Preben Hodneland (Erlend) og Sara Khurami (Kristin i Kristin Lavrannsdotter, regi: Kjersti Horn. Det Norske Teatret 2022.

Jesus Maria, for ein kraftprestasjon!

Sigrid Undsets meisterverk blir vellukka og levande scenekunst. Ensemblet har kjenslevar nærleik, trøkk og energi heile vegen i dei ti timane premieren tok – bravo!

Publisert Sist oppdatert

Ein stor skjerm heng framme på Hovudscenen når vi kjem inn i salen. Her ser vi skodespelarane sitte rundt eit bord. Dei ser spente ut,

Kristin Lavrannsdotter

av Sigrid Undset

Dramatisering av Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag

Omsetjing av Gunnhild Øyehaug

Regissør: Kjersti Horn

Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson

Videoregissør: Mads Sjøgård Pettersen

Lyddesignar: Erik Hedin

Lysdesignar: Torkel Skjærven

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Det Norske Teatret, Hovudscenen, premiere 10. september 2022

men samstundes avslappa. Vatn- og farrisflasker står på bordet. Nokre av skodespelarane sit og strikkar. Eit gjennomsiktig plastteppe heng mellom sal og scene. På golvet er det plastdekke. Rommet er elles nakent. Alt er klart for maratonoppsetjinga av trilogien Kransen, Husfrue og Korset av Sigrid Undset.

Så er vi på!

Ane Dahl Torp som Ragnfrid – Kristins mor – ser rett i kamera og startar med å fortelje historia om Kristins barndom. Jon Bleiklie Devik som faren Lavrans følgjer på. Vi blir effektivt kjente med personane rundt hovudpersonen Kristin. Sara Khorami smiler lurt til oss når kamera sveipar innom ho. Etter denne innleiinga blir den store framskjermen heist opp og dei store skjermane bak, og på sidene av scenen, kjem meir til syne. Det her vi, for det meste, kjem til å ha merksemda vår dei neste ti timane. Skodespelar Mads Sjøgård Pettersen er kameraoperatør. Han følgjer skodespelarane heile tida. Han gjer utsnitta der og då og har regi på kva vi til ei kvar tid ser. Det er eit smart val at ein kamerakyndig skodespelar gjer denne jobben. Han er trena til å lese medspelarane sine og agere på impuls. Han er òg så uthaldande som ein må vere i ein slik jobb – Mads Sjøgård Pettersen gjer verkeleg eit imponerande arbeid. Kjersti Horn brukar ofte video i verka sine, eg skal komme tilbake til det om litt.

Sara Khorami

Det er eit stjernelag av skodespelarar på scenen. Mange av dei har lang og verdfull erfaring. Castinga er ypparleg! Og Sara Khorami er gull som Kristin. Ho har ein opprørsk energi og ei leiken stå-på-kraft som kler rolla. Khorami har etter kvart mange store roller bak seg, og ho har fått fleire prisar for arbeidet sitt. Mellom anna spela ho tittelrolla i Antigone på denne same scenen i Johannes Holmen Dahl sin regi i 2018. Ho spelte den unge kvinna enkelt og ujålete med den same rå og kompromisslause krafta ho speler Kristin Lavransdotter med. I Antigone var faren hennar den same som her. Jon Bleiklie Devik som spelte Kreon, er Kristins far Lavrans. Khoramis eigne foreldre kjem frå Iran, så ho er ikkje den tradisjonelle Kristin med langt, tjukt, lyst hår. Med Khorami som Kristin blir Undsets verk plassert i tida vår. Det er eitt av mange grep som gjer denne oppsetjinga aktuell og oppdatert. I Horns førre oppsetjing av Kristin Lavransdatter på Trøndelag Teater hausten 2019, var castinga av Kristin meir tradisjonell med Ingrid Unnur Giæver i tittelrolla. Her var det Kingsford Siayor som var den som viste at Norge i dag ikkje er det same som på Undset si tid.

