Gard Skagestad og Silje Lundblad i «Sov ikkje». Regi: Iram Ras. Det Norske Teatret 2021.

Altfor kjapp

Urpremieren på «Sov ikkje» av Mari Hesjedal under Fossefestivalen på Det Norske Teatret viser at stykket absolutt har potensial, men i Iram Haqs regi går alt så fort at vi ikkje rekk å oppleve noko.

Publisert Sist oppdatert

Det er framifrå at ny norsk dramatikk frå fleire dramatikarar enn Jon Fosse sjølv blir sett opp og vist under Fossefestivalen. Det er viktig at dei store

Sov ikkje

Av Mari Hesjedal

Regi: Iram Haq

Scenograf: Milja Maaria Salovaara

Lyddesigner: Gaute Tønder

Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg

Det Norske Teatret, Scene 3, urpremiere søndag 5.september 2021

teatera gjev plass til nye stemmar. Sjølv om denne oppsetjinga ikkje lukkast heilt, blir det eit interessant møte.

Ny dramatikk

Mari Hesjedal debuterte i 2015 med Culparegelen på Norsk Dramatikkfestival. Ho har òg, mellom anna, skrive stykka Bilde av frukt som rotnar og Frostskade. Begge desse er omsett til tysk (Bild von faulendem Obst og Frostschaden). Bestillingsverket frå DUS – Den Unge Scenen – Lik meg blei sett opp på Det Norske Teatret i 2019. Det er òg sett opp 13 andre stader rundt om i landet. Hesjedal er i tillegg til å vere dramatikar, scenograf og kostymedesignar.

I Sov ikkje møter vi Eg (Silje Lundblad) som slit med å skilje røyndom og fantasi. Ho søv ikkje, seier ho. Kven er menneska ho møter? Er dei den dei seier at dei er? Karakteren Eg leiter etter Ho? Kva har skjedd med Ho? Finst Ho i det heile tatt?

Kva er røynd, kva er draum?

I David Lynch sitt meisterverk av ein film Mulholland Drive (2001) er draum og røynd blanda saman til ein herleg cocktail. Filmen er vakker, spanande og svært forvirrande. Ein av styrkane til filmen er at typane eller karakterane er tydeleg teikna – og vi blir kjende med dei, på eit vis. Eg forventar ikkje å sjå ei Lynch-framsyning på Scene 3 på Det Norske Teatret, men eg nemner filmen for han kan kanskje illustrere noko av det eg meiner manglar i denne oppsetjinga. Hovudpunktet er at scenene og karakterane får ikkje tid og rom til å utvikle seg i denne oppsetjinga av Sov ikkje.

I Sov ikkje ligg Eg på magen på golvet når stykket startar. To menn (Gard Skagestad og Christian Ruud Kallum) kjem inn. Dei slengjer ei notisblokk like ved øyret hennar slik at ho skal vakne. – Du skal berre signere her, seier dei. Kvinna: Eg signerer med eit sirkelteikn. Ho signerer i blokka og ho signerer på golvet. Ho skal bekrefte forklaringa, seier mennene, du var den siste som såg henne. Det viser seg at Eg har sovna midt i vegen. Har ho narkolepsi? Eller har ho angstanfall der hjernen berre har slått seg sjølv av?

I ei viss fart

Frå starten rasar framsyninga av garde. Skodespelarane gjer ein heiderleg jobb, alle som ein. Vi møter ein barista. Har Eg møtt han før? Eg vil melde ei forsvinning til politiet: Ho (Kaia Varjord) er blitt borte, men Eg er så trøytt, så trøytt. Ho er forsvunne. Er Ho verkeleg sambuaren hennar, eller er Ho eit spegelbilete av Eg? Her blir det skapt eit snev av uhygge – denne uhygga skulle eg gjerne sett mykje meir av. Eg er eit menneske som ikkje har kontroll. Ho er somme tider i søvnlandskap, andre gonger i røyndom – å skape ei verd der du ikkje er sikker på kva som er kva er ein god idé, eit godt konsept. Det er scener i stykket som absolutt har potensial. Ein vaktmann/vektar vekkjer Eg og gjev henne bot fordi ho søv på offentleg stad. Ein frisør gjev ho omsorg, eller er han eigentleg til å stole på? Ein terapeut ser ut som han er meir interessert i seg sjølv enn i å hjelpe Eg. Desse scenene trur eg har mykje meir potensiale enn det som blir tatt ut her.

Draum – surrealisme

Det er mykje sanning i draumane våre. Det er noko menneska har visst i tusenvis av år. I notida vår har ikkje draumen så høg status – det er synd. Å bruke ei draumeverd som utgangspunkt for eit teaterstykke er interessant. Noko som kjenneteiknar draumedramaturgien er at han vekslar raskt frå det eine til det andre. I draumen kan du flytte deg frå ei verd til ei anna på null komma nix. Det kan ofte vere totalt surrealistisk og overraskande. Iram Haq har sin teaterregidebut med dette stykket. Ho bruker desse kjappe skifta frå draumeverda i den sceniske dramaturgien. Ideen er god, men når skifta skjer så raskt som her, rekk ikkje scenene å etablere seg før vi er over i noko heilt nytt.

Kva og kven

Kostyma til Eg og Ho opnar for spørsmål. Eg har på seg noko som kan minne om ein brurekjole. Over har ho ein kort jakke som ikkje kler kjolen særleg godt. Ho har på seg ein lang selskapskjole. Har dei nett gifta seg? Kvifor går dei kledde slik? I draumen si surrealistiske verd er sjølvsagt alt mogleg, svaret treng ikkje vere tydeleg, men kanskje vi kunne fått eit hint – eller ti? Då kunne vi vore meir medskapande på bakgrunn av kostymevala.

Det blir, som kjend, ofte ikkje brukt mykje pengar på scenografi og kostyme på Scene 3, men kanskje skulle ein ha brukt litt meir tid på lysdesign. Mot slutten av den korte oppsetjinga blir lyssetjinga rotete og mangelfull.

Iram Haq er kjend som ein talentfull filmregissør, forfattar og skodespelar. Ho fekk, mellom anna, Amandapris og Kanonpris for Kva vil folk si (2017) der ho sto både for regi og manus. Sjølv om det er litt å utsetje på oppsetjinga av Sov ikkje, håpar eg at Haq får mange fleire sjansar til å setje opp teaterstykke på norske scener. (Publisert 06.09.2021)

Powered by Labrador CMS