Zahid Ali, Shabana Rehman og Are Søberg i«Sløserikommisjonen Seksjon 1 – Vestland». BITteatergarasjen 2021. Foto: Thor Brødreskift

Ansvarsfråskrivande show

«Sløserikommisjonen Seksjon 1 – Vestland» sitt potensial som eit dialogopnande prosjekt druknar frå start i sin eigen vilje til å sole seg i glansen av respektlause handlingar.

Lystig tysk mellomkrigsmusikk lyder frå skjermen 15 minuttar før start, Mein Berlin trallar av garde. Eg skal sjå digitalt del 1 av den sjølvoppnemnde

Sløserikommisjonen Seksjon 1 – Vestland

Traavik.info

Livestream 14. mai 2021

BIT Teatergarasjen

«mest kontroversielle førestillinga so langt i år», Sløserikommisjonen. Komikarar Zahid Ali og Shabana Rehman er programleiararar for kvelden, kledde i SS-uniformliknande kostymer, med Kulturrådet sin logo på. Ein god gamal «subversjon gjennom affirmasjon». Men i ordet undergraving ligg det at ein sparkar oppover, mot ei reell makt som til dømes stalinisme eller neoliberalisme. Her sparkast det vilt i alle retningar og ekstra hardt mot danse- og performancekunstnarar, ved at den tidlegare anonyme Sløseriombudsmannen, Are Søberg er ein av hovudaktørane for kvelden, inspirasjonskjelde og spin off. Det er riktig at showet har vore mykje omdiskutert på førehand i kjølvatnet av debatten kring ytringsfridom, hets og trakassering av kunstnarar. Men den hektiske sjølvpromoteringa til prosjektet, har vore vel so provoserande som prosjektet sjølv.

Å sove på vakt

På scena ligg det pengesekkar, også dei med Kulturrådet sin logo, den finansielle motoren for det heile. Lenger fram på scena er det plassert ei seng der det ligg ein person under ei dyne (som to timar seinare viser seg å vere Jeppe på Bjerget) og søv. Kulturrådet og fleire andre institusjonar med dei innrømma på møtet 8. april at dei hadde «sove på vakt» og metaforen om å «vakne» blir hyppig brukt i debatten. I løpet av den to og ein halv timars lange førestillinga opptrer ei rekkje gjester, mange av dei har sjølv stått i kontroversar. Julian Blaue, som har ei historie med høner, held eit føredrag om ekte og falske pengar. Jan Ove Tuv, Nerdrum-elev, argumenterer for å legge ned Kulturrådet og kritiserer som forventa det moderne kunstomgrepet. Cornelius Jakhelln dukkar opp frå Berlin og det blir relevant å tenkje på bruken av  sterk hat-og hevnretorikk i kunstprosjektet der han går under namnet Sturmgeist[1]. Programleiar Shabana Rehman har sjølv motteke store summar frå staten, i Født fri-saken kom det fram at midlane faktisk var sløst vekk og at det var rota kraftig med økonomien. Men på lista finner me òg Rødt-politikar Mìmìr Kristjànsson som leverer ein Kamerater-tordentale som haustar den største applausen i løpet av kvelden. Kunstnar Kurt Johannessen framfører ein stillferdig og underfundig performance som også står i kontrast til resten. Ronald Kvernmo, same og sjaman, har ei sentral rolle. Han rensar rommet, gjennomfører ritual og fortel om si oppleving av å ha blitt hengt ut av Sløseriombudsmannen – for ein månadslønn til millionær Are Søberg kunne han ha arrangert ein heil festival.

Retten til å ikkje vere med på leken

Men når dei kunstnarane som har avslått invitasjonen om å vere med på førestillinga, likevel kjem fram ved namn og referansar til deira verk, det er då det blir verkeleg problematisk. Dagen før førestillinga sendte traavik.info ut eit nyheitsbrev der film frå mellom anna Mia Habib sine verk blir brukt til å promotere for førestillinga. Ho har eksplisitt uttrykka at ho ikkje ynskja at noko materiale frå hennar produksjonar skal brukast til noko som har med dette prosjektet å gjere. Dette ynsket ignorerte kompaniet blankt, både i promotering og i sjølve førestillinga. Mia Habib, Henriette Pedersen, Mårten Spångberg, Mette Edvardsen og fleire med dei blir hengt ut i løpet av kvelden. «Førestillingsjurist» og advokat Morten Grønvik forklarar kvifor dette er innanfor loven, det har med sitering å gjere. «Er du med på leken, må du smake steken», legger han til. Tåle steken, heiter det vel. Men dei fleste har vel sagt klart i frå om at denne leiken vil dei ikkje vere med på. 

