ARKIV
«Trump gjer dei fleste av Shakespeares tyrannar til skamme»
James Shapiro om Shakespeare, rasisme, pestutbrot og Trump.
James Shapiro (f.1955) er professor ved Columbia-universitetet i New York. Han har mellom anna skrive dei to klassikarane 1599: A Year in the Life of William Shakespeare og 1606: William Shakespeare and the Year of Lear. Shapiro var konsulent ved ei oppsetjing av Julius Cæsar i Central Park i 2017. Dette vart ei av dei mest omdiskuterte teateroppsetjingane i nyare tid i USA. Rolla som Cæsar, statsleiaren som i stykket vert myrda tidleg i tredje akt, vart spela i moderne klær av ein skodespelar med gulrotfarga hår. Han både såg ut og snakka som den nyvalde amerikanske presidenten. Shapiros innsidar-skildring av denne på alle måtar dramatiske oppsetjinga utgjer rammeforteljinga i den rykande ferske boka Shakespeare in a Divided America.
Professor Shapiro, til lukke med den nye boka Shakespeare in a Divided America som kom ut i mars! Kvifor valde du den tittelen?
Titlar er viktige. Det var dei i høg grad for Shakespeare. Tenk berre på dei strålande titlane Measure for Measure, As You Like It og Much Ado About Nothing. Eg er aldri sikker på om det er verdt å skrive ei bok før eg landar på ein høveleg tittel. Men den amerikanske utgjevaren, Penguin Press, hadde innvendingar mot dette tittelvalet. (Når du publiserer kommersielt og forlaget er avhengig av å selje mange bøker, har dei også eit ord med i laget ved val av tittel.) Eg stod imot og tittelen vart ikkje endra, sjølv om eg gjekk med på å leggje til undertittelen «What His Plays Tell Us about Our Past and Future». Den britiske forleggjaren min, Faber, hadde ingen innvendingar mot tittelen og etterspurde ikkje undertittel. Eg er ikkje særleg begeistra for undertitlar. Dersom ei bok handlar om noko viktig, er det best å la det kome fram i tittelen.
I etterkant av dei heilt uføreseielege hendingane som kom til å prege dette halvåret, den globale pandemien og de anti-rasistiske demonstrasjonane etter 25. mai, høyrest tittelens «A Divided America» smerteleg relevant, nesten profetisk, ut.
For meg har uroa den siste tida vore ei bekrefting på at valet a1v tittel og emne var riktig: USA er grunnleggjande delt, og slik har det vore lenge. Da eg starta research-arbeidet i 2016 var det to skolar. For den eine var Donald Trump hovudproblemet, og nasjonen sjølv var langt mindre splitta enn ein frykta. Trump ville som valt president bevege seg mot sentrum, og nasjonen ville bli foreint igjen, og om ikkje bli heila, i det minste bli betre. Det andre synet, som eg delte, var at Trump var eit symptom på langt meir grunnleggjande splittingar og at hans oppheng i grensemurar, av å stigmatisere folk med farge og muslimar, og hans nærmast instinktstyrte vane med å fornærme kvinner med makt, alt dette resonerer med langt meir djuptgåande splittingar og angst enn det som kom til syne i valkampen.
I lys av dette, korleis har boka blitt mottatt så langt?
Det er aldri heilt lett å vite korleis ei bok blir mottatt. Særleg ikkje når ei bok blir lansert ved starten av ein global pandemi, i ei tid då det er vanskeleg å få tak i eit eksemplar, og då alle lanseringsoppdrag og møte med potensielle lesarar i USA, Storbritannia, Irland og andre stader, vart utsette eller kansellert. Dei siste urolegheitene knytt til Black Lives Matter-rørsla og kampen for sosial rettferd, skjedde etter publiseringa. Desse hendingane stiller viktige spørsmål både til meg og lesarane mine: Føregreip boka dette viktige engasjementet eller viste ho berre til det på ein lite adekvat måte? Meldingane av boka, bortsett då frå høgresidas media i USA, har vore utruleg sjenerøse. At boka vart vald som BBCs Book of the Week bidro også til at ho fekk brei dekning i Storbritannia. Men det kan også kome av at eg har fortreffelege forleggarar, og kanskje også fordi meldarane hadde likt dei tilegare bøkene mine. Den verkelege prøven er om boka stadig vil bli lese og stå seg om fem, ti eller femti år. Eg betraktar boka som ein alternativ USA-historie, og berre tida vil gi svar på om eit slikt alternativt narrativ etter kvart blir mainstream.
