Ingjerd Egeberg og Ine Jansen i «Møt meg ved morgengry», regi: Terje Strømdahl. Teater Innlandet 2023. Foto: Magnus Skrede

Tankestraumen riv i hjarterota

(Hamar): «Møt meg ved morgengry» er ein naken og givande framsyning som lar viktige tema skinne og stå for seg sjølv.

Publisert Sist oppdatert

I samarbeid med Nationaltheatret tar Teater Innlandet tak i teaterstykket Møt meg ved morgengry

Møt meg ved morgengry

av Zinnie Harris

Originaltittel: Meet Me at Dawn

Omsetjing: Jørgen StrickertRegi: Terje Strømdahl

Scenografi og kostymedesign: Sveinung Rudjord Unneland og Borghild Rudjord Unneland

Komponist: Mari Kvien Brunvoll

Lysdesign og teknisk leiar: Olav Nordhagen

Dramaturgi: Jørgen Strickert

Teater Innlandet scene (Hamar kulturhus)

Produsert av Teater Innlandet i samarbeid med Nationaltheatret, premiere 23. februar 2023

(Meet Me at Dawn) av Zinnie Harris. Her møter vi Robyn (Ingjerd Egeberg) og Helen (Ine Jansen) som eit stranda ektepar etter båten har havarert. Vi følg dei gjennom eit kjensleregister blanda med frykt, adrenalin, sinne, sorg og kjærleik.

Zinnie Harris sitt manus er ein flytande tekst full av tankar der ein lesar fort opplev avsporing, men vi får òg mogleik til å nøste opp i trådar frå tankestraumen vi les. Det er ein tekst som utfordrar og oppfordrar til tenking. Dette har Jørgen Strickert haldt godt ved like i omsetjinga og dramaturgien, og det same har regien til Terje Strømdahl. Det er fleire augneblink der replikkane sporar av til eit anna tema eller repeterast, slik ein tanke fort kan gjere. Dette gir ein organisk stemning til handlinga som utspelar seg.

Det tekniske

Det er ein roleg rigg på scena. Vi ser to haugar som ser ut til å vere satt saman av klede. Dei står på eit element på scenegolvet som kan minne om strukturen på ein pyramide med ein slak bakke som haugane står på. Denne pyramideforma gjer at eg assosierer til sand, og haugane blir til haugar av sand eller store steinar. Denne forma på scena skapar ein dynamikk som held merksemda i lengda av teaterframsyninga utan at fleire element blir introdusert utover stykket. I bakgrunnen har vi eit stort, lyst lerret eller bakteppe som blir brukt saman med lys.

Framsyninga startar i mørke. Ei horisontal lysstrime lyser etterkvart opp andletet til Egeberg. Snart ser vi òg Jansen sitt omriss, ein artig effekt då dei ikkje var synlege i starten. Lyset endrar seg og blir aktivt brukt mot den lyse bakgrunnen på scena. For det meste er det bruk av eit blått lys, men det endrar seg i register. Eg tenkte det var ein måte å signalisere kva tid på dagen det var, men eit stykke uti framsyninga endrar lyset seg til raudt. Det kunne absolutt bety at solnedgangen var i gong, men i det raude lyset var Helen sint og frustrert, og når ho roa seg endra lyset seg tilbake til blått. Dette fekk meg til å lure på om lyset reflekterte sinnsstemninga på scena. I alle fall var lyset eit roleg aspekt av det estetiske, og gav ein tanke om kvar Robyn og Helen var i rom og tid.

Kraftprestasjon

Ine Jansen og Ingjerd Egeberg. Foto: Magnus Skrede

Egeberg og Jansen formidlar replikkane og kjenslene på ein naturleg og vakker måte. I den absurde situasjonen dei finn seg i får dei fram det truverdige. Reaksjonane som kjem fram i dei ulike situasjonane er attkjenneleg og latter spring fram frå publikum i desse augneblinka som ein kan relatere til. Til trass for at stykket i seg sjølv er eit hjarterivande farvel får dei begge fram ein utruleg situasjon som verkar truleg. For du må forstå; alt er ikkje heilt som det verkar på denne øya. Vi går frå samtalar om skrivebordnøkkelen Helen har forlagt til bekymringane Robyn alltid kjenner på, vi går frå omsorg til frustrasjon: Dei er begge så rørande menneskelege.

Tøff tematikk

På mange måtar ligg det element gjennom framsyninga som minner om sorga sine fem fasar. Det heile startar med ei fornekting av kva som har skjedd. Når det ikkje er mogleg kjem sinnet fram i Helen. Robyn prøver på å forhandle seg fram til eit anna alternativ. Vi får ikkje vere vitne til depresjon i handlinga, men vi får det forklart i retrospekt med Robyn sine søvnlause netter. Og så kjem aksepteringa av det som har hendt vakkert og tydeleg fram til slutt. For å forstå kva eg meiner med dette, så må nok ei vitjing til eit av Innlandet sine teaterscener til!

Poenget er at teaterframsyninga tar opp ein tøff tematikk som båe er hjarteskjærande og bittersøt, samstundes som latteren sit laust hjå publikum. Og alt dette på ein måte som lar publikum tenkje og konkludere litt sjølv. Her får du ikkje svara servert på eit sølvfat, uansett om handlinga blir tydlegare dess lenger ut i framsyninga du kjem, men du får lov til å bryne deg på informasjonen du blir tildelt og kjenne på at du har gjort noko av jobben sjølv.

Riktig fokus

Eg likte godt at temaa i teaterstykket fekk skinne igjennom og tok all merksemd. Sidan scenerigg og kostyme, lys og lyd tok relativt lite plass fekk vi nøye oss (og kose oss) med handlinga og personane vi blei meir og meir kjende med. Det er lite som tar merksemd vekk frå handlinga, utanom nokre få brot med den fjerde veggen, som når Robyn seier at dei ikkje burde vere der, men at dei burde vore i innlandet. Det tør eg påstå at publikum tok imot med opne armar.

Det er noko med teaterframsyningar som klarer å leggje fram det humane på ein så relaterbar måte at publikum må le når dei gjenkjenner seg sjølv i situasjonane. Det gjer ikkje noko at situasjonen til Robyn og Helen er vanskeleg å fatte, båe på det emosjonelle og det realistiske plan, for replikkane mellom karakterane er ekte. Om Møt meg ved morgengry kjem til ei scene nær deg, tvil ikkje – gå og sjå!

(Publisert 28.02.2023)

Powered by Labrador CMS