Bassisten: Rune Sæter, Trommeslagaren: Kyrre Eikaas Ottesen og Vokalisten: Katrine Lunde Macken i Jon Fosses «Lilla». Regi: Martin Lotherington. Teater Vestland 2022. Foto: Espen Nyttingnes

Inferno à la Fosse

(Førde): I kjerna av Jon Fosses «Lilla» finst ei kontinuerleg veksling mellom mest tvil og litt tru, mest fortviling og litt håp, likevel mest kjærleik og berre litt hat mellom guten, jenta og trommeslagaren. Teater Vestland si utgåve av «Lilla» investerer mest i det mørke helvetet, sjølv om paradiset er ei mulegheit.

Publisert Sist oppdatert

Men at det var så langt å gå, nedover og nedover alle dei der trappene? Jenta slår motvillig fylgje med guten ned i det gamle

lilla

Av Jon Fosse
Regi og visuelt konsept: Martin Lotherington
Komponist og lyddesignar: Tobias Grønborg
Lysdesignar: Krystian Myska
Spesiell takk til Kristina Vikøren for arbeidet med kostyma.
Medverkande: Harald Ottesen Nødtvedt, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Katrine Lunde Mackenzie og Rune Sæter

Teater Vestland, 16. september 2022

fabrikklokalet. Uhygga er umiddelbar: Kjem dei nokon gong derifrå?

Himmelen, lyngen, regnet og vinden finst ikkje i Lilla. Ikkje skal vi til eit einsamt hus inst i dalen, heller ikkje til eit naust ved fjorden. Når Teater Vestland tek Jon Fosse heim til Vestlandet, går dei i staden til ein tidleg ytterkant i motivkretsen hans; eit innestengt, identitetslaust inferno i form av eit nedstengt kjellarlokale i ein nedlagt fabrikk.

Lilla er eitt av Jon Fosse sine tidlege skodespel, framført første gongen i engelsk omsetjing ved The Royal Lyceum Youth Theatre i 2003. Her til lands har både Den mangfaldige scenen og Teatret Vårt sett stykket i scene. Regissør for denne versjonen som hadde premiere i Førde førre fredag, er Martin Lotherington. Han har tidlegare brukt Lilla for arbeidsvisningar ved teaterhøgskulen (KHiO). I ei regissørutlysing frå Teater Vestland var det hans skisse til ein tilpassa versjon av stykket for tilhøva ved teatret og dogme-reglane teatret hadde sett opp i utlysinga, som drog det lengste strået.

Fritt etter Fosse

Tilpassinga dreier seg først og fremst om å la handlinga verte eit attersyn. Ei ny rammeforteljing omsluttar Fosse sin tekst, der dei som er på scena har ei felles ungdomstid. Som 50-åringar ser dei tilbake på ei dramatisk hending, ein fredagskveld då dei var 15. Allereie i første scene vel regissøren å bryte den såkalla «fjerde veggen». Hovudkarakteren «Guten» går heilt fram på scenekanten, grip mikrofonen og festar blikket djupt ut i salen:

Pussig korleis minna set seg fast i kroppen. Minne heilt tilbake frå ungdomstida. Tatovert som eit usynleg avtrykk. Eller som eit evigvarande handtrykk. På armen, i halsen. Lukta som sit fast i hjernen.

Denne refleksjonen finst ikkje i Jon Fosse sitt manus. Først når jenta kjem nedover og nedover alle trappene, står i lyset i døra og vil, eller helst ikkje vil, inn til guten i det innestengte øvingslokalet, er vi tilbake i Fosse sitt drama. Lilla var opphavleg skrive for unge skodespelarar, i same alder som karakterane i handlinga: Guten, jenta, trommeslagaren, bassisten og vokalisten gjer dette til ei relativt folksam Fosse-framsyning, der det altså dreier seg om å øve saman i eit nystarta band der ingen har særleg greie på å spele eit instrument, verken aleine eller saman med andre.

Trass i at denne kontrakten med publikum vert etablert forsøksvis klart, både gjennom programomtalen vi får utdelt og gjennom introduksjonen vi vert møtt med, vert det aldri heilt klart for publikum at det vi får oppleve er fem ulike minne av det som hende. Lovnaden om at framsyninga skildrar korleis ein kan komme seg vidare frå ei vanskeleg hending i livet, leverer den i beste fall sparsamt i høve til.

Vestlandet i oss.

Jon Fosse nemner stadig seg sjølv som ein vestlandsforfattar. Sjølv utan regn og vind, himmel og lyng er finst det ei vestlandsk stemning i det nedlagte kjellarlokalet. Denne stemninga ligg i språket. Dialogen mellom karakterane er knapp og gjentakande, kvernande kring om dei skal spele, eller ikkje, om dei skal bli verande eller gå. Orda og seiemåtane karakterane har til rådvelde verkar heilt utilstrekkelege for å kunne uttrykke seg om tankane og kjenslene dei har.

Jenta peikar mot lyset, som ei Beatrice i eit anna inferno. Ho representerer det gode og verdifulle, - lyttar, spør og støttar guten. Rett nok på typisk vestlandsk vis med få ord, men med oppriktig interesse og stor, mangesidig kjærleik. Først flørtande og leikande, så omsorgsfull og heilande. Idun Losnegård briljerer i rolla. Trommeslagaren stuper ned i mørkret. Han er ei fortapt sjel, stolt og skamfull. Først insisterande og sjølvhevdande, så valdeleg og destruktiv. Kyrre Eikaas Ottesen viser på meisterleg vis korleis fråveret av språk om sitt eige indre liv kan etse seg inn til nervane og gjere stor skade i eit menneske.

Det store i det små

Øvingskvelden i kjellaren fortel om noko veldig lokalt og veldig lite. Som så ofte hos Fosse er det ein omvendt proporsjonalitet i dette: Til mindre handlinga er på scena, til større kan ho vere for publikum. Det er som om vi skjønar meir om vår eiga plassering i verda gjennom det store i den vesle forteljinga. Alt er filtrert gjennom menneska, gjennom karakterane. Bassisten og vokalisten får behalde ungdommeleg mot og optimisme, og framsyninga er på sitt mest energiske og pulserande når konsertversjonen faldar seg ut som ein fullskala rockefest på ungdomsklubben, ein gong på det åtti-talet mange av oss var unge i. Lilla på Teater Vestland er innhylla i ein finstemt musikalsk estetikk som maktar alt frå det sårbart stemningsfulle til å løfte taket.

Språket kjem til kort som berar av sanning og meining. Korleis vil det gå med «guten»? Harald Ottesen Nødtvedt si sterke tolking brenn seg fast. Vi blir verande urolege for guten og livsvegen hans. Velsigninga ligg i å vende seg mot lyset, som finst. - Lyset du treng, finst, skriv lyrikaren Helge Torvund i eit lite, fullkome dikt. Men mørkret finst òg. Jon Fosse trur nok mest på mørkret for guten sin.

Powered by Labrador CMS