Vellukka dramatisering av roman

Kjersti Horn er seg sjølv lik – ho sparar ikkje på noko. Ho har eit imponerande fast grep om dette enormt omfangsrike stoffet. Den vellukka dramatiseringa av Kristin Lavransdotter har ho gjort i samarbeid med Kristian Lykkeslet Strømskag. Horn er ganske røynd med å gjere romanar til scenekunst. Den første oppsetjinga eg såg av henne var Valerie Solanas skal bli president i Amerika på Torshovteatret i 2009 (meldt i NST i 2009) som var ei svært vellukka dramatisering av Sara Stridsbergs roman. I 2019 regisserte ho Fjodor Dostojevskis Forbrytelse og straff – det blei til maratonframsyninga Raskolnikov på Det Norske Teatret i 2019. Ei framsyning som har ein del til felles med Kristin Lavransdotter. Gjennom at skodespelarane vekslar mellom å fortelje historia i preteritum og spele ut dialogane, blir sjølve litteraturen heilt konkret tatt med ut på scenen samstundes som at det blir understreka at dette er teater. Det er eit vellukka teatralt grep. Tekst, regi og skodespel kjem fram skarpt og kvasst, reint og nakent. Dette grepet med gjenforteljing og dialogar gjer òg spelet leikent og levande, no og då på ein open og barnleg måte. Omsetjinga av Gunnhild Øyehaug gjer språket friskt og oppdatert, samstundes som ho tar vare på Undsets språk.

Heidi GJermundsen Broch og Sara Khurami

Kjærleik, kjærleik, kjærleik

I stykket følgjer vi Kristin gjennom livet hennar. Romanen er sett til norsk mellomalder og sluttar med Svartedauden i 1349. Kristins gard er i Sel i Gudbrandsdalen, men mykje handlinga er frå Oslo, Dovre, Nidaros og Trøndelag. Og ja, vi ser for oss dei maleriske scenene frå romanen når skodespelarane gjenfortel, og vi føler med dei i dialogane. I Norge er det framleis arrangerte ekteskap, til og med tvangsekteskap. Det er nyleg aktualisert gjennom Abida Rajas ferske bok om sitte eige liv. I mellomalderen var det norma i Norge. Kristin er lova bort til storbonden på nabogarden, Simon Darre (Kristoffer Olsen), men trassar seg til å gifte seg med adelsmannen Erlend (Preben Hodneland). Stykket viser kjærleiken i alle fasettar. Her er det heftig erotikk. Kristin og Erlend vrenger av seg kleda og har seg under plastikkdekket på scenen og bak i varebilen som er blitt Erlend sin heim når han på slutten ikkje orkar bu på garden lenger. Det er Simons rørande, uthaldande og livslange kjærleik til Kristin. Det er sjalusi i mange fargar og konstellasjonar. Det er svik, drap, sorg. Ung kjærleik, gamal kjærleik. Heile kjærleikskartet er enormt omfangsrikt og mangfaldig. Dette er jo òg eit gjennomgåande tema i forfattarskapen til Undset helt frå debuten med ekteskapsromanen Fru Marta Oulie som er overraskande moderne.

Enormt komplekst materiale

Det at det tar tid å kome seg gjennom Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter opplevde eg då eg las trilogien på nytt. Teksten er så enormt detaljrik. Alle sansar blir utfordra. Det er naturskildringar både av store landskap og av små plantar og dyr. Det er arkitektur og bondeliv. Det er heile tida svært sanseleg og taktilt. Og så er det alle kjenslene til karakterane. Her er det komplekse indre landskap som blir detaljert skildra. Horn og skodespelarane – og Mads Sjøgård Pettersen gjennom filminga si – får fram desse komplekse karakterane. Her er det ingen som berre er gode og vellukka. Her er det menneske som trør feil, seier ting dei ikkje burde sagt, og som ikkje klarer å sjå konsekvensane av handlingane sine. Stykket rasar av garde. Det er enormt mykje tekst som skodespelarane framfører kjapt, kjapt, kjapt. Dei dreg oss av garde, vi «bingar» trilogien.

