Magnetisk sitatmaraton
(Bergen): I Núria Guiu og Ingri Fiksdal si spøkelseshistorie «Medium» smeltar overnaturlege krefter og teknologi saman i eit rungande sitatmaraton. Førestillinga rundar av Oktoberdans ved BiT Teatergarasjen, festivalen som har gått over 10 dagar med over 60 arrangement og som er spesiell i år ved å markere ein slutt og ei ny byrjing.
Enno har ingen overnaturlege andar teken bustad i dansaren Núria Guiu ved publikumsinnslepp. Faktisk tygger ho uformelt på
noko, eit drops kanskje, medan ho legg på plass nokre magiske lysrøyr som aktiverast når dei blir rørt ved med handa. Når ho legg dei frå seg eller heng dei opp, døyr lyset ut. Ein stillferdig prolog til eit verk i to akter med ein epilog på slutten. Medium er annonsert som ein hypermoderne spøkelseshistorie som handlar om korleis kroppen heimsøkast av personlege, kulturelle og virtuelle rørsleminner, der spøkelset kan forståast både som metafor og konkret. Fiksdal og Guiu ynskjer her å tilføre eit aspekt ved den posthumanistiske vendinga som enno ikkje har vore so mykje snakka om: den overnaturlege, immaterielle verda.
Hardt og mjukt
Guiu har på seg eit kostyme av Ronak Moshtagi som komplimenterer tematikken ved sjølv å vere fragmentert, asymmetrisk og slite sund. Eit lappeteppe av ein shorts med 2000-tals ekko, rivne strømper, ein body med ein vest over, ispedd neon her og der. Sallyset går av og fyste akt startar. Drone-metal musikken av Stephen O´Malley / SUNN O))) drønner gjennom rommet. Det er hylande og vrengande men ikkje distraherande vondt for øyrene, meir som ein opplading eller utlading av ein metal-konsert. Guiu set i gang med nokre utstuderte bylgjande rørsler med armane, innimellom med små hakk, Android-aktig, avbroten menneskeleg kvalitet. I taket heng samanfiltra presenningar med karabinkrokar, tau og jekkestroppar festa til lodd i bakken. Det har eit uferdig, DIY-uttrykk over seg, som om nokon har raska med seg materiala frå ein hardware-store. Scenografien, også skapa av Moshtagi, er slik eit ordspel på det som software treng for å kunne eksistere, nemlig hardware, det materialet som legg frå seg spor og blir fysisk skrap etter det «usynlege» internett.
Sitatmaraton
Fleire av Guiu sine danse-moves er attkjennelege: «The Floss» som gjekk viralt (særlig med «The backpack kid»), waacking, Svanesjøen, Sharon Eyal. Sitata kjem anten flimrande og overlappar den etablerte rørsla, eller dei kjem brått, som ved skifte av eit lysbilete. Guiu kroppsleggjer glimt frå dansehistoria og personleg erfaring i det som blir eit heftig sitatmaraton og det er ein massiv performance å vere vitne til. Det heile kunne ha blitt ein humre-fadese for dei innvigde med kulturell kapital for å forstå kjeldene, men det er ikkje tilfellet. Når Guiu småløper rundt som Pina Bausch med opne handflater og krasjar i veggen, oppstår den tragikomiske kjensla ikkje fordi eg kjenner det att som ein av vestens største pionerar innan dans, men fordi biletet i seg sjølv er so talande og måten det er satt inn i akkurat denne komposisjonen på, verkar. Guiu er eit medium som kanaliserer kollektive minne og traume på ein måte som slår meg som demokratisk. Alle kjeldene er oppgitt på nettsida og å sjå igjennom klippa på YouTube etterpå kjennest ut som ei utviding av sjølve førestillinga.
Laterna Magica
Dei 5-6 lysrøyra lyser effektfullt og stemningsskapande åleine nesten utan bruk av andre lamper gjennom heile førestillinga i Phillip Isaksen sitt lysdesign. Lysrøyra avgrensar og illuminerer bilete på scena lik Laterna Magica, ein tidleg form for optisk projeksjonsapparat der bilete malt på glasplater kunne projiserast på veggen. Apparatet vart mellom anna brukt i sokalla Fantasmagori-show i Frankrike etter revolusjonen av tryllekunstnarar som Paul Philidor og Étienne-Gaspard Robertson. Dei skremde vettet av publikum ved å framkalla illusjonen av spøkelser, skjelett og demonar. Spøkelset og teknologien si historie er tett samanvevd og i denne førestillinga er Guiu eit medium i dobbel forstand, både spirituelt og teknisk. Fotografi, telegrafi, kino og radio er tett forbunde med det okkulte og det er i dette skjeringspunktet at denne førestillinga er på sitt mest magnetiske.
Utvida posthumanisme
Det blir eit brot i førestillinga når Guiu forsvinner inn under scenografien og blir til ein uattkjenneleg figur. Det opplevast som ei andre akt fordi det er fyste gong ho interagerer med scenografien og konfronterer den. Å danse inn under stoff slik at kroppen ikkje er attkjenneleg har vore mykje å sjå på scener dei siste åra og kan mellom anna sporast tilbake til Loie Fuller sin Slangedans. Ein slik forvrenging av blikk og kropp er i tråd med den posthumanistiske vendinga som har påverka scenekunsten og som òg har vore viktig for Fiksdal sitt kunstnarskap: ho er interessert i koreografi som strekker seg forbi dansaren sin kropp og også reknar med andre element. Men når Guiu er slukt av materialet oppstår det ein avstand. Hennar udiskutable nærvær som utøvar er langt meir engasjerande enn spelet med materialet. Sjølvsagt ville det ha vore utilfredsstillande om scenografien var urørt heile vegen gjennom, men då det er etablert eit fokus på kanaliseringa av fortida gjennom Guius kropp, er det for meg ho som er mediumet og som fengslar mest.
Rundt bålet
Når Guiu kjem til overflata att og spring rundt med eit florlett plastikkslør som ein seirande friidrettsutøvar er det med referanse til andre akt i dei romantiske ballettane Giselle, Sylfide og Svanesjøen, der dansaren er kledd i kvitt tyll for å representere sjela eller anden til dei ulike karakterane. Deretter viklar ho seg inn i plastikken og set seg nymfeaktig ned. Stilla som då kjem rommar ei heil verd etter det dominerande lydbiletet. Herifrå tek ho til å kvesa og puste fram uattkjennelege ord, som om ho faktisk prøver å kanalisere verkelege spøkelse. Topplaus kryp ho omkring medan kvesinga på inn- og utpust går over i løvebrøl inn mot ei presenning-hole. Eg høyrer «shelter», «shoulder» og til slutt grøssande «shall die». All scenografien kjem frå kvarandre på valdeleg vis, paljettar tryllast fram då presenningballen gir etter og viklar seg ut.
Til slutt, ein epilog – ho kjem på scena att i ein anna tilstand, roleg som i starten, samlar saman lysrøyra til eit leirbål og slår seg ned saman med oss medan ho syng ein sakte song på spansk om martyrar og bankar takta, stoggande i all sin enkle form. Eit og anna skrømt har nok banka i veggane i løpet av kvelden. Dei både har og ikkje har substans, er synlege og usynlege, kan vekkje frykt, og ikkje minst ser dei og vil bli sett.
Kjelder:
Ghostly Apparitions: German Idealism, The Gothic novel and Optical Media. 2013 Stefan Andriopoulos. ZONE BOOKS, New York
(Publisert 31. 10.2022)
En lengre festivalrapport kommer i Norsk Shakespearetidsskrift, nr 4 2022. Red. anm.