
Ei kroningsferd i vente
(Førde): Kyrre Eikås Ottersen gjev restar av liv til ein rasande, døyande Tollak så det vert sant, det som vert sagt: Vi kjenner alle ein Tollak.
I snart tretti år har Kyrre Eikås Ottersen vore mellom få, fast tilsette skodespelarar ved Teater
Vestland. Nokre rolletolkingar ligg som stigesteinar i den scenekunstnarlege biografien hans, fram mot det som vil bli ei kroningsferd for hovudrolle-innehavaren når dramatiseringa av Tollak til Ingeborg no skal synast i heile kongeriket.
Den kreftsjuke onkelen i Så vakker du er og den drikkfeldige faren i Alt det lyse og alt det mørke er nærliggande å trekke fram. Berande, sterke rolletolkingar i dramatiseringar av omtykte nyare, norske romanar i nynorsk målform og i Miriam Prestøy Lie sin regi, begge to. Skilnadane mot desse samanlikningane finst likevel på fleire nivå; Dei to romanane av Brynjulf Jung Tjønn vart aldri folkelesnad slik Tore Renberg sin Tollak til Ingeborg har blitt. Boksalet har passert heile sytti tusen eksemplar. Ein vesentleg skilnad er også at denne framsyninga er ein samproduksjon mellom Riksteatret og Teater Vestland. Snart seksti spelestadar si står difor på turnélista i heile landet. Tollak er venta. Den tida då Kyrre Eikås Ottersen sin skodespelar-kunst var ein skjult skatt langt vest i dei nynorske grunnfjella er snart forbi.
– Har du Tollak, då? skal forfattar Tore Renberg ha spurt teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt då ho ringde han for å be om å få lage teater av romanen Tollak til Ingeborg.
– Ja, det har eg, kunne ho svare.
Tollak og Ingeborg; Eikås og Sæther
Ja, Teater Vestland har Tollak. På scena i det nye nynorskhuset inst i Førdefjorden, mellom tronge fjell og regntunge dalar står han som skoren ut av skogane våre og ropar rasande til oss, frå ei anna tid. Frå ei tid då fjella, bøane, elvane og fjorden gav oss alt vi trengde. Verda brenn og blendverket vi byggjer den moderne velstanden vår kring er i ferd med å rakne. Tollak har noko å seie oss, men så er det slik som vi veit vel; at menn frå skogane og grendene, menn som er odla til gard og grunn og har fått ein livslang lojalitet til stad og arv i voggegåve, dei greier ikkje å snakke. I alle fall ikkje slik at nokon vil høyre.
Rammeforteljinga frå romanen held fram eit plot der den gamle stribukken, angrande over syndene sine, på død og liv endeleg vil fortelje. Kan vi tru på dette syndevedkjennings-motivet? Er det slik dei tenkjer, dei drikkfeldige, bitre og einsame karane frå den gamle tida? Nei. Vi kjenner alle ein Tollak. Typar som Tollak teier seg i hel.
I Kyrre Eikås Ottersen si rolletolking og Miriam Prestøy Lie sin regi, veks Tollak fram som ein meir heilskapleg og truverdig karakter, enn i boka. Rett nok finst han nok der mellom permane, men først no, når han får vere kjøt og blod, elskande og lengtande, står han framfor oss som ein vi kan slå armane i kring, forstå og tilgje. Vi kjenner alle ein Tollak. Slik vi ser han på scena, kjenner vi han i oss sjølve og i kvarandre.
Tollak ravar rundt i si endetid, omslutta og innestengd i sitt eige. I scenografien ligg ein ubryteleg sirkel som ein slags manesje eller kanskje eit fort midt i rommet. Er det ei blodig livmor, som heng samantrokla der i himlinga? Tolkingsrommet er stort i Milja Salovaara sitt sceniske uttrykk, men mørkt er det og mørkt blir det. Ikkje eingong den livslange kjærleiken mellom Tollak og Ingeborg har lys nok til eit slikt mørker, endå så lys ho er, Ingeborg. I Andrine Sæther si tolking svevar ho nærast, lett som ei uimotståleg, frisk ungjente, lett som ei mild, god mor, lett som ei varleg, velmeint røyst frå ei grav.
– Set vekk flaska. Ta på deg skjorta. Du må snakke, Tollak.
Ei anna innsirkling
Det finst òg ei anna innsirkling kring dette stykket enn den vi ser i scenografien på scena, i form av den skriftkulturelle fellesskapen stykket er omgitt av og i kontakt med. Berre kjærleik og død, Dansen gjennom skuggeheimen, Glør i oska, Fuglane. Det er som om dei står i skuggane, dei gamle meistrane, og gjev sine aksepterande, anerkjennande nikk til dette nye bladet i den nynorske klassikarsamlinga: Det held. Det ber.
Fordi dei andre karakterane har lite å spele med i replikkvekslingane, får denne tekstfellesskapen større spelerom.

Særleg gjeld det Oddo, som knappast har språk i det heile. Samtidsdansaren Sebastian Biong si tolking av den psykisk utviklingshemma guten blir verande på netthinna lenge. Det er som om det aular av maur i kroppen hans, uroa tek ingen ende. Som Mattis i Fuglane er han hjelpelaus, men forstår meir enn dei andre. Det er strevsomt for Hillevi å vere systera hans, slik det er strevsomt for Hege å vere systera til Mattis. Beint ut traumatiserande er det likevel tilhøvet til faren Tollak som er. Malene Vadel skaper ei hudlaus, nådelaus Hillevi. Ho er sorgfull og sint, som far sin. Harald Ottersen Nødtvedt har minst å hjelpe seg med av alle, i tolkinga av den milde, alminnelege storebroren Jan Vidar. Med hendene i lomma avleverer han knappe, innbitne kvardagsfraser og med denne ned-tona rolletolkinga vert kammerspelet komplett.
Tredje og fjerde innsirkling
Ei tredje innsirkling finst i lys og musikk. Vi har vore på mørke sagbruk omgitt av eit melankolsk, bassdrive tonespråk før, dei fleste av oss. Twin Peaks-assosiasjonen er umiddelbar i det Hillevi legg bassgitaren i fanget og set strengane i rørsle. Komponist Selma Stang stryk med ein slørande, vakker tonepensel over alt det vonde, på ein måte som understrekar kjensla av at vi har med ein framtidig klassikar å gjere. Veden vil ikkje brenne i omnen, lyset fins berre i strimer. Døden ventar med sitt endelause mørke, men Tollak rasar mot lyset som sloknar og set oss i kontakt også med verdslitteraturen i kraft av den arketypen Kyrre Eikås Ottersen let han vekse fram til å bli.
Ei fjerde innsirkling finst i stadane, levemåten og identiteten vår. Tollak kjem frå ei tid, då det sirkulære stod sterkare enn det lineære. Framleis er vi søner og døtre av bønder og fiskarar i dette landet. Vi kjenner alle ein Tollak, og når framtida fløymer inn over oss fortare enn vi kunne frykte, vert desse innsiktene av vesentleg verdi, på nytt.
(Publisert 02.10.23, rettet etternavn, kl. 1450))