Det skal bli ungt, hipt og urbant på Det Norske Teatret, ser teatersjef Kjersti Horn ut til å formidle med teatrets nye poster-bilde. Tani Dibasey og Only Slime overtar Scene 3. Ellers handler mye programmet om kvinner og makt. Les selve pressemeldingen her
Kjersti Horns første teatersesong er både ambisiøs og mangfaldig, og byr på masse ny norsk dramatikk, fleire sterke kvinnehistorier, KI-generert teater, politisk historie fortalt med glitter og glam og ferske forteljingar frå gata.
Den komande teatersjefen tar fatt på den nye rolla i teaterhuset med klare mål. Ho har kjent på utanforskap og på å vere annleis. Som teatersjef er det viktig for henne å markere at teateret er for alle. Og ho vil få teateret tilbake på radaren til både unge og gamle. - Heile kunstnarskapen min er basert på sprekkar og feil. På det som gjer at vi alle ber på ei kjensle av å ikkje strekke heilt til. Teateret må vere ei linse for å forstå oss sjølv betre. For å få ei kjensle av at vi ikkje er åleine. LES HEILE INTERVJUET HER.
Her er våren 2025 på Det Norske Teatret:
LADY MACBETH
Urpremiere 18. januar på Hovudscenen.
Historia om den unge ladyen som er fanga i eit ekteskap med ein mykje eldre mann, er eit fengslande portrett av ei undertrykt kvinne som blir brutal. Dette er ei heilt ny dramatisering - og regissør Melanie Mederlind lovar ei sterk forteljing om sex, død og makt.
Fem år etter suksessen med Slåttekar i himmelen, kjem Teatret Vårt på gjesting frå Molde med ei ny framsyning i Edvard Hoem sin slektskrønike. I Jordmor på jorda møter vi Hoems eiga tippoldemor, den første jordmora i Romsdal, som forlot mann og barn for å følge kallet sitt.
Tani Dibasey er teaterrabulisten som har gitt fingeren til teater-Noreg. No skal han i lag med den grensesprengande multikunstnarduoen Only Slime ta over programmeringa på Scene 3 i eit heilt år. Det vil boble over av konsertar, happenings og teater i ulike sjangrar.
Musikken spelar sjølve hovudrolla i denne musikalen. Once hadde premiere på Broadway i New York i 2012, og vann ein drøss av Tony Award-prisar. Den jordnære kjærleikshistoria og den upolerte, irskinspirerte folkrocken blir framført live på scenen av skodespelarane sjølve.
Romanen Forbryter og straff av Kathrine Nedrejord, blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris da den kom ut. No blir romanen teater. Dette er ei djupt personleg og samtidig universell forteljing om kvinners liv, og om korleis kvinner blir oppfostra i redsle og må bere andres skuld på skuldrene sine.
Berre 19 år gammal gav Oliver Lovrenski ut romanen Da vi var yngre, som skildra eit Oslo og eit ungdomsmiljø mange ikkje hadde kjennskap til frå før. Når forteljinga no kjem til scenen, blir det også debuten til Aksel Hennie teaterregissør, og rappar Jonas Benyoub som skodespelar.
I 2023 skapte regissør Simen Formo Hay stor begeistring med Døden på Oslo S på Økernsenteret, som blei framsyninga alle “måtte” sjå. I vår skal han i lag med fleire kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest, i ein songkonkurranse der Angela Merkel og Vladimir Putin står bak nokre av bidraga.
Maskinens natur er å vere rasjonell. Men kva skjer når robotens rasjonalitet møter den menneskelege irrasjonaliteten? Velkommen inn i eit altomfattande digitalt univers der vi undersøker innsida av maskinen, og draumen om verda utanfor. Framsyninga tek form av ein rettssak, der publikum står på tiltalebenken, og må forsvare seg mot ein kunstig intellingens.
Arne Lygre hadde vanvittig suksess med framsyninga Tid for glede på Hovudscenen i 2022. No er han tilbake med ein ny tekst på Hovudscenen. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.
Vigdis Hjorths omdiskuterte roman sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. I 2018 blei forteljinga dramatisert på Den Nationale Scene i Bergen, i regi av Kjersti Horn. Framsyninga fekk fantastiske kritikkar, og blei nominert til Heddaprisen både for Årets framsyning og Beste regi.
