Heile 90 skodespelarar vil lære å spele betre på nynorsk

— Responsen er rett og slett overveldande, seier Terje Lyngstad, avdelingsleiar for Nynorsk scenespråksenter, ei vidareutdanning for landets skodespelarar.

Nynorsk scenespråksenter tilbyr ei opplæring som aldri før har vore tilgjengeleg i Noreg: Ei 14 veker lang, betalt etterutdanning for å auke kunnskapen om nynorsk og dialektovergang til nynorsknære dialekter.  

— Då søknadsfristen gjekk ut tidlegare i haust, hadde heile 90 skodespelarar søkt. Eg venta at det ville bli ein del søkarar, basert på undersøkingar vi gjorde før vi etablerte Nynorsk scenespråksenter, men at det skulle bliså mange er svært gledeleg. No startar den vanskelege jobben med å velje ut dei heldige deltakarane, seier Terje Lyngstad.  

Dette arbeidet er godt i gang i ei arbeidsgruppe beståande av avdelingsleiar Terje Lyngstad, teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt, faglærar Eldbjørg Lognvik, kunstnarleg konsulent Kristina Kjeldsberg og prosjektmedarabeidar Synne Solberg (ikkje var til stades under fotograferinga). 

Første kullet startar 10. februar 2025, og tre personar får plass. Det neste kullet startar i august, og då med fire deltakarar.  

— Det er viktig for oss å setje saman ei gruppe vi meiner kan fungere i lag. I botnen må dei ha bachelor i skodespelarkunst og ha jobba ute i feltet, og vi ser etter dei vi trur kan setje avtrykk og vise att i bransjen, også etter at dei reiser herifrå, seier Lyngstad.  

Deltakarane har full timeplan kvar dag. Dei begynner med å lære grunnleggande nynorsk språkføring og grammatikk og går etter kvart over til å jobbe med språkovergang og scenisk arbeid.  

Nynorsk scenespråksenter er ei avdeling under Teater Vestland og er lokalisert i Nynorskhuset. I landets største nynorskklynge, Nynorskhuset i Førde, har vi frå før Nynorsk Avissenter og Nynorsk mediesenter, og no blir trekløveret fullført.  

— Visjonen til Nynorsk scenespråksenter er å fremje bruken av truverdig og levande nynorsk på norske scener. Dei vil og lære dialektovergang som vil komme heile bransjen til gode, både film, teater og andre lydmedia. Det svarer på eit stort behov i bransjen. Undervising i nynorsk og overgang til nyorsknære dialekter er lite prioritert eller fråverande i utdanningane som kodespelarane tek i dag. Med senteret på plass styrkar vi både kulturarven og språkbruken i eit mangfaldig samfunn, seier avdelingsleiar Terje Lyngstad.   

(Pressemelding, 27.11.2024)