd med å tre ut i eller jobbar i det frie feltet som dansekunstnar: Det er ikkje realistisk med ein auking i Kulturfondet-potten i takt med aukinga av talet på søkjarar og nyutdanna dansekunstnarar. Ein beskjed rett i fleisen – men den er i alle fall ærleg, påpeiker Fieldseth.

Den gløymde koreografen

Me får dele eigne meiningar i break out rooms. Det å tenkje nytt kring det me allereie har er gjennomgåande for det me skal diskutere. Kva fungerer allereie og må vidareførast og kva fungerer ikkje? Koreografar kjenner seg gløymt: det finst ikkje nokon tilsvarande ordning som Skuespiller- og danseralliansen og dei opplever å stå til knea i arbeidsoppgåver med alt ansvar i produksjonar. Dette sjølvstyret er òg eit svakt ledd for den mykje lovprisa turnéordninga Dansenett. I tillegg er royalties-ordningane ikkje gode nok. Koreografar opplever å sende dansarar på turné, til dømes gjennom Den Kulturelle Skulesekken, der dansarane er ute og tener pengar medan dei sjølv har lite att. Det etterlysast ein felles produsentteneste som kan lette arbeidsbyrden (utan at ressursar til dette skal takast frå den allereie eksisterande potten til kunstnarar). Dette behovet kan eg kjenne meg att i. Som utøvande dansekunstnar og koreograf har eg ofte prioritert budsjettet slik at eg til dømes heller kan ta inn ein scenograf eller kostymedesignar i staden for ein produsent, for so å ta på meg alt for mykje produsentsarbeid sjølv. Koreografar skapar jobb for mange og må difor takast betre vare på, er konsensusen.

Møteplassar og lokale

Det etterlysast òg fleire produksjonslokale, meir kapasitet og lågterskel samlingspunkt. Eg samanliknar med Berlin, der eg bur og der det finst mange lokale ein kan leige på timesbasis, spontant og for ein billig penge (3 euro i timen). Det har sjølvsagt med by-strukturen si historie å gjere, då fleire bygg sto tomme etter at muren falt og vart gjort om til produksjonslokale og studio for kunstnarar, men ikkje berre difor: Berlin Senat går aktivt inn med midlar til studioa slik at dei kan tilby subsidierte prisar til dansekunstnarane. Dette skapar eit miljø og det er enklare å oppretthalde ein regelmessig praksis og utforske idear. Ei liknande ordning ville ha vore fordelaktig for Noreg.

Tidsklemma

Dagen er godt organisert med klare retningslinjer for zoom-bruk så me ikkje sløsar tid. Likevel blir det mindre tid til å høyre stemmene frå feltet enn eg kanskje skulle ynskje meg, noko som jo var hovudpoenget med denne dagen. Gruppeleiarane presenterer diskusjonsemna og forslaga som har komen opp i sine grupper i rekordfart. Inés Belli kjem med eit effektivt innlegg som representerer 10-15 personar som har gått saman om ei punktliste med konkrete ynskjer til handlingsplanar som kan betre geografisk spreiing, mangfald og demokrati.

I samla front

«Vi må lære oss å slåss. Slåss i betydningen skape samhold, snakke sammen, vise hverandre solidaritet.» sa Mia Habib i eit intervju på Scenekunst.no 17. feburar. Ho oppmoda slik om at alle gode krefter i scenekunstfeltet må finne saman for å møte dei utfordringane og truslane feltet og enkeltkunstnarar står ovanfor. I siste del av møtet, der det er ei lita luke som er open for generelle innspel, blir det i tråd med Habibs utsegn frå fleire kantar ytra at ein må gå i samla front mot dei angrepa frå høgreekstreme sider som kjem til uttrykk når til dømes ein kunstnar blir hengt ut i sosiale medier av anonyme nettroll. Her må sterke aktørar og institusjonar ta ansvar og støtte opp om kunstnarane, slik at ein ikkje blir ståande å måtte forsvare seg aleine.

Å tenkje nytt

For mange av oss kunstnarane er det tre punkt som stadig vender tilbake: det langsiktige, langsiktige og langsiktige. Det finst eit behov for tryggheit, eit behov som har blitt forsterka under pandemien og under fjorårets diskusjonar om bortfall av basisfinansiering og dei dårlege utsiktene for eit langt livsløp i dette feltet. Det er eit nødskrik som handlar om å redusere den konstante usikkerheita som følgjer med yrket vårt. Men noko i meg seier at dette behovet ikkje kjem til å bli møtt med det fyste, spesielt om me legg all vår lit til Kulturfondet. Me er for mange, det er for lite midlar i denne finansielle hovudmotoren og i løpet av dagen har me òg fått høyre at det ikkje er realistisk med ei stor auking i desse midlane. Dette er ikkje unikt for dansekunsten aleine, også andre kunstformer og akademia har same utvikling og det er eit samfunnsstrøyming som har føregått ei stund. I staden blir me bedt om å tenke nytt, det blir omstrukturert og me må sjå andre mogligheiter. Spørsmålet blir om me greier å stå saman om dette eller om det blir kvar og ein for seg, for dette høyrest meir ut som ein jobbutlysing i ein startup og noko mange dansekunstnarar ikkje har tid til om dei må prioritere å halde kunstnarskapet sitt gåande – eit paradoks som høyrest ut som to sider av same sak men som er mykje enklare sagt enn gjort. Heldigvis finnast det fleire instansar – og NoDa er ein av desse – som kan forme alliansar og gi håp ved å jobbe mot ein nytenking saman med oss og for oss.

Publisert 11.03.21

Powered by Labrador CMS