John Osborne i John Peel's Shed.

Bergen Fringe

(Bergen): Den tredje årgangen av Bergen Fringe bar preg av god stemning, gode musikkopplevingar og klovning med varierande hell.

Publisert Sist oppdatert

Å vere på Bergen Fringe, òg kalla NO Fringe, er som å tre inn i ei ny verd som ikkje liknar nokon av dei andre store festivalane i byen. Ei verd med klovning, prisutdelingar, låge tersklar og høgt under taket. Her er ingen raud tråd i tematikken, ingen bestemt sjanger og heller ikkje alltid like klart skile mellom det profesjonelle med høg grad av teknikk og presisjon på den eine sida, og framsyningar som nærmar seg eit meir uformelt amatørnivå på den andre sida. Men det er heilt bestemt ein festivalkonsept der den fysiske teatertradisjonen dominerer, og dei fleste kompania er danna av unge skodespelarar.

Deltakarane er synlege gjennom heile festivalen, og ein viktig del av publikumsmassen når dei ikkje speler sjølv. Heile vegen blir vi oppmoda om å stemme på vår favoritt, og det er tre prisar som blir delt ut på slutten av festivalen. Framsnakk er eit sentralt stikkord, og alle er glade og oppmuntrande både i publikum og på scenen. At dei byggjer kvarandre opp, er kanskje ikkje så rart, for Fringe-universet har gjort mykje for fleire av artistane. Totalt består det verdsomfattande nettverket av over 200 festivalar. Ein publikumspris på éin festival, kan vere billetten til ein større turné.

Det lettbeinte tungt representert

Eg blir ikkje overraska om dette er tilfelle for kompaniet Clownfish, som stakk av med juryprisen i Bergen. Med framsyninga Sir David and his animals, presenterte dei det som eg ser for meg må vere essensen av Fringe: humor, fysisk teater, fråvær av scenografi og publikumsfrieri.

Sir David and his Animals

To teknisk dyktige aktørar tok på seg å portrettere fjernsynslegenda David Attenborough (Jonathan Tilley) og alle dyra (Jess Clough-McRae). I løpet av ein snau time presenterte dei ein levande variant av dei berømte naturprogramma. Vi vart introdusert for alt frå blåkval til edderkoppar, og spesielt fornøyeleg var framstillinga av det virile dovendyret.

Den lettbeinte humoren var tungt representert på festivalen, og det vart fort litt mykje av den forutsigbare slapsticken. Derfor var det befriande å sjå Svankvinnan av Rebecca Pershagen, som presentert for den rørande forteljinga om den svenske kvinna som budde saman med 13 svanar i ei blokkleiligheit. Lydmaterialet var ei blanding av dokumentariske intervju, musikk frå Svanesjøen og forteljingar om kva rolle svana speler i vår kulturhistorie. Medan vi fekk høyre om livet til svankvinnan, gjennomgjekk Pershagen ei sakte forvandling på scena: frå ein grå og sliten skikkelse til det frigjorte svanemennesket. Konseptet var fint, sjølv om det godt kunne ha vore litt meir presist i uttrykket. Uansett enda Svankvinnan opp med på bli tildelt Spirit of the Fringe-prisen av den lokale leiinga.

Dei største – dels i volum, dels i prestasjon

Innimellom alle klovneria dukka det òg opp litt meir omfattande og heilstøypte produkt. The Krumple opna festivalen med ei visuell og ekspressiv framsyning. Handlinga var lagt til ei lita stove på 20 kvm, men over eit massivt tidsrom. Scenografien og dei små modellane minna litt om den sceniske verda til Robert Lepage

. Med opne kostymeskift, fysisk spel og eit dryss av illusjon, haldt DÉJÀ tidvis eit imponerande driv. Men dei intrikat samanfletta tidslinjene resulterte samstundes i ei framsyning som par preg av alt for mange sceneskift.

DÉJÀ

Hanut31 Theatre viste med sitt visuelle høyrespel Radio Play ein enorm kontroll over stemmebandet. Spesielt flott var songprestasjonane til den eine aktøren, som stadig fant rom til å briljere og sjarmere publikum med tonar på både engelsk, fransk og russisk. Historia var basert på den gamle israelske bokserien om den hemmelege agenten Patrick Kim, og det slo meg at eg nok hadde likt denne framsyninga betre for 10 år sidan – før #metoo og indianerkostymet til Siv Jensen. Dei morosame amerikanske, russiske og asiatiske aksentane har liksom fått ein bismak. Samstundes var det uskuldig nok, nettopp fordi det gjer kjærleg narr av den gamle spionsjangeren. Radio Play hadde berre éi visning, med moderat besøk i salen. Det er synd, for dette var tett på indrefileten i årets festival.

