Moderniserte klassikarar og innovativt klimateater hos Teatret Vårt i haust
Etter ein vår med egenskrivne framsyningar som Barselfeber og Danse med skjebnen, konsentrerer Teatret Vårt seg i haust om å formidle to klassikarar og ei internasjonal nyskapning - i tillegg til å sjå på forholdet mellom tru og vitskap og skape ei triveleg førjulstid for både born og vaksne.
– Teatret Vårt ynskjer alltid å lage framsyningar som kobler seg på tida vi er i. Felles for alle framsyningane i haust er at dei har ein viktig bodskap til oss som lev i Møre og Romsdal akkurat no, seier teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag.
Dette speler Teatret Vårt hausten 2023:
Villanden - premiere 26. august
Et stykke for de levende i en døende verden - premiere september, Høstscena i Ålesund
Gudspartikkelen - 17.–20. september
Sult - premiere 14. oktober
Julekveld med Teskjekjerringa - premiere 17. november
Olav Hesthagen feirer jul - premiere 24. november
Villanden
Henrik Ibsen var tidlig ute med å formidle kor vanskeleg det kan vere å vere menneske. Villanden frå 1884 er eit av hans mest spelte stykker. I haust speler Teatret Vårt ein ny versjon, modernisert av forfattar Brit Bildøen.
– Den finn stad midt i den norske oljeboomen på 70-talet. Hovudpersonen Hedvig har vakse opp i trygge rammer, men mistar fotfestet når dei slår sprekker. I Villanden handler det om relasjonar, foreldre og born, samfunnsstrukturar og ikkje minst kravet om sanning, fortel teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag.
Kristine Hartgen, for mange kjend frå Kampen om Narvik, speler hovudrolla Hedvig. Framsyninga gir óg eit gjensyn med Jon Bleiklie Devik, sist sett hos Teatret Vårt som Knut Nesje i Slåttekar fra himmelen. I tillegg gjestar Kai Remlov, Vidar Sandem og Oscar Jean teatret for å spele saman med det faste ensemblet.
Meir om framsyninga og turnéoversikt her.
Sult
Knut Hamsuns Sult blir rekna som ei av dei viktigaste bøkene i norsk historie. Sjølv om det er 130 år sidan ho vart gitt ut, påverker boka framleis både lesarar og forfattarar verda over. Forteljinga om den unge, sultne mannen med forfattardraumen er i boka ein monolog, men har i haust blitt gjendikta til dialog av Bjørnar Lisether Teigen hos Teatret Vårt.
– Der Ibsen såg frå utsida, går Hamsun inn i menneskesinnet. Med presisjon borar han i psykologien til hovudpersonen, men óg til alle oss som ser på. Vi kjem tett på både oppturane og nederlaga hovudpersonen må gjennom i kampen for si eiga framtid. Kva gjer det med menneskesinnet å leva i konstant jag og motgang? Midt i motgangen veks óg håpet. Det er håp, lovar teatersjef Lykkeslet Strømskag.
Meir om framsyninga og turnéoversikt her.
Et stykke for de levende i en døende verden
Miranda Rose Hall er ein prisbelønt, britisk dramatiker. Teatret Vårt har sikra seg dei norske rettane til hennar siste stykke, Et stykke for de levende i en døende verden. Her møter vi ei ung kvinne som kjempar mot sin eigen dødsangst i møte med den økologiske katastrofen.
– Med ærlegdom, humor og varme blir vi konfrontert med alle spørsmåla: Kor skal vi? Kor kom vi frå? Og kva tapar vi? Kva for valg skal vi ta i ei tid kor total utsletting er ein reell mogelegheit, seier Kristian Lykkeslet Strømskag.
Framsyninga er ein del av det europeiske samarbeidsprosjektet STAGES (Sustainable Theatre Alliance for a Green Environmental Shift) som utforskar det å lage berekraftig teater.
– I tida vi er i no må alle ta ansvar. Vi skal i haust, for første gang i Noreg, lage berekraftig teater. Kanskje lukkast vi med ei nullutslipp-framsyning. Det vi skal prøve er å lage energien som krevjast undervegs. Vi skal produsere straum under framsyninga. Det er vårt vesle bidrag, men som alltid med teater, så har det ei viktig melding i seg, fortel teatersjefen.
Meir om framsyninga og turnéoversikt her.
Gudspartikkelen
I haust markerer Møre Bispedømme 40 år. I den anledning set Teatret Vårt opp framsyninga Gudspartikkelen av Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen. Den ser på forholdet mellom tru og vitskap, og har blant anna fått terningkast seks i Aftenposten etter å ha blitt spelt på Det Norske Teatret.
– Framsyninga er ein monolog med Svein Tindberg. Den undersøker blant anna kva som eigentleg er forskjellen mellom “big bang” og Bibelens “bli lys”. Å sette opp denne fleire stader i fylket er vår gåve til publikum, fortel teatersjef Strømskag.
Mer om forestillingen og turnéoversikt her.
Julekveld med Teskjekjerringa
I år blir fjerde år på rad med Julekveld med Teskjekjerringa, kjend frå Alf Prøysen sitt univers. Den leikne og musikalske framsyninga minner oss om at sjølv om ikkje alt blir som vi har tenkt, kan det bli bra likevel. I år gir Kjersti Botn Sandal, Johanna Mørck og Sara Fellman liv til karakterane i den koselige familieframsyninga. Den har blitt ein juletradisjon for mange, men årets utgave blir aller siste mogelegheit til å få den med seg.
– Vi kan allereie no love ein ny juletradisjon neste år. Ei familieframsyning med humor, musikk og kjende historier. Men vi må nok halde på hemmelegheita litt til, seier Kristian Lykkeslet Strømskag.
Meir om framsyninga og turnéoversikt her.
Olav Hesthagen feirer jul
Olav Hesthagen er en kjend karakter for mange som har besøkt Teatret Vårt dei siste åra. Skodespelar Lars Melsæter Rydjord har gitt liv til denne lokale helten som vil det beste, men som det ofte rotar seg til for. I år planlegg han tidandes julefeiring, men ergrar seg over at alt har vorte så dyrt. Han får med seg sin musikalske nabo Iver (Ole Andreas Silseth), men det visar seg at dei overhovudet ikkje er einige om valg av julesonger.
– Vi fortsett suksessen med å presentere humor til julebordet, og tilbyr denne framsyninga saman med mogelegheiter for julemat i Kafé Kurt, fortel teatersjefen.
(Pressemelding, 04.05.2023)