Pest før og no
Som mange andre las eg boka i heimekontoret i dei kritiske pandemi-dagane. Nyheitene frå pandemien og smittetiltaka, til dømes korleis kulturlivet vart utsett, minte meg på di skildring av pesten i London i boka 1606. Shakespeare and the Year of Lear, der du til dømes viser korleis teaterlivet var avhengig av talet på rapporterte døde. Eg forstår det slik at dei gjentekne pestutbrota representerte ei nærmast konstant bekymring for kulturlivet i London gjennom heile Shakespeares karriere. Korleis kjem dette til syne i Shakespeares dramatikk?
Nettopp på grunn av det kapitlet du nemner, brukte eg mykje tid dei første vekene av pandemi-utbrotet med radio- og fjernsynsintervju om pesten på Shakespeares tid. I den første og mest skremmande fasen av koronaens tid, var media på jakt etter å finne «feel good»-forteljingar. Dei trudde dei hadde funne ei slik forteljing i at Shakespeare skreiv King Lear under ein pandemi, og at vi kunne lære av det at vi måtte gjere vårt beste for å vere kreative i denne fryktelege tida. Men Shakespeare skreiv ikkje King Lear under ein pandemi, sjølv om pesten herja både før og etter han skreiv stykket, og teatera vart stengde rett etter uroppføringa. (Styresmaktene visste ikkje kva som forårsaka pestutbrota, men dei visste at social distancing gjorde ein forskjell og stengde derfor ned teaterlivet straks det var over tredve dødsfall kvar veke.)
Covid-19 har gjort at eg har vendt tilbake til Shakespeares liv og arbeid, for å undersøke nærmare korleis pesten forma karrieren hans og det han skreiv. Eg har oppdaga, og dette kan kanskje bli til ei ny bok, at pesten i siste halvdel av Shakespeares karriere, og då snakkar vi mellom anna om det store utbrotet i 1603 som tok livet av opptil ein av sju av innbyggarane i London, og som vendte tilbake årleg i mildare form, fram til 1610, ikkje påverka han i same grad som det mindre kjente (og berre litt mindre øydeleggjande) pestutbrotet som stengte teatra i London i nesten to år, frå 1592 til 1594. Den unge Shakespeare som skreiv før 1592, i stor grad i samarbeid med andre og overskugga av rivaliserande dramatikarar som ikkje overlevde nedstenginga som følgje av pesten, var ein heilt annan forfattar enn den stigande stjerna som dukka opp i 1594 og som skreiv det meste for eigen hand. Antony Hechts dikt «Tarantula, Or The Dance of Death» opnar desse orda «During the plague I came into my own». Mykje av det same kunne bli sagt om Shakespeare. Erfaringane frå pandemien som herjar no, har gjort både dei vala Shakespeare gjorde og korleis han lukkast midt oppe i dette, mykje meir levande for meg.
Det ville vere fint å vise til dei stadane i skodespela der Shakespeare skriv om pesten. Men bortsett frå nokre få allusjonar, mest tydeleg i Romeo og Julie (der ei viktig melding ikkje når Romeo på grunn av karantene), unngikk Shakespeare og hans dramatikar-kollegaer dette emnet. Eg tenker meg at det var det siste det talrike teaterpublikumet i overfylte spelesalar, ønska å bli påminna om då dei elisabetanske teaterhusa opna igjen. Det førte sjølvsagt til at dei få allusjonane fekk endå større vekt, slik som når kong Lear kallar dottera Goneril for «a plague sore». (Eit «pestarr» som Edvard Hoem har omsett det, journ.amn.)
Teaterlivets reaksjon
Korleis reagerte teaterlivet i USA på pandemien og nedstenginga av samfunnet. Såg du eksempel på kreative tiltak i møte med denne krisa? Har du sjølv nokre råd for framtidige Shakespeare-framsyningar i (forhåpentleg) post-pandemi-tider?
Nedstenginga av teatra I USA og særleg i New York City, der eg lever og arbeider, var frykteleg. Eg lanserte boka mi tidleg i mars på the Public Theater. Så seint som det trudde ingen at nedstenginga skulle skje så raskt. I dei månadane som følgde fekk ikkje teatra høve til å reagere på pandemien, sjølv om eg ikkje kan førestille meg ein kulturinstitusjon som er betre egna, og også meir ivrig, til å gjere akkurat det. Sist vinter hadde eg begynt arbeidet som konsulent for ein oppsetjing av Shakespeares djupt politiske stykke Richard II, regissert av Saheem Ali, som var meint å ha premiere på Delacorte Theater i Central Park i New York no i mai. Korona-viruset sette ein stoppar for teaterproduksjonen. Det vil seie, heilt til ein public radio-stasjon i New York greip inn og den planlagde sceneversjonen vart transformert til ein radioproduksjon, som skal bli sendt over fire samanhengande kveldar i juli.
