Erik Ulfsby avsluttar åremålet eit år før det tredje åremålet går ut
Under Ulfsbys sjefsperiode har Det Norske Teatret vore i sterk utvikling og har for alvor markert seg som Noregs mest interessante teaterhus. Ulfsby har fått gjennomført viktige endringar, først og fremst ved å legge om til repertoarspel. Han har opna for framsyningar på søndagar, og har år for år auka inntektene og publikumstalet til nye høgder. Ulfsby har sørga for ei stor satsing i Groruddalen, plassert Det Norske Teatret på Rommen Scene og har gjennom Det Multinorske utdanna tre kull med skodespelarar som markerer seg både på teaterets eigen Hovudscene, men også på andre scenar, film og tv-seriar. Det Norske Teatret er blitt ein større og tryggare arbeidsplass, samstundes som teateret har tatt større kunstnarleg risiko og produsert meir enn nokosinne.
Det Norske Teatret har i dag landets breiaste repertoartilbod og balanserer både dei djerve eksperimentelle prosjekta og dei større kommersielle titlane. Dei kunstnarlege sigrane har resultert i enorm oppslutnad kring teateret, sjølv i dei uføreseielege tidene som kulturbransjen nettopp har sett og som framleis rår. Berre siste året har framsyningar som Tid for glede, Kristin Lavransdotter og Snøsøstera og no sist; Semper Eadem begeistra både publikum og kritikarar på eit nivå ingen hadde sett føre seg.
Ulfsby seier i ein kommentar at det har vore eit privilegium å få leie Det Norske Teatret gjennom viktige år i teaterets historie.
- Viktigast er at eg ønskjer å bruke tida mi litt annleis i neste fase av livet. Både profesjonelt og privat. Dei siste åra har vore særskild krevjande for alle, også for meg. No planlegg eg for eit noko rolegare liv med mindre ansvar, meir tid til mitt eige kunstnarlege virke og meir tid til familien min, seier Erik Ulfsby.
Styreleiar Hilde Barstad takkar Erik Ulfsby for den innsatsen han har lagt ned, og for den kunstnarlege visjonære krafta han har tilført Det Norske Teatret.
- Styret vart nyleg orientert om at teatersjef ved Det Norske Teatret Erik Ulfsby ønskjer å gå ut av åremålet sitt ved utgangen av 2024, eitt år før utløpet av den tredje åremålsperioden. Ulfsby starta som teatersjef i 2010 og med tydeleg leiarskap sette han sitt preg på teateret frå første stund. Erik Ulfsby har gjort ein fantastisk jobb for teateret og sørga for kunstnarleg kvalitet på høgt nivå over lang tid. Meir enn nokon annan har han ære for at Det Norske Teatret framstår som det leiande teateret i Norge, seier Barstad og understreker at styret er svært takksam for den jobben han har gjort for Det Norske Teatret og er glade for at han framleis skal leie teateret i to år til.
- Når den tid kjem, ønskjer styret han lukke til med nye utfordringar. Vi vil no i samarbeid med dei tilsette ved teateret gå i gang med å søke hans etterfølgjar.
(Pressemelding frå Det Norske Teatret 31. 01.2021)