Fleirårig samarbeid med kompaniet Vinge/Müller.
Å kople saman ressursar og ulike kunstnarskap er med på å styrke teaterfeltet som eit heile. Vi trur at eit samarbeid mellom ein etablert og sterk nasjonal institusjon som Det Norske Teatret og kunstnarduoen Vinge/Müller vil gi det norske scenekunstfeltet eit nytt løft.
Det tysk-norske teaterparet Vegard Vinge og Ida Müller har dei siste 15 åra rysta, utfordra, provosert og begeistra eit stort og internasjonalt publikum. Frå sin base i Berlin har dei sett sitt umiskjennelege preg på tysk og europeisk teaterkunst.
Formbevisstheita er sterk i dagens norske institusjonsscenekunst, men det finst like fullt ei estetisk ramme i institusjonsteateret som treng å bli utfordra for å kunne utvikle seg vidare. Derfor er det også naturleg at vi opnar sceneromma for nye kunstnarar i større omfang enn vi har gjort tidlegare.
Denne kunstnarlege satsinga vil bli markant i Det Norske Teatrets profil dei kommande åra. Vinge/Müller skal lage framsyningar på alle scenane på teateret i åra som kjem, i tillegg til workshops og utstillingar.
(Publisert av DNT 21.09.2021)