Det var spennande å arbeide med skodespelarar igjen, sjølv om det skjedde via Zoom. Vi kunne jo ikkje møtest og mange av skodespelarane var spreidd rundt om i verda og sat i karantene i alt frå Los Angeles til Melbourne. Det stjernespekka laget av skodespelarar, var i stor grad «people of color» og dei insisterte på at produksjonen skulle bli dedisert til Black Lives Matter.
Det var ei oppleving utanom det vanlege å sjå korleis dei oppdaga samanhengar til samtidas hendingar gjennom linsene til eit fire hundre år gamalt teaterstykke. Eg håper at vi kan lære av dette. Det vil vere nyttig for framtidige alternative oppsetjingar og bidra til at Shakespeare kan bli opplevd som viktig og samtidig. Særleg dersom det skulle vise seg at vaksine ikkje blir gjort tilgjengeleg før om eit år eller to. Eg må kanskje leggje til at pestutbrota på Shakespeares tid førte til at mange små og sårbare teaterkompani bukka under. Heldigvis gjorde ikkje Shakespeares kompani det. Han var så heldig at han mottok pengar direkte frå kongemakta. Men eg er redd for at mange unge kompani i våre dagar ikkje vil ha resursar til å overleve. Og dette i ei tid då vi treng mangfaldig og cutting-edge-teater meir enn nokon gong før. Eg tviler på at Trump-administrasjonen har noko ønske om å hjelpe dei ut av denne krisa.
Amerikas arvesynd
Drapet på George Floyd 25. mai førte til store anti-rasistiske markeringar over heile landet mens presidenten kravde lov og orden. Boka di handlar om forteljingar om det amerikanar kallar «rase» i USAs historie. Ho startar med den sjette presidenten John Quincy Adams som var motstandar av slaveriet, men som var djupt uroa av Desdemona som stikk i strid med naturen og god moral forelska seg i ein svart mann. I 1865 vart den sekstande presidenten, Abraham Lincoln, drepen av ein Shakespeare-skodespelar i teateret rett etter avslutninga av borgarkrigen. Rammeforteljinga i boka handlar om ei oppsetjing du følgde tett frå innsida, nemleg av Julius Cæsar i Central Park. Kva var det som skjedde med denne oppsetjinga og kva var konsekvensane for kulturlivet og det politiske klimaet i landet?
Boka mi fokuserer på åtte definerande augeblikk i amerikansk historie som blir opplyst av Shakespeare. Det er tydelege samanhengar mellom dei, kanskje særleg når det gjeld USAs opphavs- og arvesynd, nemleg slaveriet. Dei tre eksempla du viser til, viser dette på forskjellig vis. John Quincy Adams var det vi vil kalle ein heiderleg liberal politikar som av sine motstandarar vart oppfatta som den mest innbitte motstandar av slaveriet i sør-statane. Men samtidig som han meinte at slavar skulle bli fri, ville han ikkje at dei skulle ha fridom til å gifte seg med kvite. Han kunne ikkje fordra tanken på at ei kvit kvinne kunne forelske seg og ligge med ein svart mann. Dette sa han ikkje direkte, men då han skreiv om Shakespeares Othello, konkluderte han med at Desdemona som til slutt blir kvalt av Othello, fekk som fortent.
John Wilkes Booth, Shakespeare-skodespelaren som drepte Abraham Lincoln, var ein kvit «supremacist», som erklærte at USA «was formed for the white, not for the black man.» Dei rasistiske synspunkta hans var ei drivande kraft bak ønsket om å ta livet av Lincoln.
Rammeforteljinga i boka, om oppsetjinga av Julius Caesar på Delacorte-teatret i Central Park sommaren 2017, er også prega av rase-spørsmålet. Regissøren, Oskar Eustis, valde å gjere ei oppsetjing i moderne drakt og casta ein Donald Trump-look-alike i rolla som Julius Cæsar. Eustis var opptatt av å utfordre det i stor grad liberale New York-publikummet ved å invitere tilskodarane til å reflektere over kostnaden ved å redde demokratiet gjennom udemokratiske middel. Eg var konsulent på denne sterke førestillinga. Eg skal ikkje gå i detaljar her. Poenget i denne samanhengen er det som skjedde etter at ein publikummar ulovleg filma mordet på Cæsar. Før det var det berre var ei handfull klagar på førestillinga. Plutseleg gjekk eit foto av den Trump-liknande Cæsar som blir angripe, viralt. På bildet ser det ut som om ei gruppe svarte (dei kvite konspiratorane er utafor ramma) knivstikk Trump til døde. For kvite suprematistar representerte dette det verst tenkelege marerittet. Høgresida synst det var uakseptabelt. I løpet av dei første to dagane storma høgre-orienterte protestantar scena, sponsorar vart overtalt til å trekke den økonomiske støtta og både skodespelarane og regissøren mottok dødstruslar. To år før hadde eit anna New York-kompani satt opp Julius Caesar med ein Obama-look-alike. Då var det ingen som protesterte. Desse tre eksempla viser kor giftig spørsmål som dreier seg om rase stadig er. Dei peikar også på korleis Shakespeare kan bringe dei til overflata der dei kan bli identifisert og konfrontert.
