Jon Fosse Ord for ord

Nobelhelga 8. - 10. desember går den historiske hendinga «Jon Fosse ord for ord» av stabelen på Det Vestnorske Teateret.

Det Vestnorske Teateret står i spissen for dette store samarbeidsprosjektet med NRK. Med i samarbeidet er òg Den Nationale Scene, Det Norske Teatret, Teater Vestland og Studentteateret Immaturus.

Fredag 8. desember kl. 20.00 set eit stort lag med 47 skodespelarar i gong med å lese alle Jon Fosses 41 skodespel i rekkefølge, på 40 timar. NRK sender alt direkte, krydra med engasjerte innslag og kommentarar frå fjern og nær frå eige studio. Den samanhengande lesinga vil gå føre seg dag og natt, utan stans, til utpå føremiddagen søndag den 10. desember.

Det vil også vere publikum i salen. Vi håpar pressen finn det interessant å dekke denne unike teaterhendinga og inviterer dykk til å kome. 
Lesingane er delt opp i 6 ulike billettpakkar. De kan velje ei eller fleire av dei 6 pakkane.  Vi har også festivalpass dersom du/de vil kome og gå meir fritt i løpet av helga.  (Dette er personleg, og hentast ut fysisk). Detaljert informasjon om kven som les kva (og når), og informasjon om billettpakkane finn du på  https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/jonfosse-ord-for-ord/

Linda Eide og Hans Olav Brenner er programleiarar frå starten fredag.
Finn Tokvam og Siss Vik er også programleiarar i løpet av helga. 

(Pressemelding, 04.12.23)