Kropp

Me må snakke om kropp. I uthengingane har det gått hardast utover dans og performance, der det kroppslege står i fokus. Det har med ei slags avsky for det kroppslege å gjere, som igjen har samband med eit kartesiansk syn på kroppen, der den er noko som må underordnast intellektet, eller heilt enkelt «sunn fornuft». I pandemien har kroppen for mange blitt endå meir framandgjort, han er lunefull og vender seg mot oss. Panikken utløyst av frykta for systemsvikt viste seg i byrjinga mellom anna med ei fullstendig villfarande hamstring av dopapir, ein slags regresjon til den anale fasen. Også dei mest populære uthengingane dreier seg om rumper og avføring. Det er som om redsla for å misse kontroll over det kroppslege får sitt høgdepunkt der. I seinmiddelalderen, då byane vaks seg større, vart avføring eit logistisk problem, ekskrement flaut i gatene. Det var på denne tida at Descartes sitt syn på kroppen vann over andre, der kroppen måtte beherskast, i ei kapitalistisk verd, inn i ein sosial alkymi der kroppen måtte døy slik at arbeidskrafta kunne leve[2]. Det ein i verkelegheita bør frykte, er ikkje rumper, men gamle narrativ som bidrar til treighet i samfunnet ved ein stadig reinkarnasjon av gamle maktstrukturar. 

Alt hva fedrene har kjempet

Me må òg snakke om kvinna. I førestillinga undrast det over kvifor i all verda alle dei kvinnelege kunstnarane har takka nei til å vere med på denne førestillinga. På scena er det berre ei kvinne i kveld, resten er stort sett kvite menn. Det spekulerast i at grunnen kan vere at kvinner ikkje oppsøkjer risiko som menn. Menn derimot, er tiltrukne av risiko, forklarar psykolog Espen Skorstad. Historisk sett er det menn som dør, menn går i krig, dei klatrar opp på fjelltoppar, legg han til. Det er ein slags «alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett»-biologisk retorikk. Men kvinna har historisk settikkje vore spart for nokon form for risiko. Ein må ikkje gløyme at ein av dei største forfylgingane, har vore retta mot kvinner – heksejakten (i dag blir ordet «heksejakt» brukt i ytre høgre-retorikk for å sette seg sjølv i ei offerrolle ovanfor sine motstandarar, som til dømes hos Sylvi Listhaug). I vår tid blir eit høgt antal kvinner myrda kvart år, og enno fleire kjenner seg ikkje trygge og er i høg risiko kvar dag. I lys av dette blir spekulasjonane som føregår på scena usmakelege og vitnar om lite forståing for den komplekse posisjonen til kvinna i samfunnet.

Sementering av tankegods

Programleiarane uttalar fleire gonger i løpet av førestillinga at ingen heilt veit kva som skal skje i kveld. Men dette er mindre spontant enn ein vil ha det til. Det har gjennom kommentarfelt på scenekunst.no til dømes i det siste kome fram at Morten Traavik har skrive eit av debattinnlegga til Are Søberg.[3] Å skape rabalder har fyrsteprioritet, so kjem det at alle skal kome til orde, til sist kjem lyttinga. Kven skal ta seg av lyttinga? Eg oppfattar det som at målet her ikkje er å lytte, men å ytre og promotere. Nokon god fasilitering av dialog kan det då ikkje vere snakk om.