Film og scene

Alt av handling ser vi på skjermane. Det blir stort sett heile tida filma tett på skodespelarane. Sjølve Hovudscenen står nokså tom. I starten av «Husfrue» der mykje av handlinga er på garden Jørundsgard, blir det strødd fleire sekkar med jord på golvet for å understreke bondelivet. I «Korset» siv det vatn ut på golvet slik at det blir liggande som ein dam. Det er litt uklart kva som er motivasjonen for dette. I romanen er det ein diger flaum, men det klarar ikkje plaskedammen å illudere.

Kostyma er lause kvardagsklede som det er lette å røre seg i. Det er T-skjorter, trøyer og treningsklede. Her er det ikkje noko fysisk hint til dei detaljrike skildringane av kleda vi finn i romanen. Skildringar kjem likevel i teksten i stykket.

Horn har brukt video i mange verk. Den mest omfattande bruken er nok i Raskolnikov, video blir brukt på same måte i Kristin Lavransdotter. Scener blir filma i korridorar bak scenen, i trapper, toalett og i ei scene er Kristin utafor teateret og hentar «kyrkjegardsjord» frå eit blomsterbed. Det fungerer fint å utvide scenerommet slik, det utvidar dermed òg stykket si verd. Skodespelarane er jo der i sanntid, men dei er samstundes skild frå oss. Vi ser dei på skjerm gjennom eit plastforheng, men opplever likevel at dei er nær oss.

Sara Khurami.

Stjernelaget

Preben Hodneland spelte tittelrolla i Raskolnikov, han er røynd i denne måten å jobbe på, og gjer det elegant og balansert. Han er ein Erlend som vi forstår at Kristin forelskar seg i. Han er ein kjærleg og stolt riddar, og udugeleg som bonde. Han gjev Kristin den motstanden ho ber om i ekteskapet deira. Kristoffer Olsen speler ein hjartegod Simon – kven kan ikkje like han? Olsen har òg ei framifrå komisk timing. Han tilfører varm og fin humor til stykket – flott!

Ane Dahl Torp gjev Ragnfrid djupn og styrke. Jon Bleiklie Devik sin Lavrans er hjarteleg solid og levande. Joachim Rafaelsen speler fleire roller. Han er både truverdig og rørande som gamal munk og som den unge, opprørske Nåkkve, og til slutt som den trufaste Ulv. Kjærleik, kjærleik gjennomsyrar dei alle. Heidi Gjermundsen Brochs sterke og kompromisslause Åshild. Frode Winther som den standhaftige Gunnulf, Kaia Varjord som den svikne Eline tar konsekvensen av sviket, har ingen annan utveg og drep seg sjølv. Ina Svenningsdal er truskuldig og open som barnebrura Ramborg og Mathias Stoltenberg er stødig og fin som presten Sira Eiliv.

Preben Hodneland (på skjermene).

Sjølve livet

Kristin Lavransdotter handlar om livet sjølv. Sara Khorami føder åtte barn. Det slo meg då eg sist leste trilogien at Undset skriv veldig godt og detaljert om det å vere gravid, om fødsel og om det å vere mor. Eg veit ikkje om Khorami sjølv har barn, men fødslane gjer ho bra. Dei blodige tøystykka som skal illudere barn likar eg ikkje så godt. Folk har sex, dei elskar kvarandre på scenen, og dei døyr. Og undervegs får vi eit memento mori i salen òg. Vi merkar at det er uro eit stykke bak i salen. Ein teatervert ropar myndig ut: «Er det ein lege i salen?» og: «Stans forestillinga, salslys no!» Publikum blir bedne om å gå ut. Alt gjekk bra med den eldre dama, fekk vi opplyst. Men det blei ein del av ei kollektiv teaterhending vi ikkje kjem til å gløyme.

(Publisert 11.09.2022, oppdatert 11.09.22)

Powered by Labrador CMS