Fra Opningsseremonien, vinter-OL i Albertville, 1992.© 1992 / Allsport / MARTIN, Bob

Scener langs Seinen

Opningsseremonien som kulturelt fenomen – frå enkelt ritual til ein massiv medley av kunst, kommersielle og politiske interesser. Observasjonar frå OL i Paris, av Berit Einemo Frøysland.

Eg hugsar dei, OL-opningsseremoniane i frå barndomen: varme sommarkveldar, enno lyst utover kveldane, verandadøra open. Ein såg aldri heile seremonien frå start til slutt, men gjekk inn og ut medan atletar bar flagg og vinka, ein lét seg forundra over land ein aldri hadde høyrt om før, bitte små øystatar i Stillehavet, som Kiribati. Kom springande når ein høyrde ropa: «No er det dans! No er det sirkus!». Tv-seremoniane gjev kulturelle innslag til milliardar av menneske og har framleis kraft denne kvelden, under opninga av OL 2024 i Paris, trass det gamaldagse mediumet.

Lese mer?
Jeg er abonnent Jeg er ikke abonnent
Logg inn Bli abonnent