«Heartfelt» av og med Magnus Myhr. Rosendal Teater 2020. Foto: Josh Lake

Harpekroppen

(Trondheim): Med forestillinga «Heartfelt», eit arbeid som gjer at kropp og harpespel tangerer og til tider sklir over i kvarandre, eksponerer dansekunstnar og koreograf Magnus Myhr det intime og skjøre som ligg i prosess, oppdaging og utvikling. Enkelt og nedpå – men samtidig overraskande elegant – transformerer han det semi-spektakulære til noko nesten hypnotiserande; eit kroppsleg språk som får nervebanene til å reagere.

Publisert Sist oppdatert

Scenerommet på Rosendal Teater er strippa for effekter og scenografi. Forutan eit stramt og særs effektfullt lysoppsett av

Heartfelt

Koreograf, utøvar og produsent: Magnus Myhr

Kunstnarisk katalysator: Terje Tjøme Mossige

Komponist: Ingvild Langgård

Scenografi og lysdesign: Jakob Oredsson

Dramaturg: Melanie Fieldseth

Teknisk leiar: Arne Lindeberget

Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand

Co-produsentar: Rosendal Teater, BIT-Teatergarasjen, Black Box Teater, RAS (Regional Arena For Samtidsdans).

Premiere Rosendal Teater, 16. september 2020

taklamper i strenge rekker, er det berre ein enkel krakk, ei harpe og ein stemmereiskap å sjå. Det lyse treverket i dei tre objekta spring fram i alt det svarte, samtidig som det glir over i kvarandre – som i ein slags lun og beige-monokrom korrelasjon. Det viser seg at også kostymet til Myhr er i dei same fargetonane som treverket: Gyllengult og rosa-beige. Etter han har gått fram på scena og «møtt» publikum, gjer han som ein ofte gjer når ein skal etablere eit scenerom: Han går i sirkel mot klokka. Kostymet gir kroppen hans ei boksaktig og nesten barnsleg form. Singletten er brei og kort med vid hals, og skjortsen er kort og flagrande. Kroppen er fokusert, men likevel open mot publikum. Uttrykket – kanskje farga av forma på kostymet – opplevast barnsleg og utprøvande.

Harpekroppen

Det utprøvande forsterkast av ei søking som skjer i dansarkroppen. Han lar energien gå opp og ut av brystbeinet, og etter nokre rundar maksimerast dette gjennom ei bue i ein særs dansant posisjon i øvre del av rygg og overkropp (cambré, arch, eller ein high release om du vil), noko som får manifestere seg ut gjennom armane og som lagar ei klassisk V-form (5. posision allongé). Energien fortsett og kroppen rører seg ut av det typiske biletet. Han vil vidare og lenger, noko som gir eit meir komisk enn statuesque uttrykk: Energien pressar seg ut gjennom brystet, og resten av kroppen heng liksom dinglande etter når han rører seg framover i rommet. Snart går kroppen over til den motsatte rørsla og ryggen lagar ei kurve med ein kraftig contraction. Energien sirkulerer framover og ned med ein så tydeleg intensitet at det nesten ser ut som at han rører seg bakover sjølv om han faktisk flyttar seg framover. Han går i frå eit klassisk til eit moderne kroppsuttrykk der overdrivinga skapar tydeleg og høyrbart ubehag og motstand. Myhr arbeider seg gjennom ulike nivå av kurver i ryggen og etablerer formene til harpa i kroppen. Formene og buene i harpa kurver seg også i begge retningar. Det skal vise seg at kroppslege og abstrakte tolkingar av instrumentet vil gjennom det resterande av forestillinga skape eit særs rikt spekter av rørsler og eit konsentrert uttrykk som held publikum forheksa.

Fine-tuning og skala

Frå etableringa av harpekroppen fortsett Myhr ei kroppssøking som gir klare affektive reaksjonar hos meg. Han søker seg gjennom kroppen gjennom små shakes, sirkulære rørsler og vibrasjonar, og ristar seg slik på plass i eigen kropp. Igjen manifesterast eit uttrykk eg oppfattar som både intenst, intimt og samtidig humoristisk og kanskje småbanalt. Han fortsett sitjande. Dette veldig klare og ritualaktige prosessarbeidet er enkelt å putte inn i ein velkjend dansarkontekst. Eg kjenner det røsker i arrvevet i venstre hamstring og i stramme hofteleddsbøyarar. Plutseleg går utøvarkroppen i meir eller mindre kvardagsleg gemytt og han startar å stemme harpa med reiskapen som ligg på golvet. Oppvaknings- eller oppvarmingsritualet speglar slik instrumentstemminga. Eg oppfattar dei dansariske og sceniske handlingane som lite mystiske, men det betyr ikkje at dei ikkje er interessante. Rørslene er høgst nyanserte og detaljrike.

