Statisk transit
(Bergen): Rosalind Goldberg si forestilling «The Field» demonstrerer enkelt og elegant korleis rom, musikk, lys og kropp fungerer som rørleg og formbart gods. Forestillinga manifesterast som ei høgst meditativ og minimalistisk poengtering av det tematiske, og framstår slik like formbar som det teoretiske utgongspunktet. Etter premiere på Oktoberdans, spelast den no på Black Box teater.
Dansekunstnar Jens Jeffry Trinidad rørte seg allereie oppå grusen då vi fekk kome inn i rommet. Ikledd ein oversized
gensar med store opningar til både hovud og armar, ein halterneck singlet og ei baggy bukse – alt i matchanda hampaktig beige-brun farge – rørte Trinidad seg med ein tydeleg konsentrasjon på den lyse overflata. Lyddesignet, som minna meg om arbeidet til den ikoniske elektriske musikaren Éliane Radigue, understreka den konsentrerte kjensla. Tunge og djupt vibrerande dronelydar sugde konsentrasjonen min ned og inn i rommet og slik klarte dei ulike sceniske elementa å låse meg fast i stolen frå start. Og her vart eg; djupt nede i stolen.
Det effektfulle eksteriøret
Scenograf og kostymedesignar Alexander Krantz har skapt eit scenorom som saman med arbeidet til lysdesignar Anton Andersson laga eit Covid-19-vennleg, men likevel særs effektfullt oppsett. Separerte mini-atrium med plass til tre publikummarar var spreidd rundt det eg vil kalle den romlege kronjuvelen; ein grusinstallasjon av kvit småstein som breia seg som eit landskap midt i det elles svarte rommet. Dette kunstverket var presist plassert på gulvet, der det låg som ein dott piska krem oppå ein karamellpudding. Grusoverflata var farga og opplyst på ein måte som understreka formene og kurvene i installasjonen, som for meg varierte mellom å vere ei sky, eit snødekka fjellandskap sett i frå fly til eit månelandskap. Eg veit ikkje om desse ujamne og landskapsaktige overflatene er ein signatur ved Goldberg og Krantz sitt samarbeid, men scenografien minna meg om den som vart nytta i verket Rut (2018). Denne var dog meir fargerik.
Kropp, klump, kostyme og De Keersmaeker
Trinidad var tilstade i løpet av heile forestillingsløpet og rørte seg aldri ut av installasjonen. Kroppen hans glei gjennom ulike former for kroppsleggjeringar og handlingar – tilstandar som kanskje var aktiverte av spesifiserte oppgåver frå koreografen. Desse var med på å mellom anna manipulere både kostymet og grusunderlaget. Den intensive konsentrasjonstilstanden han var i då vi entra scenerommet markerte ulike kroppslege fokuspunkt. Slik søkte og arbeidde han seg gjennom delar av kroppen, noko som skapte rørsler som forma den totale silhuetten skapt av kombinasjonen av kropp og kostyme. Det eg såg som nesten usynlege ticks la slik utgongspunktet for ei spesifikk rørsle og ei minimal og sensorisk knaing av eksteriør kroppsform. Armane og hendene leidde kroppen vidare inn i sirkulære rørsler og ulike twists. Snart vart beina og føtene med i dette, som vart slept hardt over grusen og fekk lage avtrykk i det formlege scenegolvet. Iscenesetjinga av ein kropp som skriv eit koreografisk mønster i sand eller grus, er for meg kopla til koreografen Anne Theresa De Keersmaeker og videoverket og museumsvisningane av stykket Fase. I fortsetjinga av Trinidad si dansante, men usystematiske grusskriving, blir det vanskeleg for meg å ikkje samanlikne det med eitt av De Keersmaeker sine koreografiske trademarks. Men der Fase er definert av eit presist, systematisert og definert score, opplevde eg Goldberg sin versjon som meir grungy, tilfeldig og nettopp usystematisk. Det sirkulære vart etterkvart poengtert i ein lang snurresekvens som minna om sufi-spinning. I snurringa, og i andre delar av forestillinga, skjer ei kostymemanipulering som er med på å understreke korleis eit formleg plagg shapeshiftar menneskekroppen. Særleg i snurresekvensen skjer dette på ein flytande og elegant måte, og kombinasjon av kropp og kostyme endrar seg lik ein leirklump som blir forma oppå den snurrande dreieflata. Denne delen av forestillinga sett eit svært tydeleg er-lik-teikn ved prosjektet til Goldberg. Kroppens silhuett framstår plastisk og formbar. Om eg skal vere kynisk i mi samanlikning, minna det meg om ein slags dansant demonstrasjonssekvens frå TV-SHOP som viser alle måtane gensaren kan brukast på.
Forma på motstand
Koreografien flyt altså stort sett glidande i frå det eine til det andre. På eitt tidspunkt rører Trinidad armane sine som i danseforma wacking. Dette byggast opp gradvis, der dei ekstreme vridningane i olboge- og skulderledd også viser eit rørleg – plastisk – potensiale i kroppen. Trinidad får fram ein liknande illusjon då han duellerer bounce og små hopp. Handlingane består av å dytte vekk golvet og å la seg dytte. Som ein leik i å gi og ta vekt utnyttast begrep som rebound og release i eit strategisk møte med tyngdekrafta. Her brytast illusjonen av det glidande og flytande, då eg ser at kroppen møter motstand i desse dansariske handlingane. Mot slutten bruker dansaren ein dynamikk i beina som minner om den som vart nytta i armar, skuldre og rygg under wacking-sekvensen. Dette skaper eit hardt møte med underlaget, og resulterer i at grus og sand blir sparka ut i ytterkantane av rommet. Støv reiser seg og blir lyssatt lik tynn røyk. Kroppsarbeidet virkar strevsamt og keitete, og oppfattast også her å vere fylt med motstand. Det blir ein tydeleg motsetnad til starten av forestillinga og kanskje markerast eit slags kroppsleg klimaks. Det eg oppfattar som å vere forestillinga sitt ultimate høgdepunkt – og som for første gang tek meg fram på enden av stolsetet – er når Trinidad står heilt i ro og strobelys kjem frå ulike vinklar og lagar markerte skuggar som dansar i eit fast mønster rundt Trinidad. Grepet er svært stilig og effektfullt. Eg tenker på dei ulike sidene av ein person og ein kropp, og igjen ser eg kor bokstaveleg eg knyttar det sceniske til prosjektet si tematiske startgrop. På dette tidspunktet har også lyden av dronane blitt transformert til ein klar rytme og rommet vaknast liksom til live.
Kva syng høgst?
Eg avsluttar med ein kort og kanskje overfladisk refleksjon: Om mindfullness- og meditasjonsappar kunne påverke meg lik Goldberg sitt koreografiske verk, hadde eg truleg nytta desse både hyppig og strategisk i kvardagen. Det er noko spesielt med eit produkt – i dette tilfellet eit kunstnarisk produkt – som klarer å framkalle ei distinkt kjensle av behag i frå start til slutt. Som ein connoisseur av akupunktur og ulike venleiksbehandlingar, veit eg å setje pris på kjensler som blir igjen i og på kroppen, og hadde eg ikkje gått rett vidare inn i ei anna forestilling trur eg at ekkoet av The Field hadde fått ligge som ei tynn hinne utanpå meg resten av torsdagskvelden. Når det er sagt er eg usikker på om det var dansen eller kombinasjonen av dei romlege elementa og lyddesignet som gav størst effekt. Trinidad si kroppslege manipulering av kropp og kostyme glei likevel organisk inn i heildommen. (Publisert 29.10.2020)