            I løpet av kvelden blir det lansert ein «Søknadsgenerator», der kven som helst kan legge inn nykkelinformasjon for ein førestilling, for så å få tilsendt ein ferdigskriven søknad i Kulturrådet sin smak. Det blir òg lansert noko dei kallar «Skammekroken», der ein kan laste opp og henge ut hets. Eg tenkjer tilbake på dialogmøtet: Ein av panelsamtalane var moderert av rådsmedlem Luba Kozovnikova (sjølv produsent for Sløserikommisjonen), ei moderatorrolle som mange opplevde at ho brukte til å fremje sin eigen agenda i staden for å fasilitere ein god dialog. Det oppsto forvirring då ho insisterte på spørsmålet om det ikkje skulle kunne vere ein idé å henge ut dei som hang ut ein sjølv i sosiale media – det at ein no ser dette som reiskap på traavik.info, er avslørande for hennar agenda den gongen. 

Ansvarsfråskriving. 

Om Are Søberg har forstått noko, so er det korleis ein algoritme fungerer. Det at han har forstått og utnytter dette til det fulle, og samtidig fråskriver seg ansvar for effektane det får, er uforståeleg. Han setter i fyr, nokon andre får slokke. Han uttaler under kvelden at han «ønsker alle alt godt». Men å ha gode intensjonar er ikkje synonymt med å faktisk utrette noko godt. Han føreslår at kunstnarar kan gi slepp på statsstøtta og slik løyse problemet med hets. Veit han at ein frilans dansekunstnar også betalar skatt? Skatt som går med på å betale for det som er med på å stort sett få eit samfunn til å fungere: barnehage, helse, skular, vegar, regjeringskvartal og så vidare. Ein kan og bør kritisere disponeringa av skattepengar, men til det har ein politikken, ikkje mobbinga. 

            Tilbake til kapitalismen. Det å ta noko ut av kontekst, som Sløseriombudsmannen og Sløserikommisjonen Seksjon 1 – Vestland gjer med siteringar frå kunstnarar som ikkje samtykker, er ei handling som ikkje berre blir med det åleine – ein må også sette det inn i ein ny kontekst. Den konteksten har med kapital å gjere, summar. Då opererer ein med heilt andre parameter for bedømming enn det kunsten treng (uansett om kunst og kapitalisme også er vevd saman på sin måte). Under kvelden blir det sett tal på det meste. Tildelte midlar, men òg antal fylgjarar, delingar. Det å kvantifisere opp og ned på denne måten minnar om «big data», som me veit kan gi eit forkvakla sanningsbilete.

Irreversible narrativ

«Mein Berlin» trallar framleis i hovudet på meg. Dette eg ser i kveld er i alle fall langt i frå mitt Berlin. Når eg flytta hit, vart eg overraska over reaksjonane eg fekk då eg fortalte folk (også utanfor miljøet) at eg er dansekunstnar. I staden for responsen – «vent no litt, dansekunstnar, seier du? Kva for dans, ballett?», fekk eg høyre: «Eg elskar dans!». Folk visste kva yrket mitt innebar her, sto faktisk i kø for å få tak i billettar til dei kjende namna innan samtidsdans. Det skal seiast at dette gjeld Berlin. For som tyskarane sjølv seier: Berlin er ikkje Tyskland. 

Sidan mange aldri har vore borti samtidsdans og performance, er dei narrativa som blir skapa av Are Søberg farlege og kanskje så ille som irreversible. Videosnuttane er mange sitt fyste møte med denne kunstforma. Til å motverke dette narrativet spelar media ein viktig rolle, noko som har komen fram i fleire ytringar i etterkant av møtet.[4]

For to år sidan publiserte eg ei ytring på Norsk Shakespearetidsskrift om hets og ytringsfridom.[5] Eg trudde den gong, naivt, at ytringsklimaet ikkje kunne bli stort verre enn det var då. Sløserikommisjonen som førestilling kunne ha bidrege til å fasilitere ulike meiningar. Men prosjektet druknar i sin eigen vilje til å sole seg i glansen av respektlause handlingar. Etter mitt syn må eit kunstprosjekt som dette kome med noko meir enn viljen til rabalder. Det kunne det jo godt hende dei kunne fått til, men etter det eg har sett hittil er eg langt ifrå overtydd. Om det er pioneren som figur som er førebiletet, den som blir bua av publikum og går mot straumen, so har dei fleste pionerar opp gjennom tidene kome med noko meir enn å berre skape konflikt. Dei har kome med visjonar til andre mogligheiter. (Publisert 15.05.2021).