Awakening av det austerriske kompaniet Ladder Art Company var ei framsyning som kombinerer nysirkus med pantomime, klovning og fysisk teater. I programmet sto det at den passar frå 13 år og oppover, men etter responsen å døme, det var nok barna i salen som fekk mest ut av opplevinga. Framsyninga var både konkret og forvirrande. Dei to karakterane på scena var kledd i mørke og lyse klede, den fyrste ein slags draumeaktig ”lyktemann”, den andre ein mann som forsøkte å sove med puter i alle storleikar. I starten hadde kvar karakter tydelege og separate oppdrag: den eine tente lykter medan den andre forsøkte å sove. Etterkvart møttes universa til dei to, og handlinga vart meir abstrakt i ei fysisk oppvisning med både putekrig og akrobatikk i eit kvitt taug som hang frå taket midt på scena. At narrativen smuldra opp var både befriande og frustrerande, og eg satt att med ei kjensle av å ikkje heilt vite om eg tykte grepet var godt eller om framsyninga rett og slett braut saman reint dramaturgisk sett.

Nasjonalt og musikalsk

Fyrste gongen Bergen Fringe vart arrangert, fekk festivalen kritikk for å ha med for få norske bidrag. Dett har dei sidan retta opp i, og i årets versjon var det fleire nasjonale og lokale postar på programmet – inkludert ein eigen yurt (asiatisk rundtelt) i hagen, med pop up-hendingar og middagsselskap. Nokre av dei representerte òg høgdepunkt på programmet, og løfta stemninga langt inn i festivalnatta. Vestlandsbandet Kabaret Makaber inviterte til tropicanakveld og leverte bygdanoir med fantastisk prestasjon. Fifi von Tassel drog fullt hus med Varietese! laurdagskvelden. Og søndag kveld vart vi utsett for den kuriøse metaloperaen Fish to Mars, eit produkt av at lokale kreftar frå ulike musikkmiljø slo seg saman med forskarar for å ”utvikle en sexy og ekstrem rockeopera av internasjonal kaliber”. Tilsynelatande overlevde konseptet den absurd tynne fabelen vi fekk servert, og framsyninga stakk av med årets publikumspris.

Ja til geografisk spreiing

Gjennomgåande sparsam scenografi gjorde det mogleg å vise mange framsyningar på kort tid utan at publikum treng å flytte på seg. Det var behageleg, men vart fort litt einsformig. Fleire av framsyningane hadde nok gjort seg i litt varierte omgivnadar, ikkje minst for å la publikum kome tettare på. Sidan arrangørane sidan sist har måtta gi avkall på det alternative sceneromet Chagall, kan dei med fordel jobbe meir med å finne nye rom for festivalen.

Eit av forsøka på dette under årets festival, fungerte veldig godt. På Apollon platebar inviterte John Osborne oss inn i John Peel’s Shed. Dette var eit stykke dyktig forteljarteater om korleis ein ung college-mann oppdaga musikken og meininga med livet gjennom radioprogrammet til John Peel. Om eg skulle ha ei innvending, var det at framsyninga var for kort. Vi kunne gjerne ha høyrt fleire snuttar frå platesamlinga, der vi satt blant øl og vinylplatar og såg på kundane som tilfeldigvis tok turen innom. Slike teaterhendingar viser korleis festivalar kan sive ut i kvardagen til byen.

I år var det tredje gongen at norske Fringe gjekk av stabelen. Trass i nokre vaksesmertar, har festivalen tilført og framheva eit lenge mangelfullt sjikt i kulturbyen. Ein av grunnane til at festivalen alt har synt seg som viktig, er at den med sine lettbeinte framsyningar har eit stort potensiale for publikumsrekruttering til scenekunstfeltet generelt i Bergen. I framtida ønskjer eg meg at dei tenker enno meir samansett og variert i programmet. Om dei ikkje finn det i Fringe sitt aktørunivers, kan dei kanskje skape det gjennom format og oppsett?

Powered by Labrador CMS