
Solid handverk i alle ledd
På hovudscenen på Det Norske Teatret er dramatiseringa av Edvard Hoems roman Slåttekar i himmelen blitt til respektfulle og godmodige portrett av nøysomme, hardtarbeidande menneske som levde i Noreg, og av dei som dro til Amerika, for om lag 150 år sidan.
Romanen Slåttekar i himmelen er den første boka i Edvard Hoems slektskrønike som består av fire bind. Boka er kritikarrost og har nådd eit
verkeleg stort publikum. Hoem er ein svært god forteljar og han skriv sanseleg og malande. Bøkene er medrivande, vi les og les og vil gjerne vite meir om korleis det går med hovudpersonane og meir om korleis samfunnet deira utviklar seg. Dette er godt formidla noregshistorie, og truverdig og god forteljing om dei som drog til Amerika og skapte seg eit nytt liv der. Bøkene til Hoem er fulle av skildringar av gamalt handverk, til dømes lange passasjar om korleis ein slipar ein ljå. Kan dette fungere som teater? Heldigvis er svaret på dette: Ja.
Litterært
Dramatiseringa av romanen er godt handverk. Romanen er synleg gjennom episke passasjar som bryt opp dialogane. Stoffet er godt tilhogd og finslipe. Mykje av stoffet frå romanen er utelate, slik at det som står igjen får skine.
Edvard Hoem har brukt oldefar sin, Knut Hansen Nesje, som inspirasjonskjelda til hovudpersonen. I Jon Bleiklie Deviks skikkelse blir han eit menneske som gjer så godt han kan for å halde liv i seg og sine, han er ein arbeidsam slitar. Hoem har sjølv sagt at han blei åtvara første gong han ville skrive om denne oldefaren som alle sønene reiste frå. Ola B. Johannesen som då var teatersjef på Teatret Vårt i Molde, hadde sagt at det kom til å bli for mange omsyn å ta om ein skulle skrive om eigen familie. Kan hende var det noko i det. Alle karakterane – som altså er bygde på Hoems slektningar – er staute, gode menneske. Det er jo vel og bra det, men det kan òg føre til at karakterane i teaterversjonen blir litt enkle og firkanta, og utan særleg djupn. Skodespelarane – alle som ein – gjer likevel ein framifrå jobb. Dei skaper liv og lengt i karakterane sine.
Monumentalt rom
Bentein Baardson har jobba med teater i monumentale rom i ei årrekke, dette er noko han kan. Det monumentale i samklang med det enkle kler dette materialet godt. Det kjem til å arbeide fint saman i Baardsons presise regi. Alt startar med at Knut Hansen Nesje, eller Nesje som han helst blir kalla (Jon Bleiklie Devik), står midt på scenen i ei lyskjegle framfor ein mikrofon. Han innleiar historia for oss. Samstundes blir fjella rundt Molde teikna opp med ein lysande strek på bakveggen. Elegant gjort. Det trekk linjer til Jan Groth sitt nonfigurative sceneteppe, samstundes som det knyter an til «det norske». Det kunstnarlege laget har skapt ein framifrå heilskap. Elementa oppsetjinga er bygd opp av, flyt fint saman, ingen av dei kjem i vegen for dei andre. Den episk-monumentale musikken som følgjer Reidar Andreas Richardsens videoarbeid av Molde-naturen, kunne lett blitt for mykje av det gode og kome over i det sentimentale, men det balanserer heilt fint.
Noregshistorie – verdshistorie
Det er tyngd i denne historia, ho kjem dei fleste i Noreg ved. Historia om kvar vi kjem i frå må, som kjent, bli fortalt på nytt og på nytt. Slåttekar i himmelen handlar om ei oppbrotstid. Det gamle livet då slekt følgde slekt på same stad er i endring. Barna vil ut i verda, eller fattigdom gjer at dei blir tvungne ut. Historia om den sju år gamle sonen til Nesje og kona Serianna (framifrå spelt av Heidi Gjermundsen Broch) som blir sett bort til den barnlause onkelen sin, er hjarteskjerande, men truverdig. Eilert (Andreas Koschinski Kvisgaard), ein annan av sønene deira, reiser til Amerika. Det gjer òg Gjertine (Sara Fellman), som er søstera til Serianna. Ho reiser saman med mannen sin Ole Salmakar (Bjørnar Lisether Teigen) til Oles bror Hans (Svein Roger Karlsen) som alt er potetbonde i Sør-Dakota. Alt dette blir folkeleg framstilt, utan at det blir for sentimentalt. Migrasjonshistoria set situasjonen i dag i perspektiv. Folk migrerer i dag òg, av mange grunner. Dei fleste med bakgrunn frå Noreg har slektningar som reiste til Amerika for mange, mange år sidan. Det var rundt ein million menneske som gjorde denne reisa frå Noreg – altså svært mange. Dette var menneske som ville skape eit betre liv for seg og sine, akkurat det same som migrantane i dag ønskjer å gjere. Dette perspektivet gjer oppsetjinga aktuell.
Innanfrå/utanfrå
Slåttekar i himmelen fungerer altså godt som teater. Det er solid handverk i alle ledd, heilskapen i oppsetjinga er framifrå. Noko ein kan setje fingeren på er at det blir vel mykje forteljing der vi møter litt enkle og strigla karakterar. Dei er alle rettskafne menneske utan noko særskilt komplisert indre liv – eller om dei har det, er det ikkje tilgjengeleg for oss. I Trilogien av Jon Fosse som blei sett opp på hovudscenen i fjor haust, møtte vi hovudpersonen Ales (Gjertrud Jynge). Hennar verd var sett til om lag same historiske tid som tida i dette stykket. I Trilogien kom vi på innsida av ein karakter som sleit under barske tilhøve i ein vestlandsk by. Mørkret og slitet kom under huda på oss, samstundes som mørkret og kjærleiken gjorde det. Like djupt når ikkje Slåttekar i himmelen, men vi har ei triveleg stund i teatret og nyt nokre av dei presise grepa som blir gjort – alt frå lysande skrift på veggen, til skrift i bølgjene i videoarbeidet, til det siste presise snittet med ljåbladet.