
Dronningmøte
Teaterkonserten «Semper Eadem» med Mimmi Tamba på hovudscenen på Det Norske Teatret er både rørande, naken og kraftfull. Og for nokon stemmar dei har! Mimmi Tamba sjølv og dronninga Heidi Gjermundsen Broch syng audmjukt og overlegent bakoversveis på publikum.
«Semper Eadem» var valspråket til dronning Elizabeth I, det tyder «alltid den same». Det er òg tittelen på Mimmi Tambas seinaste album. Men her skulle
det kan hende vore eit spørjeteikn etter tittelen – Semper Eadem? For eg-et i tekstane leitar etter sin eigen identitet, ofte i møte med andre. Det sårbare eg-et er i rørsle og spør både seg sjølv og verda: Kven er eg?
Mimmi Tamba
Mimmi Tamba er etter kvart blitt ein musikar, artist og skodespelar med mange produksjonar bak seg. Debutalbumet hennar Storm kom i 2014, ho har gitt ut fleire album etter det. Sist sommar spelte ho Solveig i Peer Gynt på Gåla. Det er ein stødig og trygg Tamba vi møter på hovudscenen på Det Norske Teatret på premieren. Sceneopninga er dekt av noko som ser ut som ein stor jarnvegg. Tamba kjem inn frå sida – klatrande, søkjande. Ho har på seg kraftige sko, praktisk bukse og ei skjorte med eit slags kamuflasjemønster på. Er ho krigar? Er identiteten hennar kamuflert/skjult? Ei dør opnar seg. Skarpt raudt ljos blendar oss, skodde kjem ut. Veggen forsvinn og Tamba er inne på den store hovudscenen som er nokså naken, men med store lysinstallasjonar. Vi er effektivt inne i ei anna verd.
Elizabeth I
Vi får historia om den fascinerande dronninga som sat 45 år på trona. Historia om ho er som eit eventyr, eller som eit skodespel av den samtidige William Shakespeare. Det er litt vanskeleg å få med seg teksten her, noko forsvinn i ekko på stemmen og her er ikkje diksjonen heilt på plass heile tida. Vi blir likevel akkurat passe grundig introdusert til dronninga over alle dronningar. Ho blir på ein måte òg skodespelaren over alle skodespelarar. Kven ho var inni all sminka, dei overdådige kjolane og parykkane visste berre ho sjølv. Altså på same vis, men mykje tydelegare, som ein kvar skodespelar – eller eigentleg eit kvart menneske. Alle har ein fasade. Elizabeth I gjorde alt for å halde fasaden så lik som mogleg. Sminka var verkeleg teatral. Det blir sagt at ho var så glad i søtsaker at tennene hennar rotna og var eigentleg helt svarte, men at ho kvar morgon fekk dei malt kvite.
Elizabeth som spegel

Den Elizabeth som Tamba – eller karakteren ho speler her – møter, er aldri heilt avkledd, sjølv om ho til slutt får tatt av seg den flotte parykken. Denne karakteren blir det som tittelen på teaterkonserten seier – semper eadem – alltid den same. Det blir noko definert og fast å spegle seg i for den identitetssøkjande karakteren som Tamba speler. Heidi Gjermundsen Broch speler Elizabeth-karakteren suverent og heilt perfekt. Ho har total kontroll på både det fysiske spelet og det musikalske. Ho er ein suveren sovereign – altså overhovud eller monark. Men karakteren er eindimensjonal her. Vi får ikkje nokon glimt av noko farleg eller monstrøst bak maska. Ho er berre maske og fasade – ei dronningdokke. Gjermundsen Broch er så til stades og lyttande på ein så fin, audmjuk måte! Ho syng jo som ei dronning og får verkeleg brukt stemmeprakta si og heile det registeret ho har. Det er verkeleg WOW! Det ho òg gjer så bra her er at ho gjev plass til Tamba på eit så fint og nettopp audmjukt vis. Det blir verkeleg eit dronningmøte i duettane deira.
Heile verda er ein scene
Ei stund er eg litt i stuss over kva for ein plass dansarane er meint å ha her. Dansarar på konsertar er ofte med for å illustrere eit tema eller for å støtte opp under artisten med visuell og fysisk kraft. Kven er dei her? Dei seks dansarane er likt kledde i svarte, litt røffe drakter med renessansepreg. Dei har pipekragar og sminka deira er teatrale variasjonar av kvitt. Dei kjem etter kvart til å få ei rolle som hoff og som kan hende både støttande og krevjande menneske rundt hovudpersonen. Som kor gjev dei fylde til songane. Dei svarte kostymane deira står i kontrast til dei kvite dronningkjolane. Unni Walstads kostyme er gjennomgåande svært flotte og får ei tydeleg og definerande rolle i framsyninga. Belinda Brazas koreografi er tøff og røff og kler materialet.
Kongen på koturnar og jenta i bur

Koristane/dansarane rullar ut eit teppe heilt bak på scenen. Det er «strødd» med blomar. Ein kongeaktig figur på høge, raude koturnar strevar seg over scenen. Hen har ei lang raud kappe som fløymer etter seg. Figuren blir dyrka som ein kongeleg og har privilegium, men er låst fast i ei rolle. Seinare kjem figuren fram på scenen i eit slags bur, eller ramme. Tamba tar av figuren hovudplagget. Langt, mjukt og naturleg hår fløymer ut og figuren blir ei sårbar og ekte jente.
Belinda Braza har nytta kontrastar som gjennomgåande regigrep. Heile vegen får Tamba nok spelerom. Det storslagne står i kontrast til det heilt enkle. Torkjel Skjærvens scenografi er òg røff og spektakulær med mellom anna ein stor ufo-liknande konstruksjon som blir heist ned på scenen. Han understrekar det eventyrlege i møtet med den historiske Elizabeth.
Kven er eg?
Det verkar ikkje som om Mimmi Tamba eigentleg er i tvil om kven ho er. Ho er seg sjølv i alle rollene sine. Ho speler ikkje, ho er. Eg-et i tekstane hennar jobbar med å plassere seg sjølv i møte med andre i den verda vi lever i. Tekstane er fine, opne og søkjande, sjølv om dei ikkje alltid er så poetiske. Møtet med den historiske teksten til Elizabeth I opnar og skapar underleggjering: «I know I have the body but of a weak and feeble woman; but I have the heart and stomach of a king». Eg-et rommar til slutt heile seg med alle moglege roller og nyansar. Det sender tiltrengt håp og tru over scenekanten!
(Publisert 15.01.2022)