Det Norske Teatret har vakse til i bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden. Kjersti Horn har sett markante kunstnarlege avtrykk i nordisk scenekunst. Dei siste åra har ho opplevd eventyrleg kunstnarleg suksess. Horn har synt seg som ein uredd regissør som med sine eksperimentelle og risikofylte prosjekt har nådd ut til eit stort publikum. På Det Norske Teatret er det særleg arbeida med maratonframsyninga om Kristin Lavransdotter og Edouard Louis’ romanar som har vore synlege dei seinare tida.
Eit ope teater
Frå 2025 tek Kjersti Horn over som ny teatersjef i eit åremål på fem år.
- Det er ei stor ære å få lov til å jobbe saman med kunstnarane og staben på Det Norske Teatret for å gjere prosjektet som teateret er både tydelegere og sterkare. Eg ønskjer å skape rom for at enda fleire menneske kjenner seg velkommen hos oss, seier Kjersti Horn.
Den kommande teatersjefen ser på utfordringa som eit viktig prosjekt som vil krevje stort engasjement og dedikasjon.
– Det er tøffe tider for teatera og meir enn nokon gong treng dei store institusjonane sterk kunstnarleg leiing, som maktar å forvalte samfunnsoppdraget og produksjonsmidla på ein måte som gjer teateret meir potent og opnar opp for fleire. Vi har ei stor oppgåve med å vinne publikums tillit tilbake etter pandemi og uår. Teateret må vere tydeleg på kva vi kan tilby som refleksjonsrom og samhandlingsarena i vanskelege tider. Teateret er eit ikkje-religiøst rom der vi kan treffe kvarandre og tenke over samtida vår, ikkje for å finne dei absolutte svara, men for å tvile, leite og være sårbare, le og gråte, saman, seier den påtroppande teatersjefen.
Nøgd styreleiar
Hilde Barstad, styreleiar ved Det Norske Teatret er nøgd med tilsetjinga.
- Eg er stolt over at vi kan presentere Kjersti Horn som ny teatersjef for Det Norske Teatret. Ho er ei sterk kunstnarleg kraft som vil vere med på å utvikle dei beste tradisjonane og verdiane i Det Norske Teatret om å vere eit djervt, ope og engasjerande teater. Vi ser fram til hennar leiargjerning hos oss, seier Barstad.
Under Ulfsbys sjefsperiode har Det Norske Teatret gjennomført viktige endringar, først og fremst ved å legge om til repertoarspel. Teateret har opna for framsyningar på søndagar, og har år for år auka inntektene og publikumstalet til nye høgder. Gjennom Det Multinorske har Det Norske Teatret utdanna tre kull med skodespelarar som markerer seg både på teaterets eigen Hovudscene, men også på andre scenar, film og tv-seriar. Ei større satsing i Groruddalen har også plassert Det Norske Teatret på Rommen Scene.
- Det Norske Teatret har hatt, og har framleis gleda av, å ha Erik Ulfsby som teatersjef. Han har vore ein fantastisk teaterleiar som med ambisiøst arbeid har gjort Det Norske Teatret til det fremste teateret i landet. Vi er han stor takk skuldig, og gler oss også til å få med oss dei neste teaterframsyningane han har ansvaret for, seier Barstad.
Stor oppgåve
Det Norske Teatret har i dag landets breiaste repertoartilbod og balanserer både djerve eksperimentelle og meir folkelege satsingar. Det er med andre ord ei stor oppgåve Kjersti Horn går til. Styreleiar Hilde Barstad er viss på at dei har funne den rette arvtakaren etter Ulfsby.
- Vi skal legge til rette for at vi får ein god overgang mellom teatersjefane. Det går vi i gang med no, seier ho avslutningsvis.
(Pressemelding 04.09.2023)
|