For dei minste kjem Unni og Gunni til foajeen utanfor Scene 2 i ei nær og sanseleg framsyning. Dei er to gode venner som synest det er på tide å friske opp litt heime. Dei finn fram målarkostar og forvandlar den kvite igloen til ein vakker regnboge.
Vi kan glede oss over statsbudsjettet slik det nå ser ut for 2025, men jeg oppfordrer kunst- og kulturbransjen til å planlegge for morgendagen, skriver Tove Bratten.
I 7. episode av Skuespillsamfunnet er Denis Diderots «Paradoks om skuespilleren» utgangspunktet for samtalen mellom Stine Fevik og Espen Klouman Høiner.
Samtalen tar for seg kostymer som forlokkende inngang til skuespilleryrket, hvorvidt skuespilleren skal spille med sjelen eller forstanden, Diderots skille mellom følelse og følsomhet, om repetisjon, lytting og teater som noe opphøyd, og skuespilleren som et tarvelig menneske og en stor kunstner – på en og samme tid. Blant annet.
Skuespillsamfunnet er laget av Espen Klouman Høiner, i samarbeid med Norsk Shakespearetidsskrift. Musikkvignett av Camilla Vatne Barratt-Due. Støttet av stiftelsen Fritt Ord.
Io Sivertsen og Christa Barlinn Korvald har reist i USA, dekket det amerikanske valget og laga mediehuset Move fast! Breaking news! Sammen med Tani Dibasey har de skapt forestillinga «When I say dream, I say America» som de viser på Vega Scene. Den blir et scenisk essay der det som fungerer aller best er dokumentarteaterdelene.
Provisoriet trenger en hjertestarter, ikke flere utsettelser. Vi håper at Tromsø kommune forstår at å investere i Rådstua Teaterhus er å investere i fremtidens kultur, samhold og kunst, skriver Mette Brantzeg i Sámi Lávdi.
— Responsen er rett og slett overveldande, seier Terje Lyngstad, avdelingsleiar for Nynorsk scenespråksenter, ei vidareutdanning for landets skodespelarar.
Marius von Mayenburg held fram med å bore i klassemotsetnadar og middelklassen sine ekteskapsproblem i sitt seinaste stykke «Ellen Babić». Og han spør om kor nære relasjonar ein lærar og ein elev kan ha utan at det er uetisk? Peer Perez Øian og ensemblet sin versjon blir nær og kjenslevar.
«Rød høst» på Grusomhetens teater er sær, vanskelig tilgjengelig, og spiller ikke mye på lag med publikum. Akkurat slik lykkes den i å formidle sitt perspektiv på et ofte romantisert forfatterskap.
Denne uken ble det kjent at styret på Oslo Nye vil nedlegge Trikkestallen på Torshov. Å flytte dukketeatret til Centralteatret, er en del av en omstillingsplan som vil føre til økte egeninntekter, argumenterer styreleder Jafar Altememu. Tidligere teatersjef Kjetil Bang-Hansen reagerer skarpt på en plan som vil få prisen på barneteaterbilletter til å gå opp.
(Bergen): Regien til Ida Høy og scenografien til Simen Mustvedt følger langt på vei Samuel Becketts sceneanvisninger, men som de lager sine variasjoner over. Det lyktes i stor grad å gjøre landskapet til ramme for det absurde.
Styreleder Jafar Altememy holdt i dag en pressekonferanse hvor han presenterte en skisse til Oslo Nye Teaters driftsmodell for 2025. Denne driftsmodellen danner også grunnlaget for teatrets søknad til byrådet om omstillingstilskudd og utvidet driftstilskudd pr. 23. oktober.
Det skorter hverken på ambisjoner eller visjoner når Erik Ulfsby nå takker for seg med en fulltonende sluttakkord av en oppsetning. Men hvor lurt var det å velge seg serbisk-amerikanske Steve Tesich’ 30 år gamle endetidsfabel som partitur?
Det er som om den verden jeg kjente forvitrer, strukturene rakner – ikke bare innen fri scenekunst, men i hele økosystemet av utdanning – og til tross for den sterke profesjonelle og kunstneriske kraften hele feltet har, skriver Tove Bratten, tidligere leder av Danse- og teatersentrum og spaltist i Norsk Shakespearetidsskrift.
På Gamle Munch skapas lika delar förundran inför det som är större än människan, liksom det är en upprepning av det som är kännemärket för Verdensteatrets koncept.