Du skildrar Donald Trump som den første amerikanske presidenten som verken har særleg interesse av eller kunnskap om Shakespeare. I den produksjonen du nemnde vart Trump framstilt i rolla som den store romerske strategen og lærde politikaren. Din kollega Stephen Greenblatt viser i boka Tyrant korleis Shakespeare teiknar avslørande portrett av ei heil rekke ulike politikarar i dei ulike skodespela. Når du no er i stand til å studere Trump som politikar og retorikar på nært hald, kven av alle desse shakespearske leiar-typane vil du seie at Trump som persona liknar mest?
Då Stephen Greenblatts Tyrant utkom, rett etter at Trump var vald, lurte eg på om Greenblatt hadde gått for langt i å identifisere Trump med dei mange tyrannane i Shakespeares skodespel. Eg visste at Greenblatt var ein kløktig kritikar, men eg visste ikkje kor profetisk han var. Tre år seinare innser eg at all mi tvil var grunnlaus. Trumps vondsinna handlingar og mål gjer, om noko, dei fleste av Shakespeares tyrannar til skamme. Eg reknar no boka Tyrant som dei første, siste og beste orda om emnet. Eg vil berre leggje til at Shakespeare i stykke etter stykke set alle sine leiar-figurar under intenst press, for så å auke dette presset. Nesten alle leiarane hos Shakespeare går til grunne fordi det som hjalp dei til å oppnå og sikre makta viser seg å vere til ingen nytte når dei blir konfrontert med nye og uføreseielege trusselbilde. Det såg lenge ut til at Trump ville trosse denne regelen, heilt til dei kombinerte og uventa kreftene til ein pandemi, ei rørsle som kravde sosial rettferd og massiv arbeidsløyse overvelda han. Akkurat no, mens eg svarer på dette, synk han som ein stein på meiningsmålingane og framstår no, til og med etter sin eigen standard, endå meir rasande og tilbøyeleg til å opptre på ein tyrannisk måte.
Håp?
Finst det noko håp i denne situasjonen?
Eg har til no i dette intervjuet i stor grad fokusert på politikk og presidentar. Men ein av dei tinga eg i det stille har prøvd å vise i denne boka er at de politiske spørsmåla som igjen og igjen held fram med å ri USA som ei mare, uløyseleg er knytt til konfliktar om biologisk og sosialt kjønn, rasisme, inkludering, innvandring, likekjønna kjærleik, skilsmisse, og kvinners rolle i arbeidslivet. Det mest slåande eksempelet på dette er kanskje ei oppsetjing av Othello ved og for soldatar i forkant av hærens blodige invasjon i Mexico i 1845, ein krig som vart drive fram av USAs tru på sin «Manifest Destiny», ei hyper-maskulin og aggressiv rørsle som forvandla republikken til ei stormakt. Offiserane som skulle framføre Shakespeares tragedie hadde problem med å finne nokon som kunne spele Desdemona. Dei valde ein ung løytnant ved namn Ulysses S. Grant, som vart skildra som ein person med ungpikeaktig utsjånad og som ifølge ein med-offiser, såg godt ut i kjole. Det viste seg etter kvart at soldaten som skulle spele Othello ikkje kunne mønstre nok kjensler for å spele mot Grant, og han vart erstatta av ei profesjonell skodespelarinne. Men ved desse tidlege øvingane kom den framtidige helten frå borgarkrigen som markerte slutten på slaveriet, og den framtidige attande presidenten i USA, til å sjå verda gjennom augo (og i kjolen) til ei kvit kvinne som elska ein svart mann. Det bildet gir meg håp for framtida for landet mitt.
(Intervjuet fann stad 21. juli 2020.)
Billedtekster:
1
Shakespeare-forsker og forfatter James Shapiro.
2
Fra oppsetningen av Shakespeares Julius Caesar, regi: Oskar Eustis. Public Theatre, Central Park 2017. Foto: Public Theatre
3
Tegning av John Wilkes Booths mord på Abraham Lincoln, på Ford’s Theatre i Washington DC, 1865. Akkreditering: Everett Collection/ historical/alamy
4
John Wilkes Booth (t.v.), Edwin Thomas Booth og Junius Brutus Booth i Julius Caesar, 1864, ett år før John Wilkes Booth myrdet Abraham Lincoln. Ill. Fra boka