
På rett veg
(Bergen): Ei balansert blanding av humor og alvor gjer «E 16 Dødsvegen» til god, ramsalt revy.
Eg var skeptisk til ideen om å lage revy av den såkalla dødsvegen, E 16 mellom Bergen og Voss. Eg kjenner folk som bur på strekninga som har mista
fleire vener i trafikkulukker. Det er ikkje anna enn tragisk. Då er det sjølvsagt også sørgjeleg at vi i vest ikkje får nok nasjonale midlar til å utbetre forholda. Men ein kunne lage revyar i Tyskland i mellomkrigstida òg, og stå med begge beina planta i politikken. I det heile er jo nettopp revyen som sjanger godt rusta til å ta opp i seg aktuelle problemstillingar. Når noko er til å grine av, kan vi like gjerne le av det. Det kan vere like opplysande.
Typisk E 16
Scenografien av Lise Christensen er både hyperrealistisk og fryktinngytande. Scena er eit stykke bilveg med gul midtstripe, som endar i ein tunell. Fartsskilt og gatelykter akkompagnerer bildet. Steinblokkar ligg i vegen, etter ras. Eit hol i asfalten er blitt ein dam. Typisk E 16, altså. Til venstre på bakveggen blir det vist eit Norway in a nut-shell-bilde, nasjonalromantisk med fjell og fjord. I sluttbildet skal dette forandre seg til noko meir uroande. Tunellen bakarst i scenebildet skapar eit sug; inni det svarte holet kan vel alt forsvinne, både menneske og samferdselsmidlar frå hovudstaden. Ironien er berre at ein på Dødsvegen er tryggare inni tunellane enn utanfor.

Dei tre på scena, Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve, forvaltar stoffet og vegstrekninga på framifrå vis. Eit par har sett seg fast i tunellen, og samtalen deira om kva dei skal gjere no, er ein rein Fosse-parodi, Nokon kjem til å kome»-style. Ein laussluppen riverdance i rasfrykt er morosam. Det er gjenkjenneleg på norsk vis når eit par slår seg ned under ein usikra bergnabb og seier: «Her skal vi bu for alltid!» Eller når Christine Hope kledd som vegarbeidar Stein Ospelauv konstaterer at raset kjem før eller sidan, men knipsar ein mynt og ser kva side han landar på før ho ropar inn i tunellen: «Då er det klart!» At «Oljefondet» og «Folgefonna» hadde ein så nær fonetisk klang, har eg heller ikkje tenkt på.
Litt søkt er innslaga med ho som må til psykolog fordi ho ikkje er redd for å køyre på E 16. Men den outrerte jærdialekten til Hope og dei tiltakande nervane til psykologen (Thomas Bye) byr på eit eige show. Når Thomas Bye i ein annan samanheng får høyre frå Christine Hope «Thomas, du er ikkje vestlending, du er frå Drammen», same kva han sjølv trur, så svarer han: «Kven er sjef på Det Vestnorske Teateret?» Det er kanskje billeg, på den andre sida er det eit faktum at det er teatersjefen sjølv som står på scena, og han kan jo ikkje la det høvet gå forbi. (Men når får han tid til å sende fakturaer og andre slike sjefsting?)
Gisle Børge Styve sit stort sett bak pianoet, når han då ikkje trakterer bass eller fele, men inngår av og til på scena som skodespelar. Han gjer seg godt som fåmælt sidekick og som vestlandsk ektemann som aldri kan seie noko rett ut til den dobbeltmoralske naturvernarkona.
Kanskje ikkje for dei yngste
For folk i min generasjon er det mange kjente referansar, som røyking i bil kombinert med bilsjuke (bilmerke som er nemnde er gjerne Opel Rekord, Ford Granada og Volvo stasjonsvogn), meldingar på radioen som «Førar av… ring heim, far dykkar er alvorleg sjuk», og Postens sommarkassett med Reidar og Bitten. Eg er usikker på om dette treffer dagens unge. Framsyninga er nok laga med tanke på oss rundt 50.
Men for meg, då, som er rundt 50, var dette ei retteleg god framsyning over eit overraskande tema. Musikkspora består av alt frå norsk visetradisjon til poplåtar. Å få DDEs «E6» til å bli til «E 16» er ein rytmisk bragd. Gisle Børge Styve er ein svært habil musikar og teatermann å ha på laget. Og i likskap med Thomas Bye, syng han godt. Det same kan ikkje seiast om Christine Hope, men ho seglar på sjarmen og på andre kvalitetar, som ei fabelaktig gestalting av nær sagt alle karakterar ho tar på seg. Thomas Bye er ein plastisk skodespelar, med utvikla sans for det fysiske. Eg har ikkje sett nokon på ei teaterscene stå så overtydande på Bybanen og halde seg i ein stropp, og ta høgde for skumpinga. Men så har eg vel ikkje heller sett Bybane-ståing på ei teaterscene før.
Hilde Sol Erdals koreografi er vittig, livleg og vital. Det same må seiast om regien til Catrine Telle, som må ha gått til oppgåva med både overskot og alvor. Og eit klårt blikk.
God timing
I alt eg har sagt om festlege teatrale løysingar, ligg alvoret i botn gjennom heile framsyninga. Det ligg i konteksten som allereie er der: Vi veit at dette er ein dødsveg. Men òg økonomiske og politiske aspekt er innbakt, samt spark til meir individuelle forhaldningsmåtar til natur, veg, kultur, menneske.

Det er så vakkert når dei tre på scena syng Olav Stedjes «Vi vandrar saman» trestemt! Og songen får minst ei ny tyding i denne konteksten. Men medan vi er i denne musikalske himmelen, bryt Gisle Børge Styve av, fjernar fingrane frå tangentane, og seier «Jaja, nok om det». Det kan stå som eit døme på korleis noko aldri blir dratt for langt i denne framsyninga. Dei veit nøyaktig kvar dei skal stoppe.
Det som gjer framsyninga solid, er korleis alle involverte utfører arbeidet sitt, sjølvsagt gjeld dette også tekstforfattar Klas Abrahamsson. Mykje er tatt på kornet, utløyst i tekstar med brodd og kvikk språkkjensle. I alle ledd er det godt teater, god revy, her står handverket i sentrum, og saman med ei scenisk situasjonsforståing blir E 16 Dødsvegen til eit godt døme på kva for alvor ein revy kan handtere.
(Publisert 26.04.2024)