Spennande vårsesong på Det Norske Teatret

Ei historie om menneskas kamp mot naturen, om dødeleg overmot og usannsynlege vennskap. Her er våren 2024 på Det Norske Teatret.

NÆRE RELASJONAR

av Maria Tryti Vennerød

Regissør: Marie Blokhus

Om ein ikkje definerer seg sjølv som eit offer - kan ein lettare bli verande i eit destruktivt forhold?

URPREMIERE 17. januar 2024

Scene 3

 

MOBY DICK

av Herman Melville

Regissør: Johannes Holmen Dahl

Ei historie om menneskas kamp mot naturen, om dødeleg overmot og usannsynlege vennskap.

PREMIERE 19. januar 2024

Hovudscenen

 

HØR HER´A

av Gulraiz Sharif

Regissør: Toril Solvang-Kayiambakis

Sjarmerande feelgoodforteljing frå ein norsk-pakistansk familie på Oslos austkant.

URPREMIERE 9. februar 2024

Scene 2

 

CALIGULA

av Albert Camus

Regissør: Peer Perez Øian

Brutal forteljing om ein galen tyranns jakt etter meininga med livet.

PREMIERE 12. januar 2024

Hovudscenen

 

ROBERTO ZUCCO

av Bernard-Marie Koltès

Regissør: Ivica Buljan

Psykologisk thriller basert på ei sann historie.

PREMIERE 24. februar 2024

Scene 2

 

SPYNORSK. THE MUSICAL.

av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

Regissør: Ivar Tindberg

Ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen.

URPREMIERE 13. april 2024

Hovudscenen

 

MOMA

av Goksøyr/Martens

Regissørar: Toril Goksøyr og Camilla Martens

Nytt stykke, og siste del av pentaologien LIVET av Goksøyr/Martens.

URPREMIERE 11. mai 2024

Scene 3

… og du: Følg med. Meir kjem!

(Pressemelding 17.11.2023, oppdatert, rett premieredato for Roberto Zucco er 12. januar.)