Iren Reppen i «Det e hardt å være b**ch», regi: Nils Petter Mørland Det Norske Teatret 2021. Foto: Dag Jenssen

Koseleg bitch

Iren Reppens tekstar i «Det e hardt å være b**ch» som har urpremiere på Det Norske Teatret, er gode og solide, bandet spelar fint, men bitchy? Nei, ikkje så veldig.

Publisert Sist oppdatert

Kvinner og makt er det faktisk enno mange som meiner ikkje høyrer saman – sjølv om vi har kvinneleg statsminister og nokre kvinnelege toppleiarar. Det blir sagt

DET ER HARDT Å VÆRE B**CH

Tekst: Iren Reppen

Regi: Nils Petter Mørland

Scenografisk assistanse: Unni Walstad

Koreografisk assistanse: Belinda Braza

Lys: Philip Winter Hartvigsen

Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg

Band:

Bass: Gjermund Silset, gitar: Håvar Bendiksen, trommer: Kenneth Ekornes, fele og fløyte: Joseph Angyal

Innspeling av Hælvete: Johannes Winther Farstad

Det Norske Teatret, Scene 2, 2.juni 2021

at det finst både kvinnelege pilotar og kirurgar. Iren Reppen har vore skodespelar i ei årrekkje, og ho har vore teatersjef på Hålogaland Teater (2009-2013) og medlem av Norsk kulturråd (2012-2015). Ho har sitte med nokså mykje makt. Det er denne personlege historia Reppen tar for seg i Det er hardt å være b**ch.

Kabaret

Det er framleis berre lov å ha 20 publikummarar i salen. Det hjelper ikkje særleg på for å skape trøkk i salen. Reppen helsar på oss når vi kjem inn. Det er avvæpnande og triveleg. Ho presenterer det talentfulle, noko tilårskomne boy-bandet og fortel oss at det er vi – publikum – som gjev ho makt, utan oss er ho makteslaus. Og det er jo sant. Reppen hadde stor suksess med Det e hardt å være mainn som hadde urpremiere under Festspela i Nord-Noreg i 1994. Denne gongen var det òg Svein Gundersen som hadde laga musikken. Dette må ein kunne seie var Reppens gjennombrot som artist. Ho tar opp tråden frå denne oppsetjinga og startar Det e hardt å være b**ch med å synge om at det er endå hardare å vere mann i dag enn i 1994, før ho startar på den personlege historia si i eventyrform: «Det var ein gong ei lita jente frå Harstad..» – altså Reppen sjølv. Dette er ei form stand-up-komikarar nyttar ofte. Reppen er langt frå så utleverande som vi er blitt vante med at mange kunstnarar er. Det sjølvbiografiske er stort sett grovt skissert – og det er heilt greitt. Kabareten vekslar mellom songar og historia om eit liv.

Kattekvinna

Eit smertepunkt i Reppens historie som blir brukt til å illustrere makt er det om «kattekvinna». Eitt av numra i Det e hardt å være mainn handlar om ei forførande kattekvinne. Denne parodierte Harald Eia i den då nyskapande komiserien Åpen post. Det var ein godt laga og artig sketsj. Men her blir makttilhøva rokka ved. Den makta ei suksessframsyning som Reppens Det e hardt å være mainn hadde, var plutseleg blitt snappa av ein komikar. No var det Eias kattekvinne folk hugsa. Og han hadde ein million tilskodarar og var støtta av NRK og sjølvaste Staten, altså oss, mimrar Reppen. Ein kan lure på om det ikkje var endå hardare å vere kvinne og kjendis på 1990-talet enn no. I den situasjonen, og i den medierøynda vi hadde då, hadde Eia tatt all makt. Reppen kunne berre smile og seie at alt sjølvsagt var heilt greitt. Vi forstår at dette har skapt eit varig smertepunkt. Det har lenge vore slik at menneske som har posisjonar i samfunnet som gjer at dei får mykje omtale – politikarar, samfunnsdebattantar, kunstnarar – har fått høyre at du må tole hets og sjikane – eller nokon slemme parodiar. No er det fleire og fleire som reagerer på slikt.

Makt

Ein stor del av kabareten handlar om den tida Reppen var teatersjef på Hålogaland Teater. Ho syng om den vakre nordnorske naturen og om at det er den stormfulle tida som er kjærleiken hennar. Ho snakkar om lange dagar på jobb, om å jobbe hardt for å oppnå suksess og bli elska. Ho syng om å klatre til toppen. Det er historier om noko håplause strategimøte på hotell, om ord på verdiar og visjonar som berre er tomme omgrep og som ingen hugsar etter hotelloppholdet som sikkert hadde vore triveleg nok. Reppens tekst har flust av sjølvironi og ho formidlar godt det å jobbe seg inn i rolla som sjef og det å stundom tvile på seg sjølv og leite etter sin eigen veg. Ho syng og fortel om einsemd og press. Eg saknar endå meir kjøt på beinet her. Eg skulle ynskje at ho hadde vore endå modigare og endå meir konkret i skildringa av livet til ein teatersjef. Den einaste Reppen går i klinsj med er Harald Eia, og det er i denne samanhengen ingen stor fight. Eia har makt, men han er ikkje lenger humorkongen. Her kunne Reppen tatt endå meir makt over ei forteljing om makt – ho hadde ikkje trengt å vore basert på fakta eingong, men gitt oss meir å kjenne på av spelet mellom makt og maktesløyse.

På toppen

Ein usynleg ramn dukkar opp eit par stader i Reppens univers. Det kjem ikkje heilt klart fram kva fuglen representerer. På eit tidspunkt er Reppen komen heilt på toppen. Ho ser Jens og Erna, kronprinsen og Gro, Pia Tjelta – og Harald Eia. Er ho ikkje framme no? Men nei, ho må vidare. Dette er eit punkt i historia som tar konkrete referansar inn, samstundes som det er i ei eventyrform, og det fungerer godt. Ein stad kastar Reppen rundt på rekvisittar og uttrykker sinne, men vi opplever ho eigentleg ikkje som hard og bitchy. Om ho då ikkje speler at ho er ein psykopat som er så god til å dekke over dei psykopatiske trekka sine at dei ikkje kjem til syne. Eg trur ikkje det er slik, Reppen er ein for god og erfaren skodespelar til at ho ikkje ville gitt oss eit hint om dette. Det blei ei triveleg stund i teateret, det var godt å vere attende, men eg skulle ynskje at Iren Reppen og det kunstnarlege laget hennar hadde vore mykje meir bitchy og vore mykje tøffare i å vise fram makt og maktesløyse. (Publisert 03.06.2021)

Powered by Labrador CMS