Plutseleg kjem lyden av harpa gjennom høgtalarane. Harpelyden er mindre avansert enn rørslene og Myhr fortsett instrumentkropp-transformasjonen med sirkulære rørsler og kurver. Til tider opplever eg at Myhr speler på harpa gjennom kroppen. Hadde det vært eit prakteksemplar av for eksempel Clair de Lune av Debussy ville konsentrasjonen i rommet vore heilt annleis. Det at det musiske manglar finesse gjer at dansen understrekast: Myhr duellerer dynamikk og det eg her veljer å kalle kroppsleg taktilitet på ein slik måte at nyansane og detaljane i rørslene stjel alt fokus. Det er som om dei yogaaktige rørslene stemmer opp og førebur ryggen til Myhr. Når eg ser rundt på publikum sitt alle med hovudet på skakke. Små brytingar eller attakkar blir slik til store statements i rekka av rørsler som glir meir og meir over i kvarandre og som nesten oppløysast i kvarandre. Rørslene blir som å spele skala. Harpespelet som går over høgtalarane gjer at eg opplev at dansen og ryggkurvene gjer kvar ryggvirvel om til ein harpestreng.

Harpa og kroppen

På eit tidspunkt sitt eg og undrar om Magnus kjem til å faktisk spele live på harpa. Det danseriske har nå nådd ein slik konsentrasjon at det er vanskeleg å tenke seg noko anna enn det etablerte, høgkonsentrerte rørslespråket. Eg tek heldigvis feil. Møtet mellom Myhr og harpa leiast av gestiske armrørsler; igjen oppfattar eg ei reise frå det klassisk forfina og mjuke til det harde og attakerte moderne. Er det cupped hands frå Graham-teknikken eg til tider ser? Desse referansane gjer at eg opplever at Myhr kjem med små personlege glimt frå eiga dansarisk fortid. Det barnslege kjem tilbake når han starter å spele. Frå å ha briljert kroppsleg og bygd opp ein konsentrasjon eg ikkje har opplevd i eit scenerom på lang tid, er det forenkla lydbiletet faktisk eit friskt pust og eit interessant brudd. Konsentrasjonen og forventingane som ligg i å lære å spele eit instrument har vore med oss gjennom store delar av forestillinga. At dette oppløysast i det han faktisk speler, er like uventa som det er elegant. Plutseleg skiljast harpa og kroppen. Igjen understrekast det som eg opplever som forestillinga og prosjektet si største forte: Det minimale og enkle skaper ei form for autonomi som er overraskande og som får lov til å bli stort i seg sjølv. Når han starter å gå over golvet med harpa trekkast trådane frå tidlegare sekvensar. Forestillinga avsluttast etter meir høgkonsentrasjonsdans som nå får lov til å utfordre rammene.

Det semi-spektakulære og personlege

At Myhr er heilt åleine og nesten naken i eit ganske så tomt scenerom og klarer å halde publikum fast i ein time er svært sterkt. Verken musikk eller rørsler er ladd med meining som pusher emosjonelt engasjement. Eg veit ikkje om det er fordi eg har sett fleire forestillingar som nyttar storslått og emosjonsladd musikk og rørslespråk som agn for publikum, at eg opplev Myhr si forestilling som særleg forfriskande. At historia om ein harpespelande gut sin utstrålande sjølvtillitt frå fortida til Myhr skulle igongsetje eit slikt prosjekt heller enn teoritung materie er også forfriskande å tenke på. Forestillinga er heartfelt: Ho er inderleg og hjertefølt og viser dimensjonar ved kunstnararbeidet som vanlegvis skjulast på scena ved å setje det anti- eller semi-spektakulære på utstilling. Resultatet skapar ei eiga og autonom form for virtuositet.

I nok eit soloarbeid går Myhr inn i personlege historiar og bitar frå levd liv og skapar ei danseframsyning som når mykje lenger enn eigen nasetipp. I eit elles monotont og til tider forutsigbart solo-tablå skaper Myhr og harpa eit rørslespråk med både nerve og puls, og som fortsett å overraske gjennom heile forestillinga. (Publisert 18.09.2020)

Saksopplysning:

Magnus Myhr er leigd inn av Dansens Hus som fungerande kunstnarisk veileder for Koreografilaboratoriet, som eg er ein del av i 2021. Arbeidsforholdet er gjort av Dansens Hus. J.Ø.

Powered by Labrador CMS