Kunstretorikaren ep. 2

I 2. episode av Kunstretorikaren snakkar Jonas Øren med dramatikar (ny husdramatikar ved Nationaltheatret for å vere presis) og forfattar Camara Lundestad Joof om kunst og aktivisme. Her drøftast mellom anna motivasjonen og drivkreftene som ligg i politiske bodskapar i kunstproduksjon, strategisk språkbruk, definisjonsmakt, og debatten om KHiO. Podcasten Kunstretorikaren er samtalar mellom Jonas Øren og ulike kunstnarar, kunstformidlarar og fagpersonar. Her undersøkast språket som er med på å definere kunsten og dei menneska som jobbar med kunst – i scenerommet, men også i media og i samfunnet. Podcasten er støtta av Fritt Ord.
Publisert på: 
lør, 01/23/2021 - 15:11