«Mødrevariasjonar», regi: Lene Therese Teigen. Teater Vestland 2023. Foto: Espen Nyttingnes

Å vere eller ikkje vere ei god mor

(Førde): Det er vel spørsmålet, langt meir enn vårt eige vere eller ikkje vere, for oss som har eller får ei morsrolle å spele. «Mødrevariasjonar» på Teater Vestland ser med kjærlege auge på oss som strevar mellom ytterpunkta «god» og «dårleg» på mors-målestokken.

Publisert Sist oppdatert

Å ha eller ikkje ha ei god mor, er den andre drivakslingen i dette dramaet. Dermed omsluttar handlinga alle i

Mødrevariasjonar

Dramatikar og regissør: Lene Therese Teigen
Scenograf og kostymedesignar: Christine Lohre
Komponist: Tov Ramstad
Lysdesignar: Krystian Myska
Språkkonsulent : Tove Bakke

Teater Vestlandet

publikum, og straks kan dette haldast fram som den fremste kvaliteten ved denne teateropplevinga: Den energieffektive overføringa av morskraft frå scene til sal. Krafta finst i form av ei presis og vittig, svimlande variert og ærleg inn til det pinsame framstilling av morsdraumar vi ber på, slik dei ber og brest. Lite ligg mellom linjene, ingenting fell mellom stolane.

Publikum var kort sagt med på notane då Mødrevariasjonar hadde premiere i teatersalen på Førdehuset sist fredag. Vi veksla innforståtte blikk og gav kvarandre forståelses-fulle smil. Lo høgt, gret stilt. For eit turnèrande teater på vest-sida av distrikts-Norge er det jackpot å dra i land ein kunstnarleg siger som samstundes såg ut til å lukkast med å kommunisere med kvar einaste mor, son eller dotter i salen.

Ei mor for deg, ei mor for meg

Kva slags mor er eg? Kva slags mor har du? I strevet med å forstå oss sjølve og våre næraste skal vi ikkje særleg djupt ned i skrolle-straumen før vi har vasa oss inn i ein personlegdoms-test. Er du introvert eller ekstrovert, er du kreativ eller analytisk? Fire parameter gjev seksten variantar. I ein av dei seksten båsane skal du stå. Slik er det òg på scena i Førde. Fire skodespelarar spelar seksten roller, og dermed er alle variantar av morskapet representert, i alle fall så pass at alle ser ei mor dei kjenner att eller kjenner seg att i, opp i alt garnet og strikketøyet mellom bakkar og berg der framme på scena.

Scenograf Christine Lohre har skapt eit scenelandskap som illuderer fjordbygdene vi har rydda oss grender i. Bratt opp og bratt ned går ferda, på alle plan i historia. Men fjella er òg svangre magar, er dei ikkje? Omsorgsfullt stryk mødrene over dei mjuke formene slik at nye rom kan opne seg og forteljinga kan halde fram. Enkelt og organisk, men like fullt: Det er scenografien som skaper tolkingsrom i Mødrevariasjonar.

Foto: Espen Nyttingnes

Tom Ramstad sine komposisjonar flettar seg inn denne sanselege kvaliteten ved framsyninga, slik mødrene hentar trådar til maskene i strikketøyet: Nesten umerkeleg, men vesentleg for heilheita.

Frå stjernespel til revy-nivå

Språket har andre funksjonar. Først og fremst dreier det seg om å teikne fram karakterane. Ei alt for ung løvetann-mamma (Carina Furseth), ei fastlåst bygdejente-mamma (Oda Alisøy), ei akademisk, motvillig heimvendt odelsjente-mamma (Idun Losnegård) og ei biologisk klokke-tikkande, tilflyttande prøverørs-mamma (Katrine Lunde Mackenzie). Alt ved første møte skjønar vi at dette kjem til å bli moro. Humoren finst overalt, den rislar rundt i rommet som frå ei kjelde det ikkje er så lett å få auge på, — varm, heimsleg og kjærleg.

Denne opplevinga kviler på at Lene Therese Teigen gjennom manus og regi meisterleg sjonglerer med både språk, kulturforståing og ei slags felles urkjensle og urkraft: Eg skal bli ei god mor! Først og sist kviler opplevinga likevel mest på dei fire på scena. Prestasjonane er jamne, balanserte og enkelt sagt gode, stort sett. Inntrykket fell i ei scena på aldersheimen, der enkelte replikkar vert avlevert på bygderevy-nivå. Om laget er jamt, er Idun Losnegård likevel uerstatteleg. Kanskje aller mest i siderolla som påtrengande mormor og klaustrofobisk einebarns-mor til latter, skrekk – og advarsel. For Mødrevariasjonar har mykje på hjartet. Vi er ikkje i teatret for underhaldninga sin del, aleine.

Ein klisjètung bodskap eg kjøper

Foto: Espen Nyttingnes

Den skal tidleg morast som god mor skal bli, heiter det i ei humoristisk og skarpsynt omskriving av eit langt meir etablert uttrykk om krøking av krokar. Eg oppfattar ein venleg, men litt klisjètung bodskap om å ta vare på seg sjølv og om å ta vare på kvarandre, oss mødre og menneske i mellom, i Mødrevariasjonar. Stykket sender ei varm, men litt naiv helsing til oss i salen om velsigninga som finst i at vi kan hjelpast åt og ville kvarandre vel.

På veg ut frå premieren tenkjer eg likevel raskt gjennom planane eg har for vekene som kjem, sjekkar turnèruta og kalenderen. Så kjøper eg tre billettar: Ein til mor mi, ein til søstera mi og ein til dottera mi.

(Publisert 06.03.2023)

Powered by Labrador CMS